Hunndalen




Hunndalen sentrum.
Foto: Øyvind Holmstad





Fabrikklokala til O. Mustad & Søn er gjort om til næringshage og husar ei rekkje ulike verksemder.
Foto: Øyvind Holmstad



Hunndalen er eit nærings- og bustadområde i Gjøvik kommune i Oppland fylke. Området blir i dag rekna som ein av Gjøviks bydelar og ligg om lag tre kilometer vest for Gjøvik bysentrum.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Kyrkje


  • 3 Skole, barnehage og fritid


  • 4 Kjente personar frå Hunndalen




Historie |


Hunndalen som industristad er eit av dei eldste i Oppland. Sjølve nerven i Hunndalen var den gong Toten Cellulosefabrikk (nedlagt 1981). Verksemda O. Mustad & Søn AS (produsent av fiskekrokar og jernvareutstyr) er framleis aktiv i området etter ei rekke nedbemanningar. Mustads gamle industriområde har dei siste åra blitt revitalisert med ei rekke nye foretak - og framstår i dag som Mustad Næringspark som ligg på grensa mellom Hunndalen bydel og Gjøvik sentrum. Den gamle og pittoreske mursteinsbusetnaden langs Hunnselva huser pr. 2008 ei rekke nye foretak, som for eksempel Telenor kundeservice, TESS, og diverse lokaleentrepenørar.



Kyrkje |


Hunn kyrkjelyd omfattar Hunndalen og store delar av Nordbyen. Kyrkjebygget, nye Hunn kyrkje, ligg på grensa mellom dei to bydelane.



Skole, barnehage og fritid |


I bydelen ligg det to skoler, Blomhaug barneskole med nesten 400 elevar og Vardal ungdomsskole. Hunndalen har òg ei rekke barnehagar, mellom dei Huskestua, Marka og Misjonshuset.


Fritidsklubben "Møteplassen" som er open på onsdagar er populær mellom dei unge i bydelen.
Det er òg ein ballbinge på Vardal idrettsplass, nokre fotballbanar og ein leikeplass som ligg langs Hunnselva.



Kjente personar frå Hunndalen |


  • Ole Evinrude


  • Ingvild Flugstad Østberg, langrennsløpar


  • Jan Erik Larssen, programleiar i Broom, tidlegare i Autofil


  • Viggo Sandvik, tidlegare vokalist i Vazelina Bilopphøggers


Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command