José Raúl Capablanca













José Raúl Capablanca

Capablanca Chess Fever SU 1926.jpg

StatsborgarskapSpania, Cuba
Fødd
6. november 1888
Havanna
Død

8. mars 1942
New York by


Idrett
sjakk
Yrke
sjakkspelar, faglitterær forfattar, diplomat


Capablanca til venstre mot Lasker til høgre, Moskva 1925


José Raúl Capablanca y Graupera (19. november 1888–8. mars 1942) var ein kubansk sjakkspelar. Han var den tredje verdsmeisteren i sjakk, frå 1921 til 1927.


Capablanca vart verdsmeister ved å vinne tvikampen om VM-tittelen mot den førre verdsmeisteren Emanuel Lasker i 1921. Lasker meinte i 1920 at Capablanca var blitt alt for sterk for han, og gav opp VM-tittelen til fordel for Capablanca. Capablanca ville gjerne spele VM-kamp, og det gjekk Lasker med på, men insisterte på at Capablanca var verdsmeister og at han var utfordrar. Verdsmeisterskapen vart spela i Havana på Cuba, og etter 14 parti gav Lasker opp kampen. Då leia Capablanca med 4 sigrar og 10 remisar, ingen tap. Det skulle gå 79 år før nokon annan vann VM utan tap, til Vladimir Kramnik slo Garri Kasparov i London i 2000, med +2, =13, ingen tap.


Capablanca var svært vanskeleg å slå, og det var dermed ei stor overrasking at Alexandre Alekhine vann tvikampen om VM-tittelen i Buenos Aires i 1927. Kampen skulle gå til førstemann til 6 vinstar, og etter 34 parti vann Alekhine sitt 6. parti, då hadde Capablanca vunne 3 parti, 25 parti vart remis.


Capablanca forsøkte gjentatte gongar å få spele omkamp om VM-tittelen, men forhandlingane med Alekhine førte aldri til noko resultat.


Capablanca var eit sjakk-vidunderbarn, og slo mellom anna den cubanske meisteren i ein tvikamp berre 13 år gamal i desember 1901.


Capablanca døydde i 1943 i New York.



Bakgrunnsstoff |


  • Capablanca sine parti hos chessgames.com

  • 50 kritiske stillinger fra Capablancas partier


Popular posts from this blog

Proving the learnability of XOR function by a particular neural networkhow to find the input for this...

Magento2: How to add a new product type

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command