Wittenberg



























Wittenberg

Marknadsplassen med det gamle rådhuset, statue av Martin Luther og Stadtkirche
Marknadsplassen med det gamle rådhuset, statue av Martin Luther og Stadtkirche

Byvåpen

Plassering

Byvåpenet til Wittenberg




Wittenberg is located in Tyskland









Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis

Tyskland Tyskland
Sachsen-Anhalt
Sachsen
Wittenberg
Ordførar
Eckhard Naumann (SPD)
Geografi
Flatevidd
 - By


240.32 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik


46930
  195/km²
Koordinatar

51°52′″N 12°39′″EKoordinatar: 51°52′″N 12°39′″E
Høgd over havet
75 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer
06886, 06888, 06889
Telefon-retningsnummer
03491, 034920, 034928, 034929
Bilnummer
WB, GHC, JE

Heimeside: www.wittenberg.de

Lutherstadt Wittenberg, er ein by i den tyske delstaten Sachsen-Anhalt, liggjande ved Elben. Wittenberg har ei rekkje bygningar frå 1400- og 1500-talet. Byen vart éit av dei viktigaste sentera for tysk politikk, kunst og kultur på 1500-talet. Reformasjonen starta her i 1517 då Martin Luther slo opp dei 95 tesane sine på døra til slottskyrkja. Martin Luther, Philipp Melanchthon og Lucas Cranach den eldre arbeidde her og Luther, Melanchton og Fredrik den vise er gravlagt i byen. Husa til Luther og Melanchton, bykyrkja og slottskyrkja er frå 1996 oppført på UNESCO si liste over kulturarv i verda som minnesmerke over Luther. Wittenberg var hovudstad i den saksiske Kurkreisen og residens for hertugane, seinare kurfyrstane av Sachsen-Wittenberg. Seinare vart byen òg sentrum for kjemisk industri og eit viktig jernbaneknutepunkt på strekningane Berlin-Leipzig og Magdeburg-Dresden.




Innhaldsliste





  • 1 Historie

    • 1.1 Viktige årstal og datoar



  • 2 Kultur og attraksjonar


  • 3 Venskapsbyar


  • 4 Bakgrunnsstoff




Historie |




Statue av Luther på Marktplatz, rådhuset i bakgrunnen


Den eldste skriftlege dokumentasjonen der Wittenberg nemnt er frå omkring 1180; byen skal ha vorte grunnlagd av flamske kolonistar ved sida av ei borg.



Viktige årstal og datoar |



  • 1293 Hertug Albrecht II av Sachsen-Wittenberg tildeler Wittenberg byrettar.


  • 1486 - 1525 Fredrik den vise residerer i Wittenberg, byen vert mektigare


  • 1502 Universitetet Leucorea grunnleggjast


  • 1508 Martin Luther kjem til Wittenberg, og blir her teologiprofessor


  • 31. oktober 1517 Martin Luther slår opp sine 95 tesar mot avlatshandelen på kyrkjedøra til slottskyrkja, noko som markerer byrjinga på reformasjonen i Tyskland.


  • 1518 Melanchthon blir professor (Praeceptor Germaniae)


  • 1537 Renessansemaleren Lucas Cranach den eldre blir Wittenbergs borgarmeister.


  • 1815 Wittenberg blir prøyssisk


  • 1938 Wittenberg får offisielt tildelt tilnamnet Lutherstadt.


Kultur og attraksjonar |




Slottskyrkja




Del av Lutherhaus i Wittenberg


Slottskyrkja vart bygd mellom 1490 og 1509, og det indre utsmykkinga er utført av Lucas Cranach den eldre og Albrecht Dürer. Etter at Martin Luther hadde slått opp tesane sine her, varte det inntil 1524 før det vart halde evangeliske gudstenester. Under sjuårskrigen vart slottskyrkja øydelagt og deretter gjenoppbygd.


Andre attraksjonar er kyrkja, marknadsplassen, Melanchthonhaus, Cranachuset, Hundertwasserskolen og Lutherhuset.



Venskapsbyar |



  • Göttingen (Niedersachsen) sidan 1988


  • Bretten (Baden-Württemberg) sidan 1990


  • Springfield (Ohio) USA sidan 1995


  • Békéscsaba (Ungarn) sidan 1999


  • Haderslev (Danmark) sidan 2004


Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell heimeside til Lutherstadt Wittenberg

  • Stiftelsen Lutherstiftelsen i Sachsen-Anhalt


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?