Matterhorn


Koordinatar: 45°58′35″N 7°39′30″E



















Matterhorn

it. Monte Cervino
fr.: Mont Cervin eller Le Cervin

fjell

3818 - Riffelberg - Matterhorn viewed from Gornergratbahn.JPG

Matterhorn sett frå Zermatt

Land

Flag of Italy.svg Italia, Flag of Switzerland.svg Sveits

Fjellkjede

Wallis-Alpane

Høgd
4 478 moh.

Primærfaktor
1 040 m ↓  Col Durand
mot Weisshorn


Sekundærfaktor
13,7 km → Liskamm-Westgipfel
Koordinatar

45°58′35″N 7°39′30″E


Lettast tilkomst
Hörnliryggen (AD, fjellklatring)
Førstestiging

Edward Whymper
 - dato
14. juli 1865




Plasseringa i Sveits

Locator Red.svg


Plasseringa i Sveits



Wikimedia Commons: Matterhorn

Matterhorn (fr.: Mont Cervin eller Le Cervin, it.: Monte Cervino) er eit av dei best kjente fjella i Alpane. Fjellet ligg på grensa mellom Sveits og Italia og er 4 478 m.o.h. Pyramideforma er svært karakteristisk og har mellom anna vore inspirasjon for Toblerone-sjokoladen.


Fjellet kan sjåast godt frå den sveitsiske tettstaden Zermatt i Valais og den italienske tettstaden Breuil-Cervinia i Val Tournanche.


Matterhorn har fire sider, som kvar vender mot kvar sin himmelretning. Nordsida vender mot Zmuttdalen, sørsida mot Breuil-Cervinia, austsida mot Gornergrat og vestsida mot Dent d'Hérens. Sidene er bratte og berre små område med snø og is dekkjer dei. Det går ofte snøras slik at det samlar seg snø på isbreane ved foten av fjellet. Hörnliryggen frå nordaust er den vanlegaste ruta til toppen. Nordsida av Matterhorn vert rekna som ein av Dei seks store nordsidene i Alpane.



Klatring |


Matterhorn var av dei siste store fjellet i Alpane som fjellklatrarar nådde toppen av. Fjellet var ikkje teknisk vanskelegare enn andre fjell, men skapte ei frykt hos dei tidlege fjellklatrarane. Den første seriøse forsøket vart gjort rundt 1857, hovudsakleg frå den italienske sida, men sjølv om det ikkje ser sånn ut er sørsida vanskelegare og klatrelaga måtte gje opp fleire forsøk.


Først i 14. juli 1865 klarte Edward Whymper, Charles Hudson, Francis Douglas og Robert Hadow, saman med Michel Croz og to stykk Peter Taugwalder (far og son med same namn) å nå toppen. Dei gjekk langs Hörnliryggen og oppdaga at dette var lettare enn dei trudde på førehand. På veg ned døydde glei Hadow, slo Croz overende og drog Hudson og Douglas med seg. Tauet som hang fast i dei tre andre slitna og dei fire fall ned på Matterhornbreen 1 400 meter under dei og omkom. Likene til alle bortsett frå Douglas vart funne og gravlagd på kyrkjegarden i Zermatt. Klatreturen vert rekna som den siste i den såkalla gullalderen i britisk/europeisk fjellklatring.




Matterhorn (frå nær Gornergrat)


Tre dagar seinare, 17. juli nådde eit lag leia av Jean-Antoine Carrel toppen frå den italienske sida. I 1871 vart Lucy Walker den første kvinna på toppen av fjellet, eit par veker før rivalen hennar Meta Brevoort.


I dag er alle ryggane og sidene av Matterhorn klatra i alle årstider. Kvar sommar tar fjellguidar med seg mange klatrarar til toppen av fjellet via Hörnliryggen. Ut frå vanleg standard er klatringa relativt vanskeleg (med klatregraden AD). På grunn av personlege feil, fallande steinar og overfolka ruter døyr fleire klatrarar kvart år. Den vanlegaste ruta er å ta taubanen Schwarzsee opp frå Zermatt, gå til Hörnli-hytta (3 260 moh) og overnatte her. Neste dag står klatrarane opp seint på natta for å nå toppen før dei vanlege ettermiddagsbyene (ofte med torevêr) kjem inn.





Matterhorn sett frå dei fire hovudretningane:






Nord





Vest





Sør





Aust





Sjå òg |



  • Dufourspitze, det høgste fjellet i Sveits


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Matterhorn


  • Virtuell klatring av Hörnliryggen med panoramabilete

  • Matterhorn på alpinist.com

  • Webkamera frå Matterhorn

  • Matterhorn på Summitpost

  • Matterhorn på PeakWare

  • Matterhorn på 4000er.de

  • Walt Disney og Zermatt

  • Klatrekronologi

  • Biletgalleri








Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?