Notodden





















Notodden
stad

Notodden dark.jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Telemark

Kommune

Notodden

Areal
7,16 km²

Folketal
9 077 (2017)
Folketettleik

1 268 / km²



Postnummer
3672 NOTODDEN

Innbyggjarnamn
notodding
Preposisjon

Notodden


Wikimedia Commons: Notodden (city)

Notodden er ein by og administrasjonssenter i Notodden kommune i Telemark fylke med 9 077 innbyggjarar per 1. januar 2017. Byen ligg på begge sidene av Tinnåa som renn ut i Heddalsvatnet. Byen er viktig i norsk industrihistorie som utgangspunkt for Norsk Hydro og kunstgjødselproduksjon. I 2015 blei industriområda frå tidleg 1900-tal innskrivne på UNESCO si verdsarvliste, saman med tilsvarande anlegg på Rjukan.[1]


Notodden er eit handelssenter for Aust-Telemark og vart tidleg ein skuleby. I dag har byen to vidaregåande skular og Høgskolen i Telemark med avdeling for lærarutdanning og førskolelærarutdanning med 1400 studentplassar. Notodden lufthamn er næraste flyplass og ligg om lag 5,5 km frå byen.


Lokalavisa er Telen, som har kontora sine på Notodden. Avisa dekkjer òg kommunane Hjartdal og Sauherad .




Innhaldsliste





  • 1 Historikk


  • 2 Kultur


  • 3 Folketalsutvikling


  • 4 Venskapsbyar


  • 5 Sjå òg


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff




Historikk |




Admini, det første administrajonsbygget til Norsk Hydro frå 1906


Industrien fekk sitt første fotfeste ved Tinnåa med sagbruk, mølle, stampe, skipsbyggeri og seinare tresliperi. Notodden Calsium Carbid A/S vart sett i gang i 1899 og Notodden Salpeterfabrikk i 1904-05, då Kristian Birkeland og Sam Eyde bygde den første forsøksfabrikken for produksjon av kunstgjødsel. Industrieventyret til Norsk Hydro byrja på Notodden. Tinfos Jernverk vart skipa i 1910. Notodden vart kjøpstad i 1913. Samstundes med industrianlegga gjorde rallaren (anleggsarbeidaren) sin innmarsj, og han har fått sitt minnesmerke i Rallarparken i form av ein stor statue laga av Dyre Vaa. Fleire rallarar og arbeidarar vart fastbuande i byen, og folkemengda hadde ei kraftig auke på 849 til over 5000 innbyggjarar frå 1900 til 1912.


I Grønnbyen kan ein sjå bustader til arbeidarane frå den tidlege tida til Norsk Hydro. Her har Notodden Historielag innreidd ein arbeidarbustad slik dei var omkring 1915 og på Villamoen ligg funksjonærbustader frå same tid. Admini, praktbygget til Norsk Hydro er teikna av arkitekt Henning Cloumann. Norsk Extruding, det første føretaket i Noreg som ekstruderte plast og landets einaste kunstsilkefabrikk låg også her.



Kultur |




Publikum ved Notodden Blues Festival 2009


Notodden Blues Festival, den leiande bluesfestivalen i Noreg, har vore arrangert årleg i byen sidan 1988 i den første veka av august. Fleire av konsertane finn stad i eller utanfor nedlagte industrilokale på Notodden. Sidan 1991 er bluesprisen til festivalen vorten utdelt. Det vert også arrangert blues-workshops og blues-seminarar for musikarar og andre interesserte.


Heddal stavkyrkje frå 1200-talet, restaurert 1952–54, er den største i landet og ligg fem km vest for byen. Notodden kyrkje er ein basilika i tegl frå 1938 med altertavle av Henrik Sørensen. Bolkesjø sør for Blefjell har lange tradisjonar som skysstasjon og overnattingsstad. Turisttog trafikkerer jernbanestrekninga Notodden–Tinnoset og kanalbåten M/S Telemarken trafikkerer Telemarkskanalen frå Notodden til Lunde i Nome i sommarhalvåret. Heddal bygdetun er eit friluftsmuseum med me.a. ei samling av hus frå 1500- til 1900-talet i tillegg til treskurd- og bunadsutstilling. Telemarksgalleriet har faste utstillingar heile året.



Folketalsutvikling |


















































Folketalsutvikling på Notodden
År


Innbyggjarar

1890
  
478
1900
  
849
1910
  
4 918
1920
  
6 533
1930
  
6 306
1946
  
6 174
1950
  
6 768
1960
  
7 904
1970
  
8 832
1980
  
8 813
1990
  
8 287
2000
  
8 193
2009
  
8 474
2012
  
8 762
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Tala 1920 viser til Notodden bykommune

Tala 1930-1960 viser til Notodden bykommune og forstaden Høybøkåsa i Heddal kommune



Venskapsbyar |



  • Det amerikanske flagget Clarksdale


  • Flagget til Finland Idensalmi


  • Flagget til Sverige Nyköping


  • Flagget til Tyskland Stelle


  • Flagget til Polen Suwałki


Sjå òg |


  • Tettstader i Telemark


Kjelder |




  1. «Rjukan–Notodden Industrial Heritage Site», unesco.org



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Notodden



  • Notoddenportalen - Turistinfo om Notodden


  • Notodden Blues Festival - Offisiell nettstad for bluesfestivalen på Notodden


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?