Eurovision Song Contest 2010



Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


























Eurovision Song Contest 2010

Share the Moment





Offisiell tittel
55. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1
25. mai 2010
Semifinale 2
27. mai 2010
Finalen
29. mai 2010
Vertskap



Stad
Telenor Arena i Bærum i Noreg



Programleiar(ar)
Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui



Kringkastar(ar)
Norsk rikskringkasting
Varigskap
Opningsnummer
Finalen«Fairytale» av Alexander Rybak
Pausenummer
Semifinale 1Film om menneskelege lydar
Semifinale 2Korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, og breakdance
Finalen«Glow» av Madcon med førehandsinnspelte klipp av dansande flash mobar frå ulike stader i Europa
Bidrag



Antal bidrag
39 land. 25 i finalen. 17 i kvar av dei to semifinalane.



Attende
Georgia



Trekte seg
Andorra
Montenegro
Tsjekkia
Ungarn



Ikkje med
San Marino
Austerrike
Monaco
Italia
Luxembourg
Marokko
Kart
ESC 2010 Map.svg

██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen
██ Land som ikkje deltok i tevlinga



Røysting



Vinnar
Tyskland med «Satellite» av Lena

Eurovision Song Contest




Moskva 2009Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg
Düsseldorf 2011

Eurovision Song Contest 2010 (ESC 2010), offisielt 55. Eurovision Song Contest, var den 55. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Telenor Arena i Bærum i Noreg. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 25. mai 2010, den andre semifinalen fann stad torsdag 27. mai 2010 og finalen fann stad laurdag 29. mai 2010. Tyskland vann tevlinga med songen «Satellite», sungen av Lena.


Under finalen i Eurovision Song Contest 2009 vart det igjen brukt nasjonale fagjuryar i tillegg til telefonrøysting, der røystene til fagjuryane og telefonrøystene i utgangspunktet skulle telje like mykje. Frå og med 2010 vil dette systemet òg takast i bruk under semifinalane. Totalt 39 land deltok i tevlinga: Georgia kom attende etter ikkje å ha delteke i 2009, medan Andorra, Tsjekkia, Ungarn og Montenegro trekte seg. Litauen kunngjorde fyrst at dei ikkje kom til å delteke, men stod seinare på lista over stadfesta deltakarland kunngjort av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).




Innhaldsliste





  • 1 Arrangement

    • 1.1 Programleiarar


    • 1.2 Pauseinnslag


    • 1.3 Avrøysting


    • 1.4 Orkester


    • 1.5 Fordeling av semifinaleplassar



  • 2 Bidraga

    • 2.1 Semifinale 1


    • 2.2 Semifinale 2


    • 2.3 Finalen



  • 3 Artistar som har delteke tidlegare


  • 4 Fotnotar


  • 5 Kjelder


  • 6 Referansar


  • 7 Bakgrunnsstoff




Arrangement |




Telenor Arena.


Dåverande statsråd i kulturdepartementet Trond Giske og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas vart samde om eit budsjett på rundt 150 millionar kroner, noko som er om lag 130 millionar kroner mindre enn budsjettet til Moskva frå 2009, men 50 millionar meir enn Helsingfors då Finland arrangerte tevlinga i 2007. Dette estimatet vart seinare justert til 211 millionar kroner.


Det vart tidleg slått fast av Norsk rikskringkasting (NRK) at ein kom til å nytte ein allereie eksisterande arena, og at det ikkje ville verte bygd noko nytt i samband med arrangementet. EBU gav NRK og kulturministaren melding om at det vart stilt strenge krav til arena, noko som gjorde Tromsø, Bergen, Trondheim og Stavanger uaktuelle som arrangørbyar, sjølv om desse byane viste interesse for å arrangere tevlinga. Dimed stod valet mellom Telenor Arena på Fornebu i Bærum og Oslo Spektrum i Oslo. 3. juli 2009 vart det avgjort at tevlinga skulle arrangerast i Telenor Arena.


Finalen vart arrangert 29. mai med semifinalar 25. og 27. mai. Opphavleg dato for finalen var 22. mai med semifinalar 18. og 20. mai, men dette vart endra, då 22. mai òg er dato for finalen i Mesterligaen.



Programleiarar |


Norske medium starta tidleg å spekulere i moglege kandidatar til programlederjobbene. Jon Almaas og Fredrik Skavlan frå høvesvis Nytt på nytt og Skavlan var mellom dei som vart nemnt hyppigast, medan duoen Thomas Numme og Harald Rønneberg vann ei avrøsting der Dagbladet spurde kva for kjendisar ein helst ville ha som programleiarar. Dorthe Skappel, som enda på andreplass i Dagbladet si kåring, viste interesse for å verte programleiar.


På ein pressekonferanse 10. mars 2010 offentleggjorde NRK at Eurovision Song Contest 2010 skulle leiast av Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui. Programleiarane opna og avslutta sendingane i fellesskap, men hadde ulike oppgåver undervegs. Medan Solbakken og N'jie stod for kontakten med deltakarane, hadde Hasnaoui ansvaret for avrøstinga. Dette var andre gongen i historia til tevlinga ein hadde fleire enn to programleiarar; fyrste gongen var i 1999.



Pauseinnslag |


Pauseinnslaget i den fyrste semifinalen var ein film om menneskelege lydar, medan den andre semifinalen sitt pauseinnslag handla om korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, der han deltok i ein oppvisning i breakdance. Pauseinnslaget i finalen bestod mellom anna av førehandsinnspelte klipp av dansande flash mob-ar frå ulike stader i Europa, og dessutan direkteoverføring frå Hamburg. Klipp frå fjernsynsstover i alle deltakarland direkte via nettkamera var òg med. Publikum i salen deltok òg i dansen. Den norske rapgruppa Madcon song songen «Glow» som ein del av pauseinnslaget.



Avrøysting |


EBU vidareførte ordninga med både jury- og telefonrøyster som vart introdusert under finalen i Eurovision Song Contest 2009. I 2010 vart dette systemet òg teke i bruk under semifinalane. Kvart land hadde ein nasjonal fagjury som gav poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag. Røystene til juryen vart kombinert med resultatet frå telefonavrøstinga ved at dei ti bidraga som mottok flest telefonrøystar, òg fekk poeng i valørane 12, 10 og 8–1. Dei ti bidraga som til saman hadde fått flest røyster då jury- og telefonrøystene vart lagt saman, mottok poeng frå landet. Ved eventuell røystelikskap skulle telefonrøystene vege tyngst.


Dette året kunne ein røyste frå før fyrste land hadde framført til om lag 15 minutt etter at siste bidrag var framført. Tidlegare kunne ein berre røyste i om lag 15 minutt etter at eit land hadde framført.[1]



Orkester |


Ei gruppe på nettsamfunnet Facebook som hadde som mål at det skulle nyttast orkester under Eurovision Song Contest 2010, oppnådde nærare 5000 medlemmar. Det vart nytta orkester i tevlinga frå starten i 1956 til og med 1998. Sidan Eurovision Song Contest 1999 har ein som fylgje av den tekniske utviklinga innan musikkindustrien valt å nytte forhandsinnspelte lydspor i staden. Debatten om framtida til orkestret i tevlinga har versert sidan, men EBU ytra ikkje noko ynskje om å endre på den noverande ordninga. Jan Fredrik Heyerdahl frå Kringkastingsorkestret sa at orkestret var interessert i å bidra i tevlinga, om EBU og NRK samtykte.



Fordeling av semifinaleplassar |


Sundag 7. februar 2010 vart det halde ei trekning som avgjorde kva for land som skulle delteke i kvar av dei to semifinalane. Deltakarlanda vart fordelt i fem ulike grupper basert på røystemønstrane frå tidlegare tevlingar. Det vart òg avgjord i kva for ein halvdel av semifinalen dei respektive landa kom til å framføre – dette for at delegasjonane skulle vita når øvingane starta. Det vart òg avgjord i kva for semifinalar vertslandet Noreg og «Dei fem store», Storbritannia, Frankrike, Spania og Tyskland, som alle var førehandskvalifiserte til finalen, skulle vere med og røyste. Den endelege rekkjefylgja for fremføringane vart trekt 23. mars 2010. Her vart det òg avgjord i kva for ei rekkjefylgje landa skulle presentere røystene sine under finalen.












Gruppe 1
Gruppe 2
Gruppe 3
Gruppe 4
Gruppe 5


  • Albania


  • Bosnia-Hercegovina


  • Kroatia


  • Makedonia


  • Serbia


  • Slovenia


  • Sveits



  • Danmark


  • Estland


  • Finland


  • Island


  • Latvia


  • Litauen


  • Sverige



  • Aserbajdsjan


  • Kviterussland


  • Georgia


  • Israel


  • Moldova


  • Russland


  • Ukraina



  • Armenia


  • Belgia


  • Kypros


  • Hellas


  • Malta


  • Nederland


  • Tyrkia



  • Bulgaria


  • Irland


  • Polen


  • Portugal


  • Romania


  • Slovakia


Bidraga |



Semifinale 1 |


  • Den fyrste semifinalen vart kringkasta 25. mai frå Telenor Arena i Bærum.

  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.


  • Frankrike, Tyskland og Spania måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.

  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.































































































































#LandArtistSongSpråkPoengPlass
01
Moldova

SunStroke Project og Olia Tira
«Run Away»
Engelsk05210
02
Russland

Peter Nalitch and Friends
«Lost and Forgotten»Engelsk07407
03
Estland

Malcolm Lincoln og Manpower 4
«Siren»Engelsk03914
04
Slovakia
Kristína Peláková«Horehronie»Slovakisk02416
05
Finland
Kuunkuiskaajat«Työlki ellää»Karelsk04911
06
Latvia
Aisha«What For?»Engelsk01117
07
Serbia
Milan Stanković«Ovo je Balkan»Serbisk07905
08
Bosnia-Hercegovina
Vukašin Brajić«Thunder and Lightning»Engelsk05908
09
Polen
Marcin Mroziński«Legenda»
Engelsk og polsk
04413
10
Belgia
Tom Dice«Me and My Guitar»Engelsk16701
11
Malta
Thea Garrett«My Dream»Engelsk04512
12
Albania
Juliana Pasha«It's All About You»Engelsk07606
13
Hellas

Jórgos Alkaíos and Friends
«ÓPA!»Gresk13302
14
Portugal
Filipa Azevedo«Há dias assim»Portugisisk08904
15
Makedonia

Gjoko Taneski, Billy Zver og Damjan Pejčinoski
«Jas ja imam silata»Makedonsk03715
16
Kviterussland

3+2 og Robert Wells
«Butterflies av 3+2 og Robert Wells»Engelsk05909
17
Island
Hera Björk«Je ne sais quoi»
Engelsk og fransk
12303


Semifinale 2 |


  • Den andre semifinalen vart kringkasta 27. mai frå Telenor Arena i Bærum.

  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.


  • Noreg og Storbritannia måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.

  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.































































































































#LandArtistSongSpråkPlassPoeng
01
Litauen
InCulto«East European Funk»Engelsk1244
02
Armenia
Eva Rivas«Apricot Stone»Engelsk683
03
Israel
Harel Skaat«Milim»Hebraisk871
04
Danmark

Chanée og N'evergreen
«In a Moment Like This»Engelsk5101
05
Sveits
Michael von der Heide«Il Pleut de L'or»Fransk172
06
Sverige
Anna Bergendahl«This Is My Life»Engelsk1162
07
Aserbajdsjan
Səfurə«Drip Drop»Engelsk2113
08
Ukraina
Alyosha«Sweet People»Engelsk777
09
Nederland
Sieneke«Ik ben verliefd (Sha-la-lie)»Nederlandsk1429
10
Romania

Paula Seling og Ovi
«Playing with Fire»Engelsk4104
11
Slovenia

Ansambel Roka Žlindre og Kalamari
«Narodnozabavni rock»Slovensk166
12
Irland
Niamh Kavanagh«It's for You»Engelsk967
13
Bulgaria
Miroslav Kostadinov«Angel si ti»Bulgarsk1519
14
Kypros

Jon Lilygreen og The Islanders
«Life Looks Better in Spring»Engelsk1067
15
Kroatia
Feminnem«Lako je sve»Kroatisk1333
16
Georgia
Sopho Nizharadze«Shine»Engelsk3106
17
Tyrkia
maNga«We Could Be the Same»Engelsk1118


Finalen |


  • Finalen vart kringkasta 29. mai frå Telenor Arena i Bærum.


  • Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Noreg var direktekvalifisert til finalen.

  • 20 land kvalifiserte seg frå dei to semifinalane 25. og 27. mai. Totalt deltok 25 land i finalen.

  • I 2010 fekk en berre røyste i 15 minutt etter alle landa hadde framført sitt bidrag. Dette var ulikt systemet frå 2009 der ein kunne røyste under alle framføringane.

  • Då Spania framføre sitt bidrag laup den kjende avbrytaren Jimmy Jump opp på scena. Svante Stockselius, øvste ansvarlege for Eurovision Song Contest, gav Spania lov til å framføre bidraget på nytt etter at Danmark hadde framført sitt bidrag. Jimmy Jump fekk seinare ei bot på 15 000 kroner.






























































































































































































#LandArtistSongSpråkPoengPlass
01
Aserbajdsjan
Səfurə«Drip Drop»Engelsk1455
02
Spania
Daniel Diges«Algo pequeñito»Spansk06815
03
Noreg
Didrik Solli-Tangen«My Heart Is Yours»Engelsk03520
04
Moldova

SunStroke Project og Olia Tira
«Run Away»Engelsk02722
05
Kypros

Jon Lilygreen og The Islanders
«Life Looks Better in Spring»Engelsk02721
06
Bosnia-Hercegovina
Vukašin Brajić«Thunder and Lightning»Engelsk05117
07
Belgia
Tom Dice«Me and My Guitar»Engelsk14306
08
Serbia
Milan Stanković«Ovo je Balkan»Serbisk07313
09
Kviterussland

3+2 og Robert Wells
«Butterflies»Engelsk01824
10
Irland
Niamh Kavanagh«It's for You»Engelsk02523
11
Hellas
Jórgos Alkaíos and Friends«ÓPA!»Gresk14008
12
Storbritannia
Josh Dubovie«That Sounds Good to Me»Engelsk01025
13
Georgia
Sofia Nizharadze«Shine»Engelsk13609
14
Tyrkia
maNga«We Could Be the Same»Engelsk17002
15
Albania
Juliana Pasha«It's All About You»Engelsk06216
16
Island
Hera Björk«Je ne sais quoi»
Engelsk og fransk
04119
17
Ukraina
Alyosha«Sweet People»Engelsk10810
18
Frankrike
Jessy Matador«Allez Ola Olé»Fransk08212
19
Romania

Paula Seling og Ovi
«Playing with Fire»Engelsk16203
20
Russland
Peter Nalitch and Friends«Lost and Forgotten»Engelsk09011
21
Armenia
Eva Rivas«Apricot Stone»Engelsk14107
22
Tyskland
Lena«Satellite»Engelsk24601
23
Portugal
Filipa Azevedo«Há dias assim»Portugisisk04318
24
Israel
Harel Skaat«Milim»Hebraisk07114
25
Danmark

Chanée og N'evergreen
«In a Moment Like This»Engelsk14904
02
Spania
Daniel Diges«Algo pequeñito»Spansk06815

I finalen vart røystene presentert i fylgjande rekkjefylgje:








  1. Romania


  2. Irland


  3. Tyskland


  4. Serbia


  5. Albania


  6. Tyrkia


  7. Kroatia


  8. Polen


  9. Bosnia-Hercegovina


  10. Finland


  11. Slovenia


  12. Estland


  13. Russland




  1. Portugal


  2. Aserbajdsjan


  3. Hellas


  4. Island


  5. Danmark


  6. Frankrike


  7. Spania


  8. Slovakia


  9. Bulgaria


  10. Ukraina


  11. Latvia


  12. Malta


  13. Noreg




  1. Kypros


  2. Litauen


  3. Kviterussland


  4. Sveits


  5. Belgia


  6. Storbritannia


  7. Nederland


  8. Israel


  9. Makedonia


  10. Moldova


  11. Georgia


  12. Sverige


  13. Armenia



Artistar som har delteke tidlegare |





























ArtistLandTidlegare årTidlegare landPlassering i tidlegare tevling
FinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
Feminnem
Kroatia
2005
Bosnia-Hercegovina
07914XX
Niamh Kavanagh
Irland
1993
Irland
18701X1X1


Fotnotar |


1.^ Det vart ikkje arrangert nokon semifinale i 1993, men ein kvalifikasjonsrunde der sju land deltok.


Kjelder |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Eurovision Song Contest 2010 frå Engelsk Wikipedia .




Referansar |




  1. Oslo 2010: Televoting during entire shows, eurovision.tv



Bakgrunnsstoff |


  • songcontest.free.fr 2010 - Oslo







Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister