Hellas i Eurovision Song Contest





























Hellas


EuroGrecia.svg
OffisieltGreece, Griekenland, Griechenland, Grèce, Grece, Ελλαδα







Uttakingar









Deltaking
Debutår
1974
Deltakingar36

Beste resultat
Semifinalen1 (2008 og 2011)
Finalen1 (2005)

Verste resultat
Semifinalen16 (2016)
Finalen20 (1998 og 2014)

Poeng
Semifinalane1 282
Finalane2 817
Totalt4 099

Hellas debuterte i Eurovision Song Contest i 1974. Landet har delteke kvart år sidan, med unntak av 1975, 1982, 1984, 1986, 1999 og 2000. I 2005 vann Élena Paparízou med songen «My Number One». 12. juli 2013 vart kringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi stengd på grunn av den økonomiske krisa i landet, og Hellas hadde ikkje høve til å delta utan ein kringkastar som var medlem i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).[1] 4. mai 2014 vart Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi starta opp og Hellas fekk delteke i Eurovision Song Contest berre fire dagar seinare, trass i at kringkastaren ikkje var medlem i Den europeiske kringkastingsunionen. Ifylgje reglane må kringkastaren vere aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen, men Hellas slapp unna denne regelen etter at Ellinikí Radiofonía Tileórasi vart lagd ned, og vart dimed det fyrste og førebels einaste landet som har delteke i Eurovision Song Contest utan medlemskap. Special Broadcasting Service som debuterte for Australia i 2015 var assosiert medlem. I desember 2014 vart den nye kringkastaren medlem og landet fekk delteke i 2015.[2] 11. juni 2015 vart Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi nedlagt, og Ellinikí Radiofonía Tileórasi som vart attopna vil på nytt representere Hellas av di kringkastaren allereie er aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.[3] Sidan 2013 har den private musikkanalen MAD TV organisert og produsert dei nasjonale uttakingane.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Bidraga


  • 3 Røystgjeving


  • 4 Galleri


  • 5 Vertskap


  • 6 Sjå òg


  • 7 Kjelder


  • 8 Fotnotar




Historie |


Etter debuten i 1974 ynskja ikkje Hellas å deltake i 1975. I følgje Den europeiske kringkastingsunionen var grunnen ukjent, men det vart oppdaga at dei trekte seg i protest mot debuten til Tyrkia og invasjonen av Kypros i 1974. Hellas vart diskvalifisert frå tevlinga i 1982 då det vart avslørt at songen dei skulle delteke med, «Sarantapénte Kopeliés», hadde vorte utgjeven tidlegare. Ein kjend gresk folkesong hadde vorte endra på til tevlinga, men fekk ikkje delteke fordi alle songane måtte vere originale. Hellas måtte å betale ei bot, men fekk lov å kome attende året etter. Om dei hadde delteke hadde dei starta som nummer to i finalen i Harrogate. Etter attendevendinga i 1983 bestemte Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) seg for å ikkje deltake i 1984 på grunn av låg kvalitet på songane.


Hallas kom attende til tevlinga i 1985 og Polína vart valt til å representere landet i 1986 i Bergen, men trekte seg heilt uventa frå tevlinga. Polína sa at det var på grunn av politiske problem i Hellas, men den offisielle Eurovision Song Contest-nettstaden hadde oppgjeve at det var fordi tevlinga vart halden kvelden før den ortodokse påsken. Ho skulle delteke med songen «Wagon-lit».


Hellas kom attende i 1987 og deltok kvart år fram til 1999, då dei ikkje fekk delteke fordi dei ikkje hadde fått nok poeng dei fem siste åra til å kunne kvalifisere seg til å vere med i tevlinga. Året etter kunngjorde ERT at dei ikkje kom attende til Eurovision Song Contest 2000 av økonomiske grunnar.


31 år etter at dei fyrste gong var med, vann Hellas for fyrste gong i 2005 med Élena Paparízou og songen «My Number One». Songen er den fyrste etter 2000 som vann tevlinga utan å gå gjennom ein semifinale. Etter Eurovision Song Contest toppa songen listene i Hellas, Kypros og Sverige, og kom inn på topp ti i Romania, Nederland, Ungarn, Belgia og USA. Under 50 årsjubileet til Eurovision Song Contest i 2005, der ein skulle røyste fram den mest populære framføringa gjennom tidene, enda songen på fjerdeplass.


Før sigeren var den høgaste greske plasseringa tredjeplass, frå 2001 og 2004. Det verste resultatet kom i 1998, då dei enda på 20. plass med tolv poeng, alle frå Kypros. Dei fekk òg 20. plass i 2014, då med 35 poeng.


Eurovision Song Contest 2006 vart halden i Aten i Hellas. Programleiarane var María Menoúnou og Sákis Rouvás. Ánna Víssi representerte Hellas i heimlandet.


Frå 2004 til 2006 valte ERT ut høgprofilerte artistar internt og arrangerte ein nasjonal finale der ein skulle røyste fram songen artisten skulle synge i Eurovision Song Contest, medan i 2007 og 2008 arrangerte ERT ein nasjonal finale der ein røysta fram både artist og song.



Bidraga |





















































































































































































































































































ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass

1974
Marinella«Krasí, thálassa kai t' agóri mou»Gresk00711

1976
Mariza Koch«Panayiá mou, panayiá mou»Gresk02013

1977

Paschalis, Marianna, Robert og Bessy
«Máthima solfége»Gresk09205

1978
Tánia Tsanaklídou«Tsárly Tsáplin»Gresk06608

1979
Elpída«Sokráti»Gresk06908

1980
Ánna Víssi«Otostóp»Gresk03013

1981
Yiannis Dimitras«Feggári kalokairivó»Gresk05508

1983
Kristi Stassinopoulou«Mou les»Gresk03214

1985
Takis Biniaris«Miázoume»Gresk01516

1987
Bang«Stop»Gresk06410

1988
Afroditi Frida«Klóoun»Gresk01017

1989
Mariánna Evstratíou«To dikó sou astéri»Gresk05609

1990

Christos Callow og Wave
«Khorís skopó»Gresk01119

1991
Sofía Vóssou«I ánikhi»Gresk03613

1992
Kleopátra«Ólou tou kósmou i Elpída»Gresk09405

1993
Katerína Garití«Elláda, khóra tou fotós»Gresk06409

1994
Kostas Bigalis«To trekhantíri»Gresk04414

1995
Elina Konstantopoulou«Pia prosevkhí»Gresk06812

1996
Mariánna Evstratíou«Emeís foráme to khimóna anoixiátika»Gresk03614

1997
Mariánna Zormpá«Khórepse»Gresk03912

1998
Thalassa«Mia krufí evaisthisía»Gresk1220

2001
Antique«Die For You»Engelsk14703

2002
Mikhális Rakinizís«S.A.G.A.P.O.»Engelsk02717

2003
Mantó«Never Let You Go»Engelsk02517

2004
Sákis Rouvás«Shake It»Engelsk2520323803

2005
Élena Paparízou«My Number One»Engelsk23001XX

2006
Ánna Víssi«Everything»Engelsk12809XX

2007
Sarbel«Yassou Maria»Engelsk13907XX

2008
Kalomíra«Secret Combination»Engelsk2180315601

2009
Sákis Rouvás«This Is Our Night»Engelsk1200711004

2010

Jórgos Alkaíos and Friends
«ÓPA!»Gresk1400813302

2011
Loúkas Jórkas«Watch My Dance»
Gresk og engelsk
1200713301

2012
Elefthería Eleftheríou«Aphrodisiac»Engelsk0641711604

2013

Koza Mostra feat. Agáthonas Iakovídis
«Alcohol Is Free»
Gresk og engelsk
1520612102

2014

Freaky Fortune feat. Riskykidd
«Rise Up»Engelsk0352007407

2015
María-Élena Kiriákou«One Last Breath»Engelsk0231908106

2016
Argo«Utopian Land»
Gresk og engelsk
XX04416

2017
Demy«This Is Love»Engelsk0771911510

2018
Jánna Terzí«'Oniró mou»Gresk




Røystgjeving |


Hellas har gjeve flest poeng til


















Nr.LandPoeng
1
Flag of Cyprus.svg Kypros
201
2
Flag of Spain.svg Spania
137
3
Flag of France.svg Frankrike
126
4
Flag of Ireland.svg Irland
99
5
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
84
Hellas har fått flest poeng frå


















Nr.LandPoeng
1
Flag of Cyprus.svg Kypros
268
2
Flag of Spain.svg Spania
125
3
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
110
4
Flag of Germany.svg Tyskland
97
5
Flag of France.svg Frankrike
94


Galleri |



Vertskap |










ÅrStadArenaProgramleiar
2006AtenOlymbiakό Kleistό Gymnastírio
María Menoúnou og Sákis Rouvás


Sjå òg |


  • Hellas i Junior Eurovision Song Contest


Kjelder |


  • Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest

  • Hellas i Eurovision Song Contest


  • Denne artikkelen bygger på «Greece in the Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2011.


Fotnotar |




  1. Mona W. Claussen (12. juni 2013). «Statsministeren har lagt ned gresk statlig TV og radio» (norsk). Aftenposten. Henta 15. juni 2013. 


  2. «Greece joins Eurovision 2015» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 21. desember 2014. 


  3. «Greece: Welcome back ERT!» (engelsk). esctoday.com. 11. juni 2015. Henta 11. juni 2015. 







Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister