Kvænangen kommune


«Kvænangen» omdirigerer hit. For fjorden kommunen har namn etter, sjå Kvænangsfjorden.
























Kvænangen kommune

kommune




kommunevåpen

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Troms


Adm.senter

Burfjord

Areal
2 108 km²
 - land
2 012 km²
 - vatn
96 km²

Folketal
1 224 (1. januar 2018)
Folketettleik

1 / km²



Målform
nøytral

Ordførar
Eirik L. Mevik (Ap)


Kommunenr.
1943




NO 1943 Kvænangen.svg




Wikimedia Commons: Kvænangen

Nettstad: www.kvanangen.kommune.no

Koordinatar: 69°56′20″N 22°03′00″E
Kvænangen kommune (nordsamisk: Návuona suohkan, kvensk: Naavuonon komuuni) ligg lengst nord i Troms. Kommunen grensar mot Loppa kommune i nord, Alta i aust, Kautokeino i sør, Nordreisa i sørvest, og Skjervøy i vest. Kvænangen høyrer til regionen Nord-Troms.


Namnet Kvænangen kjem av «kvæner» ('kvener') som er norsk for «finsktalande folk», og angr som er norrønt for «fjord».


Næringsverksemda i Kvænangen har lenge vore basert på primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske, men dei fleste sysselsette i kommunen arbeider no innan tenesteytande næring. Nye næringar som har hatt vekst i kommunen er fiskeoppdrett og turisme.


Kommunesenteret i Kvænangen er Burfjord. Næraste flyplass er Sørkjosen lufthamn i nabokommunen Nordreisa, med flyruter til Tromsø, Hammerfest og Kirkenes.




Innhaldsliste





  • 1 Historie

    • 1.1 Folketalsutvikling



  • 2 Kjelder

    • 2.1 Fotnotar



  • 3 Bakgrunnsstoff




Historie |


Kvænangen kommune vart oppretta i 1863, då han vart skilt ut frå Skjervøy kommune. Folketalet var då 2785. I 1965 vart Meilandsområdet på fastlandssida av Haukøysundet, med 12 innbyggjarar, overført frå Skjervøy til Kvænangen, og i 1972 gjekk eit ubygd område same vegen.



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for Kvænangen kommune frå 1875:


























1875[1]1900[1]1.12.1920[2]1.12.1930[3]3.12.1946[3]1.1.1951[4]1.1.1961[4]1.1.1971[4]1.1.1981[4]1.1.1991[4]1.1.2001[4]1.1.2010[4]
1646a1764a1903a1973a2402a2511a2382a2090
1842
1638
1427
1316

aTalet omfattar ikkje Meilandsområdet, som var del av Skjervøy kommune fram til 1965, då det vart overført til Kvænangen kommune. Dette området hadde då 12 innbyggjarar.


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Kvænangen» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2008.


Fotnotar |




  1. 1,01,1 "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010


  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  3. 3,03,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  4. 4,04,14,24,34,44,54,6 Folkemengd i Kvænangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå



Bakgrunnsstoff |


  • Kvænangen kommune sine heimesider



Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...