Andrew Lloyd Webber







Andrew Lloyd Webber

Andrew Lloyd Webber in Eurovision 2009.jpg

Fødd
22. mars 1948
Kensington
Yrke
manusforfattar, filmprodusent, teaterregissør, forretningsdrivande, låtskrivar, impresario, politikar, komponist, musikar

Andrew Lloyd Webber på Commons

Andrew Lloyd Webber, Baron Lloyd-Webber (fødd 22. mars 1948) er ein engelsk komponist, særleg av musikalar. Han har komponert musikken til Jesus Christ Superstar, Evita, Cats, Operafantomet samt det vidgjetne rekviemmet sitt.




Innhaldsliste





  • 1 Biografi


  • 2 Verkliste

    • 2.1 Musikalar


    • 2.2 Andre verk



  • 3 Heider


  • 4 Kjelder




Biografi |


Lloyd Webber voks opp i Kensington i London i ein musikalsk familie. Faren var komponist, mora spela fiolin og piano og broren Julian er i dag ein kjend solo-cellist. Han tok utdanning ved Royal College of Music.


Som musikalkomponist har Webber hatt eit langt og produktivt samarbeid med lyrikaren Tim Rice. Webber og Rice har skrive fleire framgangsrike musikalar saman. Fleire av musikalane har vorte filmatisert, slik som Jesus Christ Superstar (1973), Evita (1996) og Operafantomet (2004).



Verkliste |



Musikalar |



  • The Likes of Us (1965), tekstar av Tim Rice.


  • Joseph and the Amazing Technicolor Dreamcoat (1968), tekstar av Tim Rice


  • Jesus Christ Superstar (1970), tekstar av Tim Rice


  • Jeeves (1975), tekstar av Alan Ayckbourn


  • Evita (1976), tekstar av Tim Rice


  • Tell Me on a Sunday (1979), tekstar av Don Black


  • Cats (1981), tekstar av T. S. Eliot


  • Song and Dance (1982), tekstar av Don Black


  • Starlight Express (1984), tekstar av Richard Stilgoe


  • Cricket (1986), tekstar av Tim Rice


  • Operafantomet (1986), tekstar av Charles Hart


  • Aspects of Love (1989), tekstar av Don Black og Charles Hart


  • Sunset Boulevard (1993), tekstar av Christopher Hampton og Don Black


  • Whistle Down the Wind (1996), tekstar av Jim Steinman


  • The Beautiful Game (2000), tekstar av Ben Elton


  • Bombay Dreams (2002), musikk av A.R. Rahman, tekstar av Don Black. Webber var produsent.


  • The Woman in White (2004), tekstar av David Zippel


  • The Sound of Music (2006), musikk av Richard Rodgers, tekstar av Oscar Hammerstein II. Webber var produsent.


  • Love Never Dies (2010), tekstar av Glenn Slater


  • Trollmannen fra Oz (2011), musikk av Harold Arlen, tekstar av E. Y. Harburg og Tim Rice. Webber var produsent.


Andre verk |



  • Variations (1978). Denne cd-plata var basert på eit verk av Niccolo Paganini og tileigna Julian Lloyd Webber. Gitaristen Gary Moore og pianisten Rod Argent deltok.


  • Requiem (1985) Eit klassisk rekviem-korverk tileigna faren som døydde i 1982.

Andrew Lloyd Webber har vore gift tre gonger, m.a. med sopransongaren Sarah Brightman, som m.a. hadde hovudrolla i musikalen Operafantomet. Han har fem born frå to ekteskap.



Heider |


  • Andrew Lloyd Webber vart slegen til riddar av Elizabeth II i 1992.

  • I 1997 vart han i tillegg utnemnt til Life peer. Han ber difor tittelen baron og har eit sete i Overhuset.

  • Verka hans har både vunne Oscar-prisen, Grammy-prisen, Tony-prisen, Olivier-prisen og Golden Globe, m.fl..

  • Andrew Lloyd Webber har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.


Kjelder |



  • Denne artikkelen byggjer på «Andrew Lloyd Webber» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2011.


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...