McCuddin Mountains


Koordinatar: 75°47′S 128°42′W









McCuddin Mountains
fjellkjede
Land

Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis

Stad

Marie Byrd Land
 - koordinatar

75°47′S 128°42′W


Administrert under

Antarktistraktaten





McCuddin Mountains is located in Antarktis





McCuddin Mountains (Antarktis)



McCuddin Mountains er ei lita fjellgruppe i Antarktis som hovudsakleg består av to store fjell, Mount Flint og Mount Petras, i tillegg til fleire spreidde toppar og nunatakar. Fjella ligg i Marie Byrd Land, 64 km aust for Ames Range. Fjella vart oppdaga og fotografert frå lufta under ein flytur frå vestbasen til U.S. Antarctic Service den 14. desember 1940. Dei vart kartlagde av U.S. Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959-65. Dei vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kontreadmiral Leo B. McCuddin, offiser for U.S. Naval Support Force i Antarktis i 1972.[1]





Fjell i fjellkjeda |



  • Mount Flint er eit markand, rundt og stort sett snødekt fjell på 2695 moh, 16 km nordvest for Mount Petras. Fjellet vart observert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS) 15. desember 1940 og vart ei stund kalla «Mount Gray». Det vart kartlagd i detalj av U.S. Geological Survey (USGS), 1959-65. Det vart namngjeve av US-ACAN etter Robert B. Flint, som var forskar for U.S. Antarctic Research Program (USARP). Flint overvintra ved Byrd-stasjonen i 1964, Plateau Station der han var sjefsforskar i 1966, og Vostok-stasjonen der han var amerikansk utvekslingsforskar i 1974.[2]


  • Gillick Rock er ein isolert nunatak som ligg nordvest i McCuddin Mountains, 15 km nord for toppen av Mount Flint. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy 1959-66. Det vart namngjeve av US-ACAN etter løytnant Thomas L. Gillick som var helikopterpilot for US Antarctic Research Program (USARP) i løpet av Operasjon Deep Freeze 1970 og 1971.[3]


  • Mount Josephine Petras er eit høgt, ryggfroma fjell på 2865 moh, som ligg 16 km søraust for Mount Flint. Det vart oppdaga av U.S. Antarctic Service (USAS) på ein flytur frå West Base den 15. desember 1940. og kalla opp etter Josephine Petras, kona til A. Petras, som var pilot på denne flyturen.


  • Schwob Peak er ein fjelltopp på 2715 moh som ligg 2,4 km sør for Mount Josephine Petras. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959-65. Det vart namngjeve av US-ACAN etter kaptein William S. Schwob, som var befalshavande på USCGC «Southwind» i løpet av Operasjon Deep Freeze 1972.[4]


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «McCuddin Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2013.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. «McCuddin Mountains». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 25. februar 2013. 


  2. «Mount Flint». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 25. februar 2013. 


  3. «Gillick Rock». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 25. februar 2013. 


  4. «Schwob Peak». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 11. januar 2013. 






Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...