Thor Heyerdahl videregående skole
























Thor Heyerdahl videregående skole
Bilde 595 (Small).jpg
SkuletypeOffentleg vidaregåande skule
Grunnlagt1824
FylkeVestfold
KommuneLarvik
TettstadLarvik
AdresseHoffs Gate 6, 3262 Larvik
RektorHallvard Larsen
Elevar1650
Tilsette300
EigarVestfold fylkeskommune
Nettstadthvs.vfk.no/

Thor Heyerdahl videregående skole ligg i Larvik. Skulen var inndelt i fleire avdelingar rundt om i Larvik kommune, men vart samkjørt frå og med 17. august 2009, da det stod ferdig ein storskule med 11 - av totalt 12 - utdanningsprogram.


Thor Heyerdahl VGS består av tidlegare Farris videregående skole (tidlegare Larvik handelsskole), Gloppe skole (tidlegare Vestfold husflidskole), Kilden vidaregåande skole (tidlegare Larvik yrkesskole) og tidlegare Larvik gymnas. Larvik kommune kjøpte det gamle gymnasbygget og erverva Ahlefeldtsgate 6, 8 og 10 for 30,3 millionar kroner. Kommunen erverva likevel ikkje arealet og bygningane til Farris videregående skole og Gloppe skole.


Skulen er ein av dei største skulane i Noreg med ca. 1600 elevar og 11 studieprogram (alle utanom Naturbruk, som blir tilbydd ved Melsom VGS i Stokke kommune) pr. 1. august 2006, berre overgått av ein annan skule i Vestfold, Sandefjord videregående skole (SVGS). Rektor er Hallvard Larsen.


Thor Heyerdahl VGS har i fleire år hatt eit samarbeid med Larvik Læringssenter, både fagleg og økonomisk, for eksempel om forkurs for minoritetsspråklege elevar det siste skuleåret. Begge organisasjonar er frå før av valt av NAFO til å vera såkalla Fokus-skular, og arbeider dermed målretta med fleirkulturell opplæring.


Rådgivar for minoritetsspråklege ved Thor Heyerdahl VGS er Anita Lødrup.



Storskulen |


  • Thor Heyerdahl VGS i Larvik vart samlokalisert i august 2009, da den nye storskulen i Hoffs gate ved Fram stadion vart teken i bruk.

  • Det danske arkitektteamet Schmidt, Hammer & Lassen i samarbeid med SLA landskabsarkitekter vann 24. januar 2006 arkitektkonkurransen med prosjektet «Synergi».

  • Heile skuleprosjektet og Arena Larvik med plass til 4 000 tilskodarar hadde ei budsjettramme på 969 millionar kroner, inkludert 143 millionar for Arena.


  • AF Synergi var hovudentrepenør for bygget. Det var likevel snakk om ein arbeidsfellesskap av ti firma, derav Veidekke hadde hovudenterprisen.

  • Bygningskomplekset består av sjølve skulebygningen og idrettsanlegget Arena og har ein samla storleik på 33 802 kvadratmeter.

  • Skulebygget består av seks etasjar, er 24 meter høgt og har ei grunnflate på 80 × 80 meter, i tillegg kjem verkstadsavdelingane.

  • Arenaen er forbunden med skulebygningen via ei bru frå andre etasje, rommar to handballbaner og har ein tribunekapasitet på 4000 tilskodarar.

  • Skulen er lærestad for 1650 elevar og om lag 300 tilsette.

  • Namnet er framleis Thor Heyerdahl videregående skole.

  • I juni 2007 starta rivinga av dei gamle skulebygningane i Hoffsgate.

  • Totalbudsjettet for utsmykkinga var cirka 1,8 millionar kroner på sjølve skulen.

  • Ein utsmykkingsjury bestemte i løpet av august 2007 seg for kva for eit utsmykningsforslag han skal gå inn for.


Kjelde |



  • Denne artikkelen byggjer på «Thor Heyerdahl videregående skole» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2011.


Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell heimeside

Koordinatar: 59°2′59.255″N 10°3′24.260″E







Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?