Britisk Antarktis



























British Antarctic Territory
 
 







Britisk Antarktis sitt flagg.


Britisk Antarktis sitt våpen.


Britisk Antarktis sitt flagg

Britisk Antarktis sitt våpen

Antarktis, med Britisk Antarktis i raudt.


Status

britisk oversjøisk territorium

Dronning
Kommissær
Visekommissær
Administrator


Elizabeth II
Colin Roberts
Jane Rumble
Henry Burgess

Hovudstad

London (administrativt)
Rothera forskingsstasjon (hovudbase)

Offisielt språk

Engelsk

Areal

- % vatn


1,709,400 km²

Folketal

- totalt

- folketettleik



ca. 250 ([])

ca. /km²



Verdsdel

Antarktis

Internet-domene
.aq

Tidssone

UTC

Internasjonal telefonkode


Nasjonalsong

God Save The Queen

Britisk Antarktis (engelsk British Antarctic Territory, forkorta BAT) er ein sektor i Antarktis som Storbritannia hart gjort krav på som eit av sine 14 britiske oversjøiske territorium. Området dekkjer regionen sør for 60 °S til Sørpolen og mellom lengdegradene |20 °W og 80 °W. Området overlappar kravområda til Argentina (Argentinsk Antarktis) og Chile (Chilensk Antarktis). Territoriet vart danna 3. mars 1962, sjølv om det britiske kravet går attende til Letters Patent i 1908 og 1917. Området dekkjer no tre regionar som før 1962 vart adminsitrert av britane som eigne biland under Falklandsøyane: Graham Land, Sør-Orknøyane og Sør-Shetlandsøyane. Etter at Antarktistraktaten tredde i kraft i 1961, seier paragraf 1 at «Denne avtalen anerkjenner, motstrider eller oppretter ikkje territoriale krav. Det skal heller ikkje fremjast nye krav medan avtalen er i kraft» og dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent kravområda i Antarktis.[1].


Området er busett av besteninga på forskingsstasjonane operert og vedlikehalde av British Antarctic Survey og andre organisasjonar, og stasjonane til Argentina, Chile og andre land. Det er ingen faste innbyggjarar.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Anerkjenning


  • 3 Geografi

    • 3.1 Topografi


    • 3.2 Vegetasjon


    • 3.3 Dyreliv



  • 4 Adminsitrasjon


  • 5 Forskingsstasjonar


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff




Historie |


Storbritannia har hatt eit kontinuerleg nærvær i Sør-Atlanteren sidan 1833 då dei la Falklandsøyane under britisk statsvelde. I 1908 utvida britane territorialkravet sitt med å legge til Sør-Georgia, Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane, Sør-Sandwichøyane og Graham Land. Desse ligg alle i Sør-Atlanteren og på det antarktiske kontinentet sør for 50 ºS og mellom 20º og 80 ºV.[2] All desse territoria vart administrert som Falkland Islands Dependencies frå Stanley av guvernæren av Falklandsøyane.


I 1943, under andre verdskrigen, utførte britane ein militær operasjon kalla Operasjon Tabarin, for å rekognosere i og få meteorologisk informasjon frå Sør-Atlanteren. Dette «hemmelege» militære prosjektet vart det sivile Falkland Islands Dependencies Survey og sidan British Antarctic Survey (BAS). BAS er ansvarleg for det meste av den vitskaplege forskinga til Storbritannia i Antarktis. I 1950-åra vart Antarktistraktaten forhandla fram for å demilitarisere regionen og definerte alle land- og isområde sør for 60 °S for fredlege føremål. Avtalen tredde i kraft i 1961.



Anerkjenning |


Antarktistraktaten anerkjenner eller motstrider ikkje nokre territorialkrav og lar dette vere opp til kvart enkelt medlemsland å avgjere.[3] Dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent nokre nasjoanle krav i Antarktis.[4]Storbritannia, Frankrike, Noreg, New Zealand og Australia, som alle sjølv har territorialkrav på kontinentet, har alle anerkjent kvar sine kravområde.[5][6] Argentina og Chile motstrider det britiske kravet og har sine eigne motkrav som overlappar både Storbritannia og kvar andre sine kravområde (sjå Argentinsk Antarktis og Chilensk Antarktis).



Geografi |





Signy forskingsstasjon og panorama på Sør-Orknøyane



Topografi |


Britisk Antarktis omfattar Den antarktiske halvøya, Sør-Shetlandsøyane, Sør-Orknøyane og talrike andre øyar, Ronne isbrem (Weddellhavet), delar av Coats Land og ein trekanta sektor i Antarktis som endar ved Sørpolen.


Over 99 % av landområdet er dekt av permanent isdekke, opp til 5 km tjukt.[7] Det høgaste fjellet i området er Mount Jackson på Den antarktiske halvøya, 3184 moh.[7]



Vegetasjon |


Det er særs få planter i Britisk Antartkis og det meste av dei er mosar og lav, men her finst to blomsterplanter: antarktisk hårgras and antarktisk perleurt.[8]



Dyreliv |


Mange fugleartar, mellom anna sju pingvinartar hekkar Britisk Antarktisk. Her finst òg seks selartar.[8]



Adminsitrasjon |


Britisk Antarktis vert administrert av Foreign and Commonwealth Office (FCO). Ein kommisjonær vert utpeikt som leiar av området.



Forskingsstasjonar |




Rothera forskingsstasjon


British Antarctic Survey har to permanent bemanna forskingsstasjonar i territoriet:[9][10]


  • Halley

  • Rothera

Signy var i drift frå 1947 til 1996 og vert no berre bemanna om sommaren.[11] I tillegg finst det to sommarbemanna stasjonar ved Fossil Bluff og Sky Blu.


Faraday var i drift fram til 1996, då han vart seld til Ukraina og fekk namnet Akademik Vernadsky Station.[12]


Sidan 1996 har den historiske basen ved Port Lockroy på Goudier Island vore bemanna av UK Antarctic Heritage Trust om sommaren. Her kjem det kring 10 000 vitjande kvart år og er ein av dei mest vitja stadane på kontinent. Vitjande kan vitje museet, kjøpe suvenirar, poste brev og kort og sjå den store bøylepingvinkolonien.[13]


Argentina har hatt ein base i territoriet sidan 1903, Orcadas-basen på Sør-Orknøyane. Dette var den første basen i Antarktis.


Fleire andre land har basar i territoriet, mange på Sør-Shetlandsøyane.[7]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «British Antarctic Territory» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. «US National Science Foundation - Office of Polar Programs - The Antarctic Treaty». Henta 13. oktober 2012. 


  2. International law for Antarktis, s. 652, Francesco Francioni and Tullio Scovazzi, 1996


  3. Antarktistraktaten, National Science Foundation, Office of Polar Programs


  4. CIA World Factbook


  5. Chronological List of Antarctic Expeditions and Related Historical Events - R. K. Headland - Google Books. Books.google.co.uk. 1990-02-23. Henta 2012-08-13. 


  6. ben cahoon. «Britisk Antarktis». Worldstatesmen.org. Henta 2012-08-13. 


  7. 7,07,17,2 Britisk Antarktis, Country Facts, Foreign & Commonwealth Office


  8. 8,08,1 Commonwealth Secretariat Website


  9. «forskingsstasjons i Antarctic». British Antarctic Survey. Henta 13. oktober 2012. 


  10. Extreme Engineering: the challenges of working i Antarktis, Ingenia, September 2005


  11. «Signy forskingsstasjon». British Antarctic Survey. Henta 13. oktober 2012. 


  12. «Faraday Station - History». British Antarctic Survey. Henta 13. oktober 2012. 


  13. «Port Lockroy». UK Antarctic Heritage Trust. Arkivert frå originalen 2008-05-21. Henta 13. oktober 2012. 






Bakgrunnsstoff |


  • Chilensk statsvelde i Antarktis

  • UK Foreign Office

  • British Antarctic Survey

  • Britisk Antarktis

Koordinatar: 75°00′S 50°00′W

























Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?