Bern























Bern

Flyfoto av Gamlebyen
Flyfoto av Gamlebyen


Kommunevåpenet til Bern

Kommunevåpenet til Bern



Plassering




Bern is located in









Styresmakter
Land

Flag of Switzerland.svg Sveits

Kanton

kantonen Bern

Distrikt

Bern-Mittelland
Språk
tysk
Borgarmeister
Alexander Tschäppät
Geografi
Flatevidd
 - kommune


51,6 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik


133 920
  2 595,3 /km²
Koordinatar

46°57′0″N 7°27′0″EKoordinatar: 46°57′0″N 7°27′0″E
Høgd over havet
542 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer
3000

Nettstad: www.bern.ch

Bern (fransk: Berne) er hovudstaden i Sveits og den fjerde mest folkerike byen i landet (etter Zürich, Basel og Genève) med 140 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagt i 1191. Elva Aare deler byen. Kommunen har 133 920 innbyggjarar (2010) og eit areal på 52 km². Kommunesenteret ligg 542 meter over havet.




Utsyn over Aare.




Den sveitsiske nasjonalforsamlinga i Bern.


Bern er òg hovudstad for den tospråklege (tysk og fransk) kantonen Bern - den nest mest folkerike av Sveits sine 26 kantonar. Kantonen Bern har eit areal på 6049 kvadratkilometer og ca. 937 000 indbyggere (1990).


Ifølgje segna fekk Bern namnet sett frå at grunnleggjaren av byen felte ein bjørn (tysk: Bär) på staden der byen skulle bli bygd. Ein har i fleire hundreår halde bjørnar i fangenskap i Bern, og desse kan ein sjå i bjørnegrotta ved Nydeggbrücke.


Den gamle bydelen i Bern er utnemnt til eit av UNESCO sine verdsarvsområde.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Geografi


  • 3 Demografi


  • 4 Samferdsel


  • 5 Bakgrunnsstoff


  • 6 Kjelder




Historie |


Etter dei første busetjingane på Engehalbinsel nord for Bern under La Tène-tida vart byen i 1191 erobra av hertug Berthold V av Zähringen. I følgje segna kalla han byen Bern, fordi han skulle ha fanga ein bjørn på denne staden. Meir sannsynleg er likevel at Berchthold kalla opp byen til ære for sagnhelten Dietrich von bern, som han beundra (Bern er eit gammalt tysk ord for Verona). Berchthold bygde byen på landtunga i Aare, så han var naturleg verna på tre sider. På den fjerde sida mot land vart det ført opp ein bymur med vakttårn. Den verna plasseringa til byen gjordet det mogeleg med ein hurtig vekst i retning mot vest.


Etter at Zährunger-slekta døydde ut i 1218 vart Bern ein fri riksstad. Det endelege sjølvstendet til Bern kom med slaget ved Dornbühl (1298) og Laupenkrigen (1339). I sistnemnde slaget fekk Bern støtte frå kantonane Uri, Schwyz og Unterwalden, som Bern hadde danna forbund med i 1323. I 1353 gjekk Bern inn som det åttande området i det gamle eidsforbundet. Etter ein stor bybrann i 1405 gjenoppbygde ein byen i sandstein der bygningane tidlegare var av tre. Mellomalderbyen som oppstod då er i store trekk verna til i dag.


I 1439 og 1565 hadde ein to utbrot av pest i byen, der den siste varte i nesten to år og kosta 5000 bernarar livet. Mellom 1622 og 1646 bygde ein Grosse Schanze, som var ein forsvarsskanse mot vest. Skansen vart broten ned mellom 1834 og 1846 for å gjere plass til ei ny byutviding. Hovudbygninga av Bern universitet er bygd på dei siste restane av skansen.


På 1700-talet var innbyggjartalet svakt fallande, men på midten av 1800-talet steig folketalet påviseleg, og den første sveitsiske forbundssamlinga si utpeking av Bern som sete for styresmakt i forbundet i 1848 forsterka ytterlegare folkeveksten, som i stor utstrekking skjedde ved vandring frå landsby til by.[1] Med den stigande mengda borgarar vart òg den politiske styreforma i Bern endra, som hittil hadde bestått av ei mengd råd understøtta av rikmannsfamiliar. Deretter vart det innført ein Gemeindeversamlung, der det direkte demokrati vart utøvd i folkeforsamlinga, der det vart røysta ved handsopprekning. Desse vart i 1887 avløyst av hemmelege avstemmingar, der det vart valt ein borgarmeister og og mange delegasjonar. I 1894 oppnådde partiet absolutt fleirtal, og i åra fram til 1920 fekk Bern dermed den første sosialdemokratiske borgarmeisteren. Det politiske biletet i Bern byråd har frå 1950-talet vore prega av mange små parti. I 1968 oppnådde kvinnene politisk likerett i Bern.



Geografi |


Byen Bern ligg i det sveitsiske Mittelland ved elva Aare. Gamlebyen til Bern ligg ved ei elvehøgd, og bydelen ligg difor som ei landtunge med vatn på tre sider. Frå den gamle bydelen breier byen seg ut i ein 12 km stor radius.


Byen er omgjeve av høgdedrag og store skogområde. Sjølve hovudstaden Bern er omgjeven av ei rekkje omegnskommunar, og området har i alt omkring 350 000 innbyggjarar. Sjølve hovudstaden består av kommunane Bern, Bremgarten bei Bern, Köniz, Muri, Ostermundigen, Ittigen, Bolligen og Zollikofen, som til saman har omkring 200 000 innbyggjarar.



Demografi |


Folketalet i Bern kommune utgjorde 127 882 ved utgangen av 2006, av dette er 21 % utlendingar. Dei største utanlandske folkegruppene i Bern kjem frå Italia, Tyskland, tidlegare Jugoslavia og Spania.[2]




































Gjennomsnittleg folketal[3]
År1860187018801888190019101920193019411950196019701980199020002006
Innbyggere31 05037 54845 74348 60567 55090 937104 626111 783130 331146 499136 172162 405145 254136 338128 634127 882

Tysk er offisielt språk i Bern. Det blir talt spesielt ein dialekt som blir kalla Berndeutsch eller bernsk tysk, som er ein høgalemannisk dialekt og ein variant av sveitsartysk.


41 % av bernarane tilhøyrer Han reformerte kyrkje, 25 % tilhøyrer den romersk-katolske kyrkja (2005), omtrent 3,8 % er muslimar og omtrent 1,5 % tilhøyrer den ortodokse kyrkje (2000). Bern er sete for den kristenkatolske biskopen i Sveits, og synagogen i Bern er midtpunkt for det jødiske samfunnet, som har omtrent 340 medlemmar.[4]



Samferdsel |


Sveits har stort sett godt utbygget kollektivtransport, og kollektivtransporten i Bern er betre utbygt og meir brukt enn i dei fleste andre byar på same storleik. Byen har tre trikkeruter, tre trolleybussruter og 12 bussruter forutan S-bane og andre jarnbanesamband. I 2008 hadde byen heile 482 kollektivreiser per innbyggjar. (Göbel 2011)


Det gode kollektivtilbudet kan ha bidrege til at biltettheten i 2009 avtok for fjerde år på rad og sokk under 400 PR. 1000 innbyggjarar, mot 409 året før.


Berns flyplass Belp ligg sør i byen.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad


  • Bern (Gemeinde)tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.


  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Bern frå Wikivoyage

  • CityHunter Bern

  • Gurtenfestival


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Bern» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2012.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

  • Stefan Göbel 2011: Tram Bern West in Betrieb. Stadtverkehr 3/2011.



  1. Historische Lexicon der Schweiz, Die Siedlungs- og Bevölkerungsentwicklung


  2. Bevölkerungsstruktur Ende 2005 sowie Ende 2006 Bern in Zahlen


  3. Bevölkerungsbestand, Haushaltungen seit 1850, Statistikdienste der Stadt Bern, Bevölkerungsbestand, Haushaltungen seit 1850


  4. Jüdische Gemeinde Bern





Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...