Klaus Wolfermann







Klaus Wolfermann

Wolfermann,Klaus 2011 Sontheim.jpg

Fødd
31. mars 1946
Altdorf bei Nürnberg
Yrke
spydkaster

Klaus Wolfermann på Commons

Klaus Wolfermann (fødd 31. mars 1946) er ein tysk, tidlegare friidrettsutøvar frå Altdorf bei Nürnberg som tevla i spydkast. Han vart olympiameister i øvinga under OL 1972 i München, og var tysk meister seks år på rad; 1969-74. Wolfermann var medlem SV Gendorf.




Innhaldsliste





  • 1 Aktiv

    • 1.1 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap



  • 2 Bakgrunnsstoff


  • 3 Kjelder




Aktiv |


Wolfermann slo seg inn i verdseliten i spydkast i 1968, då han som best kasta 82,18 m. Han vart nummer to i den vesttyske meisterskapen bak Hermann Salomon, den beste vesttyske spydkastaren gjennom 1960-talet. Sesongen vart avslutta med OL-tur til Mexico, der han var langt unna å kvalifisere seg til finalen. Året etter, i 1969, vart han vesttysk meister framom førnemnde Salomon. Den store framgangen kom i 1970-sesongen, då han fleire gongar forbetra den vesttyske rekorden, sist til 86,46 m i september månad. Atter vart han vesttysk meister, noko han også vart i 1971. I 1971-sesongen nådde han 86,28 m, noko som gav han ein femteplass på årsstatistikken. Han vart nummer seks i europameisterskapen i Helsingfors.


I juni 1972 sette Wolfermann vesttysk rekord med 86,80 m i landskampen mellom Vest-Tyskland og Sovjetunionen i Augsburg. Han vart likevel klart slått av Jānis Lūsis, som vann med 89,38 m. Wolfermann auka den vesttyske rekorden til 87,20 m den 1. juli, nok ein gong i Augsburg. Midt i august la han på heile tre meter, til 90,40 m. Likevel var Lūsis den store favoritten til det olympiske spydgullet, ettersom han hadde sett verdsrekord med 93,80 m i Stockholm i juni. Den olympiske spydfinalen i München fann stad 3. september framom eit fullsett stadion, 75 000 tilskodarar. Lūsis opna med sterke 88,88 m i fyrste omgangen, og la på til 89,54 m i tredje omgang. Wolfermann låg på andreplassen etter 86,68 i fyrste omgang, og forbetra denne til 88,40 m i fjerde omgang. I femte omgang smelte han til med til med 90,48 m, ny olympisk rekord og vesttysk rekord. Lūsis svara i siste omgang med eit kjempekast, men 90,46 m var to cm for kort til å kapre gullmedaljen.


5. mai 1973 sette Wolfermann ny verdsrekord i spydkast med eit kast på 94,08 m i Leverkusen. Seinare i sesongen vann han spydkast-tevlinga i Europacupen for landslag, der han atter vart Lūsis sin overmann. Han tok elles sin femte strake vesttyske meistertittel, og året etter den sjette. Hans lengste kast i 1974-sesongen målte 88,26 m, berre finnen Hannu Siitonen kasta lenger, og under europameisterskapen i Roma i 1974 vart Wolfermann nummer fem.


I 1975 fekk Wolfermann si andre sølvmedalje i eit vesttysk meisterskap, bak den nye vesttyske meisterkastaren, Michael Wessing. Wolfermann makta ikkje å kvalifisere seg til Vest-Tysklands OL-tropp i 1976 og la opp i 1978.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |



  • OL 1968 i Mexico by: Utslått i kvalifiseringa (75,78 m)


  • EM 1971 i Helsingfors: Nr 6 – 80,82 m


  • OL 1972 i München: Gullmedalje – 90,48 m, framom Jānis Lūsis (90,46 m)


  • EM 1974 i Roma: Nr 5 – 83,36 m


Bakgrunnsstoff |



  • Klaus Wolfermann Olympics Sports Reference


Kjelder |



  • Friidrott, aktuelle årgangar. Helsingborg


  • Denne artikkelen bygger på «Klaus Wolfermann» frå Wikipedia på tysk, den 28. august 2012.


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?