avisa Sunnhordland
Sunnhordland er ei avis som kjem ut fem dagar i veka på Leirvik på Stord. Avisa vert gjeven ut av Bladet Sunnhordland A/S. 
Sunnhordland tek mål av seg å dekkja kommunane Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Kommunane ligg i regionen Sunnhordland, sør i Hordaland fylke. På folkemunne kallast avisa Vikalappen, etter Vikjo (Leirvik). 
Avisa hadde i 2009 27.000 lesarar per utgåve, viser tal frå Forbruker & Media.
Jens Hystad d.e. starta avisa i 1902. Fram til 1973 var Sunnhordland nærast einerådande i regionen.
Avisa har seinare vorte familieaksjeselskap og vert i dag driven av tredje generasjon med Jens Hystad (1946– ) som dagleg leiar og Håvard Hystad som ansvarleg redaktør. Redaksjonen tel 12 medarbeidarar, som utgjer 10 årsverk. Totalt er det 35 tilsette i verksemda. Avisa har eige lokalkontor på Fitjar.
Avisa lanserte si eiga nettutgåve 29. april 2006, som den nest siste dagsavisa i Noreg. Nettsida hadde i 2009 over 16.000 unike brukarar i veka. Samstundes lanserte dei ei pdf-løysing, der ein kan abonnera på nedlasting av avisa i staden for å få henne på papir.
Opplagstal | 
Utvikling i nettoopplag.[1]
| År | Nettoopplag | 
|---|---|
| 2000 | 8 506 | 
| 2001 | 8 400 | 
| 2002 | 8 242 | 
| 2003 | 8 179 | 
| 2004 | 8 183 | 
| 2005 | 8 185 | 
| 2006 | 7 985 | 
| 2007 | 7 832 | 
| 2008 | 7 832 | 
| 2009 | 7 498 | 
| 2010 | 7 137 | 
| 2014 | 6 571 | 
Bakgrunnsstoff | 
- Sunnhordland
Kjelder | 
 ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.