Jeremy Spencer






















Jeremy Spencer
Jeremy Spencer - 2009-06-14.jpg
Spencer på Chicago Blues Festival i 2009
Fødd
4. juli 1948 (70 år)
Fødestad
Hartlepool i County Durham i England
FødenamnJeremy Cedric Spencer
OpphavStorbritannia
Aktiv1967 til i dag
Sjanger
Blues, rock and roll
Instrumentvokal, gitar, piano
Tilknytte artistar
Fleetwood Mac, Steetley
PlateselskapReprise Records
Verka somMusikar, låtskrivar

Jeremy Cedric Spencer (fødd 4. juli 1948) er ein britisk musikar, mest kjend som gitarist i den originale besetninga av Fleetwood Mac.[1] Han var med på å starte Fleetwood Mac i juli 1967 og var med i bandet fram til han brått slutta i februar 1971, då han vart med ei religiøs gruppe kalla «Children of God», i dag kjend som «The Family International», der han framleis er medlem. Etter eit par soloalbum i 1970-åra, fortsatte han å turnere som musikar, men gav ikkje ut fleire album før 2006. Han gav ut to soloalbum til i 2012 og 2014 og har i nyare tid òg vore ein del av folketrioen Steetley.




Innhaldsliste





  • 1 Fleetwood Mac


  • 2 Etter Fleetwood Mac


  • 3 Diskografi

    • 3.1 Fleetwood Mac med Jeremy Spencer

      • 3.1.1 Andre samlingar


      • 3.1.2 Konsertalbum



    • 3.2 Soloalbum


    • 3.3 Steetley



  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff




Fleetwood Mac |


Sommaren 1967 vart Spencer oppdaga av den tidlegare Bluesbreakers-gitaristen Peter Green, som var på utkikk etter ein musikar som kunne bli med han i det nye Fleetwood Mac-prosjektet hans. Green hadde fått med seg trommeslagaren Mick Fleetwood og for ei kort stund bassisten Bob Brunning, og ønskte ein gitarist til for å fylle ut lyden på scenen. Spencer var då medlem av bluestrioen The Levi Set, og var alt ein dugande slidegitarist og pianist. Han passa bra inn og kort tid etter han kom med i bandet, kom også bassisten John McVie med.


Denne besetninga spelte inn to album med tradisjonelle bluessongar, der Spencer medverka med mange variasjonar av Elmore James sine tema, særleg versjonar av «Dust My Broom», i tillegg til nokre songar han laga sjølv. Green vart frustrert fordi Spencer ikkje ønskte å bidra til Green sine songar, medan Green alltid spelte på Spencer sine innspelingar om det var behov for det.[2] Sidan Spencer sine musikalske bidrag var ganske smale, henta Fleetwood inn ein tredje gitarist, den 18 år gamle Danny Kirwan, etter Mr. Wonderful i 1968. Dette albumet inneheldt fleire av Spencer sine Elmore James-melodiar.


Green og Kirwan arbeidde bra i lag musikalsk, og utvikla raskt ein stil som gav hittar som «Albatross», «Man of the World» og «Oh Well», ingen av dei med Spencer. Spencer fann seg sjølv isolert i bandet og valte å bidra lite til det tredje albumet, Then Play On. Det var meininga at albumet skulle kome i lag me ein EP me songane til Spencer, men dette vart aldri noko av. Til slutt var det einaste bidraget hans noko piano på den nyklassiske episke musikkstykket til Green, «Oh Well Pt. 2».


På scenen var derimot Spencer ein viktig del av bandet, med ein fast del med gamle bluessongar som var ekstremt populære hos publikum. Spencer var dyktig til å etterlikne folk, og etterlikna Elvis Presley, Buddy Holly, Elmore James, John Mayall og andre han følte for på scenen. Han dreiv òg stundom med opptreden på scenen, særleg på dei tidlege konsertane, som stundom fekk bandet i trøbbel og dei vart mellom anna bannlyste frå Marquee Club i London.[3] Denne ville scenestemninga vart fanga på innspeligna til Spencer kalla «Someone's Gonna Get Their Head Kicked in Tonite», som vart valt som B-sida til den milde «Man of the World» i 1969.




Jeremy Spencer, 18. mars 1970


Utanom på scenen, var Spencer ofte roleg og tilbaketrekt, og dei andre bandmedlemmane hugsar at han las i Bibelen på hotellrommet sitt, noko som var stikk i strid med personen han var på scenen.[4]


Spencer vart det første medlemmet i Fleetwood Mac som gav ut eit soloalbum, berre kalla Jeremy Spencer, i 1970. Dette albumet inneheldt parodiar og mororsame songar frå 1950-åra, men vart ikkje ein suksess. Det har så langt ikkje blitt gjeve ut på CD.


Då Green slutta i Fleetwood Mac midt i 1970 var det snakk om å legge ned bandet. Men bandet heldt i lag og både Spencer og Kirwan arbeidde på nye songar, som kom med på Kiln House, som kom ut på seinsommaren 1970. For første gong var det ikkje Elmore James-songar på albumet, og i staden inneheld det fleire av Spencer sine parodiar av 1950-talssongar, inkludert Buddy Holly-hyllesten «Buddy's Song». Ein annan song, «One Together», vart innom ei mange personane Spencer nytta på scene.[4]


Under ein turné i USA i februar 1971 med den nye klaverspelaren Christine McVie, som no var med i bandet, vart Spencer stadig meir desillusjonert av livet sitt i Fleetwood Mac, og har nemnt i fleire intervju ei hending då bandet lytta til ei innspeling av ein gammal konsert. Då han høyrte seg sjølv synge sa han: «Det høyres forferdeleg ut. Det høyrest ut som drit.»[3] I følgje Mick Fleetwood hadde Spencer visstnok vanskar med å kome seg att etter ein trip på meskalin tidleg på den amerikanske turneen. Kort tid før bandet skulle reise frå San Francisco til Los Angeles, opplevde LA eit kraftig jordskjelv. I ein dårleg mental tilstand og fylt med sterke negative forvarsel, var Spencer særs mykje i mot å reise til LA. Han klarte ikkje å overtyde Fleetwood Mac om å avlyse denne delen av turneen.[5] Kort tid etter dei kom til LA, same dag som dei skulle spele på Whisky A Go Go, drog Spencer frå hotellrommet han delte med Fleetwood for å vitje ein bokhandlar på Hollywood Boulevard. Han kom ikkje attende, og bandet måtte avlyse konserten den kvelden, medan bandet og følgjet deira leita etter han. Nokre dagar seinare vart han funnen i lag med den religiøse gruppa Children of God, og erklærte at han ikkje lenger ønskte å vere med Fleetwood Mac. Spencer vart ikkje overtydd om å kome attende til bandet, og dei måtte kjempe seg vidare utan han. Dei fekk først hjelp av Peter Green, før dei henta inn den nye gitaristen Bob Welch.[5]


Trass i rykte om hjernevasking og at han vart tvungen inn i organisasjonen, har Spencer alltid hevda at han vart frivillig med i organisasjonen. Han blei møtt av ein ung mann kalla Apollos, som samtalte med Spencer om Gud, og inviterte han til eit nærliggande misjonssenter, der dei andre medlemmane var. I løpet av kvelden vart Spencer overtydd om å bli med i gruppa.[6] Trass i at han var overtydd om at han hadde teke det rette valet, syns han måte han forlet bandet på var feil: «Det skjedde på feil måte. Eg burde sagt i frå med ein gong, men eg var desperat.»[7]



Etter Fleetwood Mac |


Spencer og den dåverande kona hans Fiona flytta til USA for å busetje seg med Children of God, og danna snart eit nytt band i organisasjonen, som heldt gratiskonsertar landet over. Dei spelte inn albumet Jeremy Spencer and the Children, men det selde dårleg. Ein veit relativt lite om denne tida av livet hans, men han reiste verda rundt med musikken og organisasjonen, og flytta til Brasil i 1975, og sidan til Italia i 1977.[8]


I 1978 leigde eit medlem av Children of God Martin og Steven Machat for å representere Spencer og det nye bandet sitt. The Machats sikra seg så ein stor platekontrakt med Atlantic Records i New York. I 1978–79 spelte det nydanna Jeremy Spencer Band in albumet Flee, som selde dårleg. I 1980-åra budde Spencer på Filippinane, før han arbeidde i India i 1990-åra, og spelte veldedige konsertar. Han budde seinare i Irland og Tyskland, og arbeider framleis for Children of God (no kalla Family International), hovudsakleg som bokteiknar og manusforfattar.[7] Han har alltid spelt musikk, ofte for si eiga skuld, men har i nyare tid dukka opp ved forskjellige blues- og gospel-samlingar. I 2006 gav han ut eit nytt album, Precious Little, som vart spelt inn i Noreg. Albumet var eit steg attende til blues og slidegitar-stilen han vart kjend for i Fleetwood Mac.


Spencer vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998 for arbeidet sitt i Fleetwood Mac.


I 2012 gav Spencer ut albumet Bend in the Road, som art spelt inn i Tempermill Studios i Ferndale i Michigan (ein forstad til Detroit). Dette vart følgd opp i 2014 med Coventry Blue.



Diskografi |



Fleetwood Mac med Jeremy Spencer |



  • Fleetwood Mac (Blue Horizon 1968)


  • Mr. Wonderful (Blue Horizon 1968)


  • English Rose (Epic 1969—US only)


  • The Pious Bird of Good Omen (Blue Horizon 1969—UK only)


  • Then Play On (Reprise 1969)


  • Fleetwood Mac in Chicago/Blues Jam in Chicago vols 1 & 2 (Blue Horizon 1969)


  • Kiln House (Reprise 1970)


Andre samlingar |



  • The Original Fleetwood Mac (CBS 1971 – innspelingar frå 1967–68)


  • Greatest Hits (CBS 1971 – samling)


  • The Best of Fleetwood Mac (Reprise c1971 – berre i Tyskland)


  • The Hits of Fleetwood Mac (Columbia 1990 – samling)


  • Original Fleetwood Mac: The Blues Years (3-CD set, Castle 1990)


  • 25 Years – The Chain [4-CD box set] (Warner 1992)


  • Like It This Way (Elite – samling)


  • The Vaudeville Years of Fleetwood Mac 1968 to 1970 [2CD Box set] (Receiver 1998)


  • Show-Biz Blues 1968 to 1970 [2CD Box set] (Receiver 2001 – følgde Vaudeville Years)


  • The Complete Blue Horizon Sessions 1967–1969 [Box set] (Columbia UK, 1999)


  • The Best of Peter Green's Fleetwood Mac (Columbia 2002 – samling)


  • Madison Blues [3 disc box-set] (Shakedown 2003 – innspelt 1970–71)


  • Green Shadows (Union Square Music 2003 – samling)

  • Black Magic Woman (Epic 2004 – samling)


  • The Essential Fleetwood Mac (Sony BMG 2007 – 2CD samling)


Konsertalbum |



  • Live at the BBC (Castle 1995 – spelt inn 1967–71)


  • Shrine '69 (Rykodisc 1999 – spelt inn 25. januar 1969)


  • The Blues Collection (Castle, 1989 eller 1992)


  • Live at the Boston Tea Party, vols 1–3 (spelt inn 5–7. februar 1970. )


  • Jumping at Shadows: The Blues Years (gjeve ut 2002)


Soloalbum |



  • Jeremy Spencer (Reprise, 1970)


  • Jeremy Spencer and the Children (CBS, 1972)


  • Flee (Atlantic, 1979)


  • In Concert – India 1998 (PolyGram India, 1999)


  • Precious Little (Bluestown, 2006)


  • Bend in the Road (Propelz, 2012)


  • Coventry Blue (Propelz, 2014)


Steetley |



  • The Moment She Fell (2013)


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Jeremy Spencer» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  • Classic Rock Magazine Article by Martin Celmins

  • NME magazine interview (by Steve Clark), 5 October 1974



  1. Rawlings, Terry (2002). Then, now and rare British Beat 1960–1969. Omnibus Press. s. 77. ISBN 0-7119-9094-8. 


  2. The Penguin Q&A with Jeremy Spencer, June 1999


  3. 3,03,1 Fleetwood Mac – «The Vaudeville Years» (booklet notes), 1998


  4. 4,04,1 "Insight» – BBC Radio Interview with Mick Fleetwood, John McVie and Christine McVie, November 1976.


  5. 5,05,1 Mick Fleetwood (1990). Fleetwood–My Life and Adventures with Fleetwood Mac. Sidgwick & Jackson Ltd. ISBN 0-283-06126-X. 


  6. Jeremy Spencer intervjua av Steve Clark, NME magazine, 5. oktober 1974.


  7. 7,07,1 Jeremy Spencer interviewed by Martin Celmins, Classic Rock magazine, March 2006.


  8. Atlantic Records Publicity Biography – The Jeremy Spencer Band, 1979





Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad


  • Jeremy Spencer sin diskografi på MusicBrainz


  • Rock and Roll Hall of Fame – Fleetwood Mac i 1998


  • JYNXT – Band med tre av barna til Spencer


  • Video på YouTube
















Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...