Samia Suluhu












Samia Hassan Suluhu

Samia Suluhu Hassan.jpg

Fødd

27. januar 1960

sultanatet Zanzibar


Parti

Chama cha Mapinduzi

Verv

Visepresident i Tanzania
 - periode
5. november 2015–
 - føregangar

Moham Gharib Bilal

Samia Hassan Suluhu (fødd 27. januar 1960) er ein tanzaniansk politikar for Chama cha Mapinduzi (CCM). Ho vart visepresident i Tanzania i 2015, under president John Magufuli. Før ho vart visepresident var ho representant for Makunduchi i Den tanzanianske nasjonalforsamlinga frå 2010 til 2015. Før dette igjen var ho medlem i Den zanzibarske regjeringa frå 2000 til 2010 under president Amani Abeid Karume.



Karriere |


Suluhu byrja å arbeide som funksjonær i Planleggings- og utviklingsdirektoratet etter å ha fullført vidaregåande utdanning i 1977. I 1986 fullførte ho utdanning innan offentleg administrasjon ved Institute of Development Management (dagens Mzumbe universitet).[1] Etter dette arbeida ho i eit prosjekt finansiert av Verdas matvareprogram. Mellom 1992 og 1994 tok ho økonomiutdanning ved University of Manchester.[2] I 2005 tok ho ein master i Community Economic Development i eit samarbeidsprogram mellom Open University of Tanzania og Southern New Hampshire University.[1]


Ho gjekk inn i politikken i 2000. Ho vart vald til eit spesialsete i Den zanzibarske nasjonalforsamlinga, og vart utnemnt til minister av president Karume. Ho vart vald igjen i 2005 og utnemnt til minister i eit anna departement.[2]


I 2010 vart ho vald til Den tanzanianske nasjonalforsamlinga frå valdistriktet Makunduchi, og vann med over 80 % av røystene. President Jakaya Kikwete utnemnde ho til Minister of State for Union Affairs. I 2015 vart ho oppnemnt til visepresidentkandidat av John Magufuli, og vart sett inn som visepresident 5. november 2015 etter at dei vann valet.



Referansar |




  1. 1,01,1 «Member of Parliament CV» (engelsk). Den tanzanianske nasjonalforsamlinga. Arkivert frå originalen 13. juli 2015. Henta 29. mars 2017. 


  2. 2,02,1 Alvar Mwakyusa (18. september 2014). «Tanzania: Samia Suluhu Hassan - a Tough Journey From Activism to Politics» (engelsk). AllAfrica. Henta 29. mars 2017. 



Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?