Heimskringla




Tre av dei fyrste utgåvene av Heimskringla på norsk, utgjevne på J.M. Stenersen & Co.s Forlag: Øvst til venstre: Nasjonalutgåva på landsmål frå 1900, nederst til venstre nasjonalutgåva på bokmål frå 1900 og til høgre: Praktutgåva frå 1899.
Foto: K.A. Gallis



Heimskringla, og kalla Norske kongesoger, er ei samling av kongesoger nedskriven kring 1220-talet av islendingen Snorre Sturlason (1179—1242).


Sogene byrjar med Ynglingesoga, soga om Ynglingeætta i Sverige (Svitjod). Etter kvart vert hovudsakleg norske kongar frå 900-talet til 1100-talet omtala. Sogene sluttar med at Øystein Øysteinsson Møyla døyr i 1177.


Namnet Heimskringla kjem av opningsorda i verket, Kringla Heimsins, den runde jordskiva. Heimskringla eller dei norske kongesogene har hatt mykje å seie for å skapa ei norsk nasjonalkjensle.


Heimskringla inneheld dei fylgjande sogene:


  • Ynglingesoga

  • Soga om Halvdan Svarte

  • Soga om Harald Hårfagre (døydde om lag 931)

  • Soga om Håkon den gode (døydde 961)

  • Soga om Harald Gråfell (døydde 969)

  • Soga om Olav Tryggvason (døydde 1000)

  • Soga om Olav Haraldsson (døydde 1030)

  • Soga om Magnus den gode (døydde 1047)

  • Soga om Harald Hardråde (døydde 1066)

  • Soga om Olav Kyrre (døydde 1093)

  • Soga om Magnus Berrføtt (døydde 1103)

  • Soga om Sigurd Jorsalfare (døydde 1130) og brørne hans

  • Soga om Magnus den blinde (avsett 1135) og om Harald Gille (døydde 1136)

  • Soga om Sigurd (døydde 1155), Øystein (døydde 1157) og Inge (døydde 1161), sønene til Harald Gille

  • Soga om Håkon Herdebrei (døydde 1162)

  • Soga om Magnus Erlingsson (døydde 1184)


Utgåver |


Den første trykte utgåva av Heimskringla kom i Sverige i Johan Peringskiölds omsetjing til svensk og latin i 1697.



I Noreg vart boka første gong utgitt av Carl Richard Unger i 1868 (Brøgger & Christie, Christiania). Ho vart utgitt på nynorsk i 1874-77 i Steinar Schiøtts omsetjing.




Ei gjennomillustrert «folkeutgåve» av Snorre Sturlassons kongesagaer på norsk vart gjeven ut av J. M. Stenersens forlag & Co i 1899.
Klikk på bildet for å bla i eller laste ned boka som e-bok i dvju-format.


Ei rad framståande norske kunstnarar vart i 1896–99 inviterte av forleggaren J.M. Stenersen til å lage ei illustrert prakt- og folkeutgåve av Heimskringla. Desse kunstnarane var Christian Krohg, Erik Werenskiold, Halfdan Egedius, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Wilhelm Wetlesen.



Bakgrunnsstoff |


  • Heimskringla på norrønt

  • Heimskringla på nynorsk


Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command