Uglitsj

















Uglitsj
Углич


Horisonten til



Byvåpenet til Uglitsj

Byvåpenet til Uglitsj



Plassering




Uglitsj is located in Russland









Styresmakter
Land

Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt

Jaroslavl oblast
Grunnlagd
937
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)


35 427
Koordinatar

57°32′″N 38°20′″EKoordinatar: 57°32′″N 38°20′″E
Tidssone
- Ved sommartid

MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf)
+7 48532

Nettstad: www.uglich.ru

Uglitsj (russisk У́глич) ) er ei historisk by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, rundt 100 km vest for Jaroslavl.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Økonomi og næringsliv


  • 3 Attraksjonar


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder




Historie |




Dmitrijkyrkja (eller Blodskyrkja) i Uglitsj




Uglitsj vasskraftverk




Gjenoppstandelsesklosteret i Uglitsj (1677)


Ei lokal segn daterer grunnlegginga av byen til 937. Han vart først nemnd i skriftleg kjelder i 1148, som Uglitsje Pole (tyder Hjørnejordet). Ein reknar med at namnet viser til svingen i Volga like ved.


Uglitsj var sete for eit lite fyrstedøme frå 1218 til 1328, då dei lokale fyrstane selde rettane sine til storfyrsten av Moskva. Som ein grenseby for Storfyrstedømet Moskva vart han brend fleire gonger av litauarar, tatarar og storfyrsten av Tver.


Storhertug Ivan III av Moskva gav byen til den yngre bror sin Andrej Bolsjoj i 1462. Under styret til Andrej vart byen utvida og dei første steinbygningane vart oppført, mellom anna katedralen (ombygd i 1713), Forbønnsklosteret (øydelagd av bolsjevikane) og det raude teglsteinspalasset til fyrsten (fullført i 1481 og bevart til i dag).


Under styret til Ivan den grufulle gjekk byen over til den einaste bror hans, Jurij. Dei lokale innbyggjarane hjelpte tsaren med å ta Kazan, ved å bygge ei trefestning som vart frakta langs Volga heilt til Kazan. Heile 1500-talet var ei tid i framgang for Uglitsj både politisk og økonomisk, men så kom ei tid med tilbakegang.


Etter Ivan døydde vart den yngste son hans, Dmitrij Ivanovitsj, forvist til Uglitsj i 1584. Den mest kjende hendinga i byen fann stad 15. mai 1591 då den 10 år gamle guten vart funne død med strupen skoren over i borggarden til palasset. Mistanken fall med ein gong på hovudrådgjevaren til tsaren, Boris Godunov. Offisielle granskarar konkluderte derimot med at dødsfallet var ei ulukke. Dei skar ei «tunge» frå klokken i katedralen som hadde ringt nyhendene om dødsfallet til Dimitrij og «forviste» ho til Sibir.


Sidan Dimitrij var den siste ættlingen av det eldgamle Rurik-dynastiet, så førte dødsfallet hans til den dynastiske og politiske krisen kjend som urotida i Russland. Folk trudde villig vekk at Dimitrij var i live og støtta opp om fleire falske Dmitrijer (Falske Dmitrij I, Falske Dmitrij II, Falske Dmitrij III) som prøvde å ta over trona i Moskva. Under dei urolege tidene omleira polakkane Aleksejevskij- og Uleima-klostra, brente dei til grunnen og tok livet av alle som hadde søkt tilflukt der.




Dmitrijkyrkja frå Volga


Romanov-tsarane prioriterte å få kanonisert den martyrdrepne tsarevitsjen og å gjere Uglitsj til ein pilegrimsstad. På staden der Dimitrij hadde vorte myrda bygde byen i 1690 den vesle men vakre Dimitrijkyrkja (eller Blodskyrkja), som dukkar opp i horisonten med raude veggar og blå kuplar når ein seglar nordover på Volga. Palasset der prinsen budde vart gjort til eit museum. Biletet av tsarevitsj med ein kniv i handa vart nytta som emblemet til byen.


I den første tredjedelen av 1700-talet vart kreml-katedralen og dei merkverdige klokketårna rive og bygd opp att. Andre landemerke frå 1700-talet er Smolenskaja-, Korsunskaja-, Kazanskaja- og Bogojavlenskaja-kyrkjene. Den viktigaste bygningen frå 1800-talet er katedralen i Epifaniklosteret, innvigd i 1853.


På 1930-talet medførte avgjersla til Stalin om å bygge Uglitsj-reservoaret til alvorleg flaum i utkanten av byen.



Økonomi og næringsliv |


Industrien i byen består i maskinbygging, treforedling og møbelindustri. I byen ligg òg ein jernbanestasjon og eit vasskraftverk. Byen hadde tidlegare òg ein kjend fabrikk for armbandsur kalla Chaika, som no er nedlagd.



Attraksjonar |


Bortsett frå i kremlen i byen så har Uglitsj òg andre flotte døme på gammal russisk arkitektur. Verdt å merke seg er Aleksejevskij- og Gjenoppstandelsesklostra.


Den tre-spira Maria Himmelfartskyrkja (1628) i Aleksejevskijklosteret vert rekna som ein juvel innan russisk mellomalderarkitektur. Like ved ligg òg den meir konvensjonelle Johanneskyrkja (1681).


Nærare breidda til Volga kan ein sjå Gjenoppstandelsesklosteret med den enorme katedralen, refektorium, klokketårnet og sommarkyrkja. Alle desse bygningane står på rekke og er datert til 1674-77. Vis-a-vis klosteret ligg Johannes Fødsels kyrkje. Ho vart bygd i 1689-90 av ein lokal handelsmann for å minne staden der sonen hans hadde drukna.



Bakgrunnsstoff |



  • Uoffisiell nettportal for Uglitsj (russisk)


  • Uglitsj på MojGorod (russisk)


Kjelder |



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Uglitsj» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.






Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?