Lindås kommune
| Lindås kommune | ||
kommune | ||
| ||
| Land | ||
|---|---|---|
Fylke | Hordaland | |
Adm.senter | Knarvik | |
| Areal | 476 km² | |
| - land | 458 km² | |
| - vatn | 18 km² | |
| Folketal | 15 789 (1. januar 2018) | |
| Folketettleik | 34 / km² | |
Målform | nynorsk | |
Ordførar | Astrid Aa. Byrknes (KrF) | |
Kommunenr. | 1263 | |
Wikimedia Commons: Lindås | ||
Nettstad: www.lindas.kommune.no | ||
- Sjå namnet Lindås for annan bruk av namnet.
Lindås er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Lindås vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837.
Kommunen grensar etter 1964 i nord mot Masfjorden og Modalen, og i vest mot Austrheim og Radøy. Andre nabokommunar er det ikkje landgrense mot, men over fjordar eller tronge sund vert Lindås omgjeve av kommunane Gulen i nord, Vaksdal og Osterøy i aust, Bergen i sør, og Meland i vest.
Innhaldsliste
1 Lokalaviser
2 Kultur
2.1 Tusenårsstad
3 Politik
4 Idrett og aktivitet
5 Kjende personar frå Lindås
6 Bakgrunnsstoff
Lokalaviser |
Lokalaviser som dekkjer kommunen er Strilen og Nordhordland. Regionavisane Bergens Tidende og Bergensavisen har noko stoff frå kommunen.
Kultur |
Lyngheisenteret på Lygra er et kulturlandskapsmuseum for Nordhordland og lyngheiområdet langs kysten av Vestlandet. Senteret er etablert som eit resultat av Lindåsprosjektets arbeid i 1970-åra då lyngheikulturen blei dokumentert.
Tusenårsstad |
Kommunen sin tusenårsstad er Kongshaugen på Seim, som også vert kalla Håkonshaugen.
Politik |
I perioden 2015-2019 er Astrid Aarhus Byrknes ordførar i Lindås Kommune. Ho representerer Kristeleg Folkeparti. Varaordførar er Nina Bognøy og kjem frå Arbeiderpartiet. Tredje største parti i Lindås Kommune er Fremskrittspartiet, ledet av Bjarte Vatnøy. Dei minste partia i Lindås kommune er Rødt, MDG og Sosialistisk Venstreparti.
Idrett og aktivitet |
Lindås Idrettsråd (LIR) sin primære oppgåve er å vere bindeledd mellom idretten og kommunen, og arbeide for best moglege vilkår for idretten i Lindås kommune. Rådet er eit felles organ for all idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF), og idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i LIR. LIR blei oppretta i 1996, og har hausten 2012 over 3000 aktive medlemar i 16 medlemslag med over 20 særidrettar. Rådet har eit styre med 6 medlemar, vedtekter godkjent av NIF, og ein handlingsplan med mål og tiltak. Arbeidsoppgåver i seinare tid har i hovudsak vore:
- fordeling av lokale aktivitetsmidler (LAM)
- uttaling til kommunen på vegner av idrettslaga om prioriteringar av aktivitetar, anlegg og kulturmidlar
- dokumentasjon/àjourhald av anleggsoversikter
- utdeling av idrettsstipend
- delta i utvikling av idrettspolitiske handlingsplanar
Idrettslag: IL Alvidra - Eikanger Idrettslag - FIL AKS-77 - Knarvik IL - Lindås Idrettslag - Nordhordland Ballklubb (NBK) - Seim IL - Seim Sportsskytterlag - Nordhordland Skiklubb - Nordhordland Dykkerklubb - Nordhordland Skeiseklubb - Nordhordland Karateklubb - Nordhordland Hestesportklubb - Holy Riders MC Racing - Nordhordland Sykkelklubb - Nordhordland Flyklubb
IL Alvidra, Knarvik IL og Seim IL har inngått samarbeid om friidrett i FIL AKS-77. AKS-77 har sidan 1983 arrangert Knarvikmila.
NBK har eit samarbeid innan fotball i høgare årsklassar mellom Alvidra, Knarvik og Seim, medan dei lokale idrettslaga har eigne lag i yngre årsklassar.
Lindås Skytterlag, fotballgruppa, håndballgruppa og trimkarusellen er noko av idretten i nordre del av kommunen.
Lindås IL har planer om å byggje både svømmebasseng, bowlinghall, garderober, tribuner og kunstgress på grusbanen sin. Både Nordhordlandshallen i Knarvik og den nye flotte Lindåshallen er praktbygg som heile kommunen har stor glede og nytte av.
Kjende personar frå Lindås |
Olav Hodne, misjonsprest Dr. theol for Den norske Santalmisjon
Ivar Medaas, visesongar, musikar, revyskodespelar
Aslaug Låstad Lygre, lyrikar
Erlend Sellevold, musikar i Ralph Myerz And The Jack Herren Band
Bakgrunnsstoff |
- Lindås kommune
Kommunar i Hordaland | ||
|---|---|---|
| ||
|