Murmansk oblast
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Murmansk | ||||
Areal - Totalt | Rangering: 29. 144 900 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 61. ca. 795 400[1] (2010) | ||||
Føderalt distrikt | Nordvestlege | ||||
Økonomisk region | Nordlege | ||||
Regionsnummer | 51 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Marina Vasiljevna Kovtun | ||||
Nasjonalsong | | ||||
Tidssone | UTC +0300 | ||||
Murmansk oblast (Му́рманская о́бласть) er ein oblast, eit russisk «fylke», i nordvestre delen av Russland, og eit russisk føderasjonssubjekt. Administrativt senter er Murmansk. Arealet er 144 900 km², og det bur 795 400 der (2010).
Innhaldsliste
1 Geografi
1.1 Tidssone
2 Historie
3 Demografi
4 Administrativ inndeling
4.1 Rajonar («kommunar»)
4.2 Lukka område
5 Sjå også
6 Fotnotar
Geografi |
Geografisk er Murmansk oblast lokalisert nesten utelukkande på Kolahalvøya, og ein del av Sápmi. Murmansk oblast har grense til Republikken Karelia i Russland, Finnmark i Noreg og Lapplands län i Finland.
Tidssone |
Murmansk oblast bruker Moskva-tid. Sett frå Sør-Varanger står dei altså opp to timar tidlegare på andre sida av Pasvikelva, mens dei står opp ein time tidlegare rundt Enaresjøen, der elva kjem frå.
Historie |
Hamna i Murmansk
Demografi |
Det store fleirtalet av folket i Murmansk oblast er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var dei største folkegruppene:[1]
Russarar: 80,8 %
Ukrainarar: 4,3 %
Kviterussarar: 1,5 %
Urfolk og finsk-ugriske folkeslag som budde i området før russarane kom, er no små minoritetar:
Komiar: 1649 (0,2 %)
Samar: 1599 (0,2 %)
Karelarar: 1376 (0,2 %)
I tillegg til dette kjem det at 9,2 % ikkje oppgav etnisitet ved folketeljinga.
Den einaste større byen er Murmansk (307 300 ibuarar).[1]
Administrativ inndeling |
Rajonar («kommunar») |
Murmansk oblast består av desse kommunane, eller rajonane (russ.: районы):
Kolskij (Кольский)
Kovdorskij (Ковдорский)
Lovozerskij (Ловозерский)
Petsjengskij (Печенгский)
Terskij (Терский)
Lukka område |
Sjølv om den kalde krigen er over er det framleis ein del område som er lukka for utlendingar, og også lukka for russiske statsborgarar utan spesiell løyve til å dra dit.
Ostrovnoj (Островной)
Poljarnyj (Полярный)
Severomorsk (Североморск)
Skalistyj (Скалистый)
Snezjnogorsk (Снежногорск)
Vidjajevo (Видяево)
Zaoziorsk (Заозёрск)
Sjå også |
- Barentsregionen
Fotnotar |
↑ 1,01,11,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Russiske oblast | ||
|---|---|---|
Amur | Arkhangelsk | Astrakhan | Belgorod | Brjansk | Irkutsk | Ivanovo | Jaroslavl | Kaliningrad | Kaluga | Kemerovo | Kirov | Kostroma | Kurgan | Kursk | Leningrad | Lipetsk | Magadan | Moskva | Murmansk | Nizjnij Novgorod | Novgorod | Novosibirsk | Omsk | Orenburg | Orjol | Penza | Pskov | Rjazan | Rostov | Sakhalin | Samara | Saratov | Smolensk | Sverdlovsk | Tambov | Tjumen | Tomsk | Tsjeljabinsk | Tula | Tver | Uljanovsk | Vladimir | Volgograd | Vologda | Voronezj | ||
Barentsregionen | |
|---|---|
Finnmark · Nordland · Troms · Västerbotten · Norrbotten · Lappland · Norra Österbotten · Kajanaland · Murmansk · Arkhangelsk · Komi · Karelia · Nenetsia |
|
