Kol


Kol er òg eit anna namn på grunnstoffet karbon.



Døme på kol.


Kol er ei samnemning for brennbare sedimentære bergartar som inneheld karbon. Dei er svarte eller brunsvarte, og
for det meste danna av planterestar. Ufullstendig brend timber vert òg kalla kol. Kol har stor økonomisk verdi, og kolkraft vert mellom anna nytta i kraftverk (kolkraftverk).




Innhaldsliste





  • 1 Ulike typar kol

    • 1.1 Andre typar kol



  • 2 Kol i verda


  • 3 Bruk av ordet kol


  • 4 Bakgrunnsstoff




Ulike typar kol |


Ei enkel grovinndeling av koltypane som finst deler dei inn slik:


  • Fossila kol: Kol som er skapt i økosystem av myrer der plantedelar blei verna mot oksidering og nedbryting. Torv er eit forstadium til kol.

    • Brunkol er eit yngre fossilt kol med låg energiverdi som hovudsakleg kjem frå den geologiske perioden tertiær. Brunkol er ein sedimentær bergart som hovudsakleg blir brukt i kraftproduksjon.


    • Steinkol er eit eldre fossilt kol med høgare energiverdi, hovudsakleg danna i karbontida. Også steinkol er ein sedimentær bergart og blir i tillegg til kraftproduksjon også brukt til koks.


    • Antrasitt er eit uvanleg hardt fossilt kol med høg energiverdi. Dette kan reknast som ein metamorf bergart då det har vore utsett for høgt trykk og temperatur.

Inndelinga av kol baserer seg på delen av flyktige bestanddelar, og varierer mellom ulike land.



Andre typar kol |



  • Koks blir laga gjennom oppvarming av steinkol, slik at flyktige delar forsvinn og det som er igjen smelter saman.


  • Trekol blir laga gjennom oppvarming av tre.


Kol i verda |


Kolreservane i verda utgjer over 1 billion tonn. Det samla globale forbruket er på omkring fem milliardar tonn/år. Frå 1990 til 2006 gjekk forbruket i Europa ned 36 %. Reserver, forbruk (kring 2006) og venta forbruk i 2025 etter land/område:[1]






































OmrådeReserver %Forbruk (mill tonn)Venta bruk i 2025
USA2710941505
Russland17251288
Kina1315313242
India10431736
Australia9
Sør-Afrika5
Europai1117853
Andre1910161602

iUtanom Russland



Bruk av ordet kol |


Ordet «kol» er ofte blitt brukt for å visa til noko som er heilt svart, og er brukt i nokre namn, som Kolbein og Kolbjørn.



Bakgrunnsstoff |



  1. National Geographic (norsk utgåve), nr 14, 2006.



Spire Denne geologiartikkelen som har med kjemi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister