Judeafjella


Koordinatar: 31°40′N 35°10′E









Judeafjella
fjellkjede

JerusalemMountains.jpg

Judeafjella

Land

Flag of Israel.svg Israel, Flag of Palestine.svg Palestina
Region

Vestbreidda

Distrikt

Jerusalem distrikt

Koordinatar

31°40′N 35°10′E





Israel location map.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Judaean Mountains

Judeafjella (hebraisk הרי יהודה Harei Yehuda, arabisk جبال الخليل, Jibal al-Khalil), òg kalla Hebronåsane, er ei fjellkjede i Israel og på Vestbreidda der Jerusalem og fleire andre bibelske byar ligg. Fjella når ei høgd på 1 000 m.[1]




Innhaldsliste





  • 1 Geografi


  • 2 Geologi og førhistorie


  • 3 Samferdsle


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff




Geografi |




Utsyn frå Beit Meir i Judeafjella.


Judeafjella går frå nord til sør gjennom Vest- og Aust-Jerusalem, Hebron, Betlehem og Ramallah. Fjella dannar eit naturleg skilje mellom Shephelah-kystslettene i vest og Jordandalen i aust. Judeafjella var dekte av tett skog i antikken. Åsane består av terra rossa-jorda over hard kalkstein.[1]



Geologi og førhistorie |


Judeafjella er overflata av ei rekkje monokline foldingar som strekkjer seg nord-nordvest gjennom Israel. Foldinga er eit sentralt uttrykk for den syriske bogen av antiklin folding som byrja i sein krittid i nordaustlege Afrika og det sørvestlege Asia. Den syriske bogen strekkjer seg aust-nordaust over Sinai, og snur nord-nordaust gjennom Israel og heldt fram aust-nordaust inn i Syria. Den israelske delen ligg parallelt til Daudehavsforkastinga som ligg like i aust.[2][3]


I førhistorisk tid levde det dyr i området som ikkje finst her lenger, som elefantar, flodhestar, giraffar og vassbøffel. [4]


Fjellkjeda har karstlandskap med mange grotter, som stalaktittgrotta i Nahal Sorek nasjonalpark mellom Jerusalem og Beit Shemesh og området kring Ofra, der ein har funne fossil av plante- og dyreliv frå førhistoria.



Samferdsle |


Israel Railways har ein linje frå Beit Shemesh langs Sorekelva og Rephaimdalen til Jerusalem Malha togstasjon.



Sjå òg |


  • Israelsk vin

  • Turisme i Israel

  • Dyr i Israel


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Judaean Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. 1,01,1 Peter N. Peregrine, Melvin Ember (red.). Encyclopedia of Prehistory: South and Sørvest-Asia 8. Henta 4. oktober 2014. 


  2. E. Abd El-Motaal and T.M. Kusky, 2003, Tectonic Evolution of the Intraplate S-Shaped Syrian Arc Fold-Thrust Belt of the Middle East Region in the Context of Plate Tectonics, The Third International Conference on the Geology of Africa, Vol. (2), s. 139-157


  3. Flexor, A., el al., Late Cretaceous evolution of the Judean Hills as indicated by ostracodes. Terra Nova, Volume 1, Issue 4, pages 349–358, July 1989


  4. «Historie of Jerusalem from Its Beginning to David». Biu.ac.il. 1997-03-06. Henta 4. oktober 2014. 






Bakgrunnsstoff |


Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Judaean Mountains frå Wikivoyage


  • Bilete

  • Judeafjella & Jerusalem

  • Symbolisme og landskap: Etzionblokka i Judeafjella, Yossi Katz and John C. Lehr














Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...