Verkhojansk





















Verkhojansk
Верхоянск


Horisonten til



Byvåpenet til Verkhojansk

Byvåpenet til Verkhojansk



Plassering




Verkhojansk is located in Russland









Styresmakter
Land

Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt

Sakha
Grunnlagd
Bystatus
1638
1817
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)


1 269
Koordinatar

67°33′″N 133°23′″EKoordinatar: 67°33′″N 133°23′″E
Høgd over havet
127 moh
Tidssone
- Ved sommartid

VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer
678530
Retningsnummer (tlf)
+7 41165

Verkhojansk (russisk Верхоя́нск) er ein by i Republikken Sakha i Russland med om lag 1300 innbyggjarar. Han ligg ved elva Jana, nær polarsirkelen, rundt 650 km nord-nordaust for Jakutsk. Byen er dermed den tredje minste byen i Russland med berre Magas og Tsjekalin bak seg.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Næringsliv og transport


  • 3 Klima


  • 4 Kjelder




Historie |


Ein kosakk-busetnad vart grunnlagt i 1638, 90 km sørvest for dagens by. I 1775 vart han flytta til venstre bredda av elva Jana, for å gjere skatteinnkrevinga lettare. Han fekk bystatus i 1817. Mellom 1860-talet og 1917 vart byen nytta som ein politisk eksilstad.



Næringsliv og transport |


Verkhojansk har ei elvehamn, ein flyplass, eit depot for pels og er senter for eit reindriftsområde.



Klima |




Klimadiagram for Verkhojansk (tysk tekst)


Verkhojansk er hovudsakleg kjent for dei særs låge vintertemperaturane, med ein normaltemperatur i januar på -50 °C. Byen ligg på det kaldaste området på den nordlege halvkula (òg kjent som Dødsringen til Stalin) og vert saman med Ojmjakon rekna som den nordlege kuldepolen. Den lågaste temperaturen som er registrert her er -67,8 °C i 1892. Den høgaste temperaturen som er målt om sommaren er 39 °C, ein temperaturskilnad på 107 °C mellom høgaste og lågaste. I januar 2006 kom temperaturen særs nær rekorden då det vart målt -66,7 °C. I dette området vert det danna temperaturinversjonar kvar vinteren, der temperaturen stig med høgda.


Verkhojansk får lite nedbør med ein årleg nedbørsnormal på under 150 mm. Mesteparten kjem om sommaren og særs lite om vinteren, noko som er typisk for mange busetnader med kontinentalklima.



Kjelder |



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Verkhojansk» frå Wikipedia på bokmål, den 23. januar 2009.




Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Redningsselskapet