Avonelva i Canterbury















Avon River
Ōtakaro (maori)

elv

AntiguaBoatShedsChristchurch gobeirne.jpg

Båthus ved Avon River

Land

Flag of New Zealand.svg New Zealand

Renn gjennom

Christchurch


Lengd
14 km

Kjelde

Avonhead
Munning

Pegasus Bay via Avon Heathcote-estuaret
 - høgd
0 moh.



Wikimedia Commons: Avon River, Canterbury

Avonelva i Canterburyrenn gjennom sentrum av byen Christchurch på New Zealand, og ut i eit estuar som ho deler med Heathcote-elva, Avon Heathcote-estuaret.




Innhaldsliste





  • 1 Geologi


  • 2 Elveløp


  • 3 Namngjeving


  • 4 Punting


  • 5 Jordskjelv


  • 6 Sjå òg


  • 7 Referansar


  • 8 Bakgrunnsstoff




Geologi |


Geologisk er denne elva, som dei fleste av elvene på Sørøya, svært ung. Avon (i sitt noverande elveløp) kan daterast frå den siste istida på New Zealand.



Elveløp |


Avon følgjer eit svingete løp gjennom Christchurch frå utløpet sitt i den ytre vestlege forstaden Avonhead, gjennom Ilam, Riccarton og Fendalton, deretter gjennom Hagley Park og det sentrale forretningsstrøket i Christchurch (CBD).


Aust for CBD renn elva gjennom Avonside, Dallington, Avondale og Aranui, og ho renn til slutt ut i Stillehavet gjennom Avon Heathcote-estuaret (maori Te Wahapū)[1] nær Sumner.



Namngjeving |


Avonelva var kjend blant maorifolket som Ōtākaro[2] eller Putare Kamutu.[3] Organisasjonen Canterbury Association hadde tenkt å kalla henne Shakespere [sic].[4] Elva fekk sitt noverande namn av John Deans i 1848 etter elva Avon i Skottland. Familien Deans reiste sin bustad nær Avonelva, der forstaden Riccarton no ligg.


Namnet vart offisielt endra til Avon River/Ōtakaro i samsvar med lova Ngai Tahu Claims Settlement Act 1998, ei av mange slike endringar etter overeinskomsten med iwien Ngāi Tahu[5].




Kommersiell punting i Christchurch.




Punting på Avonelva.



Punting |


Kommersiell punting (båtturar i flatbotna prammar som vert staka fram) som turistattraksjon er tilgjengeleg på Avonelva i sentrum av byen, i Hagley Park og i Mona Vale, ein park i Fendalton[6].



Jordskjelv |


Mykje av landområda langs Avonelva nedstraums frå dei sentrale bydelane vart øydelagt i september 2010, i februar 2011 og i juni 2011, og er klassifisert som raud sone av Canterbury Earthquake Recovery Authority. Lokale interesser i byen driv lobbyverksemd for å få dei raude sonene gjort om til parkområde som bind dei sentrale bydelane saman med elvemunningen[7]. Kampanjen vert leia av ei gruppe kalla Avon-Otakaro Network (AvON), og som har fått støtte frå borgarmeister Bob Parker[8].



Sjå òg |


  • Avonelva i Marlborough


Referansar |




  1. Estuary, Christchurch City Libraries, New Zealand


  2. Ōtākaro, Christchurch City Libraries, New Zealand.


  3. Rev. John Dickson, History of the Presbyterian Church of New Zealand, Archive.org. ("Its native designation when they came and established themselves on its banks was Putare Kamutu. This they altered to Avon...")


  4. Early name for Avon, Te Ara, New Zealand


  5. «Schedule 96 Alteration of place names». New Zealand Legislation. Henta 30. januar 2012. 


  6. Avon River Punting, New Zealand.


  7. «Support for Avon River reserve plan». The Press. 10 November 2011. Henta 30. januar 2012. 


  8. Mathewson, Nicole (1. desember 2011). «Mayor backs Avon River Park Campaign». The Press. s. A7.  |access-date= requires |url= (hjelp)



  • Denne artikkelen bygger på «Avon River (Canterbury)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2012.


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Avonelva i Canterbury



  • Avon River Masterplan, Christchurch City Council





Avon River ved Victoria Square i Christchurch


Koordinatar: 43°31′41″ S 172°43′34″ E



Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...