Lyttelton på New Zealand

















Lyttelton
Ōhinehou (maori)

Tidlegare namn
Port Cooper, Port Victoria

Solskinnsdag i Lyttelton
Solskinnsdag i Lyttelton
Styresmakter
Land
Region
Distrikt

New Zealand New Zealand
Canterbury
Christchurch
Grunnlagd
1849
Geografi
Flatevidd
 - By


14,4362 km²
InnbyggjararFolketeljinga i 2006
 - By (2006)
   - folketettleik


3072
  212,8/km²
Koordinatar

43°36′″S 172°43′″EKoordinatar: 43°36′″S 172°43′″E
Tidssone
+ 12 (UTC)
Plassering




Lyttelton på New Zealand is located in New Zealand









Lyttelton (Ōhinehou på maori) er ein hamneby på den nordlege breidda til den naturlege hamna Lyttelton Harbour ved Bankshalvøya på austkysten til Sørøya på New Zealand. Han ligg 12 km langs vegen frå Christchurch,


Etter som staden kom til å verta ein landingsstad for sjøfararar til Christchurch, har Lyttelton historisk vorte sett på som «innfallsporten til Canterbury» for innvandrarane til kolonien.[1] Hamna er eit vanleg reisemål for cruiseskip og er den viktigaste godsterminalen på Sørøya. Ho tek hand om 34 % av eksporten og 61 % av importen rekna etter verdi.[2] I 2009 fekk Lyttelton status som historisk område i kategori I av New Zealand Historic Places Trust (NZHPT),[3] og definert som «eit område med særskilt eller framståande historisk eller kulturell arv».


Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i byen (inkludert nærliggjande bukter som Rapaki og Corsair Bay) 3072, mot 3042 ved teljinga i 2001.




Innhaldsliste





  • 1 Geografi


  • 2 Historie


  • 3 Transport

    • 3.1 Hamna i Canterbury



  • 4 Attraksjonar

    • 4.1 Jordskjelva i 2010 og 2011



  • 5 Styresett


  • 6 Referansar


  • 7 Bakgrunnsstoff




Geografi |


Lyttelton er den største busetnaden ved Lyttelton Harbour. Hamna er eit innløp på den nordvestlege sida av Banks Peninsula, og strekkjer seg 18 km innover frå den sørlege enden av Pegasusbukta. Ho er omgjeven av bratte skråningar som er danna av eit utsløkt vulkankrater som hevar seg til ei høgd av 500 m. Byen ligg i dei nedre skråningane til Port Hills, som dannar den nordlege sida av hamna og skil Lyttelton frå Christchurch[4]. Den bratte kraterkanten dannar eit naturleg amfi og er ei avgrensing for urban vokster[5].
Fleire mindre busetnadar ligg spreidde langs strendene i hamna, mellom desse Governors Bay og Diamond Harbour. Ei lita ubygd øy, Quail Island, ligg i den øvre delen av hamna sørvest for Lyttelton.


Ein tunell gjennom Port Hills gjev direkte vegsamband med Christchurch, 12 km mot nordvest.
Småbyen Sumner, om lag seks km mot nordaust, er tilgjengeleg over Evans Pass. Ein annan busetnad ved Governors Bay ligg ti kilometer mot vest, og ei ferjerute knyter forstaden Diamond Harbour til den sørlege breidda i hamna.



Historie |


Lyttelton hadde vore busett av maoriar kring 700 år før staden vart oppdaga av europeiske nybyggjarar 16. februar 1770 på «Endeavour» si første reise til New Zealand. Dei eldste vitneprova på menneskeleg tilhald i området er bein frå moafuglen som skriv seg frå kring år 1250.


I august 1849 fekk staden offisiell status som hamneby.


Lyttelton vart tidlegare kalla Port Cooper og Port Victoria, og var den første busetnaden i distriktet. Byen fekk namnet Lyttelton til ære for George William Lyttelton i Canterbury Association, som hadde leia koloniseringa av området.


Lyttelton Times var ei av dei viktigaste avisene i Canterburyregionen i 80 år, og vart utgjeven frå 1851 til 1929, då ho fekk namnet Christchurch Times. Utgjevinga vart avslutta i 1935.


Samskipnaden Canterbury Association vart grunnlagd i 1848, og tok sikte på å danna ein koloni på New Zealand med stønad frå den engelske kyrkja. Sidan Lyttelton hadde ei hamn og der låg store område med flate landområde i nærleiken, høvelege for jordbruk og busetnad, var dette ideelle føresetnadar for ein koloni.


I 1862 vart den første telegrafoverføringa på New Zealand gjort frå postkontoret i Lyttelton[6].


I 1870 vart alle trebygningane på Norwich Quay, langs hovudgata i Lyttelton øydelagde av brann[6].


Den 1. januar 1908 drog Nimrodekspedisjonen, leia av Ernest Shackleton for å utforska Antarktis, ut frå hamna her.


Lyttelton Harbour Board (Lyttelton hamnestyre) vart danna i 1877 for å ivareta styringa av hamna. Det vart oppløyst i 1989 etter at lova 1988 Port Companies Act vart vedteken. Lova førte til at styret vart delt i to separate organisasjonar, ein kommersiell (Lyttelton Port Company, for tida eigd av Christchurch City Holdings, den kommersielle greina av byrådet) og ein ikkje-kommersiell. I 1996 vart Lyttelton Port Company registrert på New Zealand Stock Exchange (Den newzealandske børsen).



Transport |


Byen har samband med Christchurch ved jarnvegs- og vegtunellar gjennom Port Hills. Den 1,9 km lange vegtunellen, som vart opna i 1964, er den lengste vegtunellen i landet, og jarnvegstunellen, som vart offisielt opna den 9. desember 1867, den eldste[7].



Hamna i Canterbury |


Lyttelton har lenge vore den viktigaste hamna i Canterbury- / Christchurchområdet. Til tider hadde hamna så stor trafikk at Kaiapoi, på kysten nord for Christchurch, i ein kortare periode opna det stengde hamneanlegget i eit tiår mellom 1958 og 1967, for at mindre fartøy kunne unngå den overfylte hamna i Lyttelton[8]. Seinare vart hamna utvald til ei av dei viktigaste på Sørøya, og vart mudra og oppgradert som kontainerhamn.[9]
Store mengder kol frå Sørøya har vorte skipa gjennom denne hamna gjennom dei siste 100 åra. Hamneanlegga har i dei siste 50 åra også sørgja for tilførsle av naturgass og bensin. Målt etter mengdene av innført og utskipa material, er det grunnlag for å sjå på denne hamna som den viktigaste for energitransport på Sørøya.



Attraksjonar |


Ein særmerkt ting i Lyttelton var tidskulestasjonen (Timeball station - som gav eit optisk tidssignal ved at ei kule fall nedetter ei stong). Stasjonen vart bygd i 1876, og var ein av berre fem attverande fungerande tidskulestasjonar i verda. Den slottsliknande bygningen ligg høgt oppe på ein åskam med utstrekt utsyn over hamna. Han vart driven som eit museum av New Zealand Historic Places Trust, men vart sterkt skada av jordskjelvet i 2011. Etter jordskjelvet i Christchurch i februar 2011, har Historic Places Trust valt å riva stasjonen.


Pilgrim's Rock (Pilegrimsklippa) viser staden der dei første europeiske innvandrarane sette foten i land i hamna. Klippa ligg no eit stykke inne på land fordi mykje av landet har heva seg noko sidan pilegrimane kom.


The Holy Trinity Church (Den heilage treeiningskyrkja), den eldste steinkyrkja i Canterbury, vart bygd av stein som vart transportert frå Quail Island, berekna på katedralen i bispedømet.


Dei fleste av eksteriørscenene i Peter Jackson sin skrekkfilm frå 1996, The Frighteners, vart tekne opp i Lyttelton.[10]



Jordskjelva i 2010 og 2011 |


Jordskjelvet i Canterbury i 2010 skada somme av dei historiske bygningane som til dømes tidskulestasjonen.[11] Der var ein del skadar på infrastrukturen i byen, men hamna og vegtunellen vart snøgt reparerte. Dei totale skadane av jordskjelvet var mindre enn i sjølve Christchurch, på grunn av den dempande verknaden av det solide fjellet som byen kviler på, og ein større fråstand frå episenteret.


Skjelvet med styrke 6.3 på Richters skala fann stad 22. februar 2011. Dette hadde senteret sitt ved Lyttelton med ei djupn på fem km[12]. Dette valda mykje større skadar i Lyttelton,[13] og nokre vegger i tidskulestasjonen kollapsa.



Styresett |


Den 19. november 2005 vart det kunngjort at 60 % av skattebetalarane i Banks Peninsula District røysta for samanslåing med nabodistriktet Christchurch City Council. Samanslåinga fann stad den 6. mars 2006.



Referansar |




  1. D. G. Dyne (2. januar 1939). «The Railways Magazine: Lyttelton—The Gateway to Canterbury: An Historic Harbour». New Zealand Government Railways Department, Wellington. Henta 25. juli 2011. 


  2. BPDP Ch.27 'Lyttelton Port Zone', Christchurch City Council sine vevsider


  3. NZHPT


  4. Hampton, S.J.; J.W. Cole (15. mars 2009). «Lyttelton Volcano, Banks Peninsula, New Zealand: Primary volcanic landforms and eruptive centre identification». Geomorphology 104 (3-4): 284–298. doi:10.1016/j.geomorph.2008.09.005. 


  5. Liza Rossie. «Historic Lyttelton Buildings». Christchurch City Council. 


  6. 6,06,1 New Zealand Historic Places Trust: Port to Plains Heritage Trail


  7. «The Lyttelton Tunnel». Christchurch City Council. Henta 25. juli 2011. 


  8. «Ports and harbours - The Victorian era to 1960». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 18. mars 2010. 


  9. «Ports and harbours - The Modern Era». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 18. mars 2010. 


  10. Brodie, Ian. «Cemetery in Lyttelton used by Peter Jackson in "The Frighteners"».  Den ukjende parameteren |vitja= vart ignorert (hjelp)


  11. van Beynen, Martin (05.09.2010). «Quake devastates Christchurchs heritage». The Press. Henta 25.07.2010. 


  12. «Huge quake strikes Canterbury». 22 February 2011.  Den ukjende parameteren |blad= vart ignorert (hjelp)


  13. «Scores of people killed in Christchurch quake». Radio New Zealand. 2011-02-22. Henta 2011-02-22. 



  • Denne artikkelen bygger på «Lyttelton, New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2011.


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lyttelton på New Zealand


  • Lyttelton Harbour, informasjon for tilreisande


  • Lyttelton Community Portal Our Story

  • Lyttelton Timeball Station

  • Den første utgåva av Lyttelton Times, 11. januar 1851

  • Bilete av skip i Lyttelton Harbour ca. 1890


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?