Jokkmokk


Koordinatar: 66°36′20.102″N 19°49′14.552″E




Jokkmokks «nye» kyrkje


Jokkmokk (finsk: Jokimukka, lulesamisk: Jåhkåmåhkke, nordsamisk: Johkamohkki, meänkieli: Jokinmukka) er ein svensk tettstad som ligg i Norrbottens län, og i landskapet Lappland. Han er administrasjonssenteret i Jokkmokks kommun og i år 2005 hadde tettstaden 2 976 innbyggjarar. Namnet er samisk og tyder «elvesving».


Jokkmokk er kjend for det årlege Jokkmokks marknad, som har vorte halde kvart år sidan 1605.




Jokkmokks kommune og tettstaden Jokkmokk ligg nordvest i Sverige


Jokkmokk ligg ved E45 like nord for polarsirkelen. Kommunen er den nest største kommunen etter Kiruna. Kommunen grenser mot Noreg i vest.


Jokkmokk er kjend for «Jokkmokks marknad», som feira 400-års jubileum i 2005, samt for rolla si som ein sentral samisk samlingsplass. I Jokkmokk finst mellom anna fjellmuseet Ájtte, samt fleire kunst- og handverksbutikkar. Det er òg kjend som ein viktig kultursted.


Jokkmokk har eit rikt samskipnadsliv og idrettsaktivitet i forhold til folketalet.


Namnet Jokkmokk er ein forsvenskning av dei samiske ordene for «elv» og «krok». Jokkmokk har ved sidan av svenskar ein stor samisk folkesetnad, men særs lite av dei finsktalende gruppene som finst i Tornedalen



Kuriositet |


Jokkmokk har gitt opphav til namnet på ein fabrikk i Japan, Yoku Moku, som lager særs populære delikatessekaker. Namnet kjem av at eigaren, Noriichi Fujinawa, vitja Jokkmokk og likte «den vakre bygda og den vennlege folkesetnaden» så godt at han brukte namnet i selskapet sitt.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Jokkmokk» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2012.


Bakgrunnsstoff |



Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister