Otago


Koordinatar: 45°26′S 169°50′E






Otago
uttale 
region

Arrowtown, New Zealand - panoramio.jpg





flagg

Land

Flag of New Zealand.svg New Zealand





Position of Otago.png




Otago er ein region søraust på Sørøya på New Zealand. Flatevidda er vel 31 000 km², og han er derfor den nest største av regionane.[1] Ved folketeljinga i 2006 var folketalet 193 800.


Namnet «Otago» er ei anglifisering av namnet Otakou på maoridialekten til Kai Tahu-iwien.[2] Landsbyen Otakou på halvøya Otago Peninsula var ein kvalfangststasjon i åra kring 1840 då europeiske interesser først byrja å gjera seg gjeldande her i austkystområdet av Murihiku.


Av større senter i regionen finn ein Dunedin (den mest sentrale byen i regionen), Oamaru (gjort kjend av forfattaren Janet Frame), Balclutha, Alexandra, og større turistsentra som Queenstown og Wanaka. Kaitangata i South Otago har større kolførekomstar. Elvene Waitaki og Clutha River sørgjer for mykje av landet sin produksjon av vasskraft. Det første universitetet på New Zealand, University of Otago, vart grunnlagt i 1869 i Dunedin.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Geografi


  • 3 Klima


  • 4 Referansar


  • 5 Bakgrunnsstoff




Historie |


Busetnaden i Otago var støtta av den frie kyrkja i Skottland (Free Church of Scotland), og starta i mars 1848, då dei to første immigrantskipa frå Greenock ved Firth of Clyde i Skottland, «John Wickliffe» og «Philip Laing», nådde fram. Kaptein William Cargill, ein veteran frå Napoleonskrigane på Den iberiske halvøya, var den første leiaren av provinsen, og innbyggjarane i Otago valde han seinare til leiar av regionen (Superintendent).


Den første busetnaden var konsentrert om hamna og byen, men voks etter kvart, særleg mot sørvest, der det grøderike området Taieri Plains gav godt jordbruksland.
I 1860-åra fann det stad ein snøgg kommersiell vekst etter at Gabriel Read fann gull ved Gabriel's Gully nær Lawrence, og gullrushet i Central Otago starta. Veteranar frå gullgraving i California og Australia, i tillegg mange andre lukkejegrar frå Europa, Nordamerika og Kina strøymde inn i Otagoregionen og viska etter kvart ut den skotske, presbytarianske karakteren regionen hadde hatt. Fleire gullfunn ved Clyde og ved elva Arrow River kring Arrowtown førte til oppgang, og Otago vart for ei tid både det økonomiske og kulturelle senteret på New Zealand, for ikkje å seia i heile Australasia. Den første dagsavisa på New Zealand, Otago Daily Times, først med den seinare statsministeren Julius Vogel som redaktør, oppstod på denne tida (1861).


Regionen Southland gjekk ut av Otagoprovinsen i 1861 og skipa sitt eige regionsstyre i Invercargill. Etter at det oppstod vanskar, gjekk han inn att i Otago i 1870, men når det gjeld ordningar med lokalt styre er Southland ein separat region.


Provinsstyret på New Zealand slutta i 1876, og dei nasjonale interessene flytta seg gradvis nordover. Kolonien vart inndelt i counties i 1876, to i Otago fekk namn etter dei skotske sjølvstendeheltane Wallace og Bruce.



Geografi |




Kart som viser folketettleiken i Otago ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.


Den vestlege delen av provinsen består av høge alpine fjell med mykje glimmerskifer. Den høgaste fjelltoppen i Otago er Mount Aspiring, 3 033 m.o.h. Frå desse høge fjella renn det elver ut i store glasiale sjøar. I denne delen av Otago har eldre og nyare påverknad av isbrear sett sitt preg på landskapet, med store, U-forma dalar, og elver med høgt sedimentært innhald. Vassføringa i elvene varierer sterkt, og større flaumar kan oppstå etter kraftig nedbør. Innsjøane Wakatipu, Wanaka og Hawea er kjelder til elva Clutha, den mest vassrike elva på New Zealand. Clutha renn gjennom Otago og har utløp nær Balclutha.


Austanfor, i ly av fjella, ligg det tørre innlandet i sentrale Otago. Samanlikna med regionen Canterbury, der nordvestvindane trengjer seg ut over slettene utan hindringar, seinkar og svekkjer fjella i Otago påverknaden av desse vindane.


Dei større sentra i Central Otago Centres, som Alexandra og Cromwell, ligg på lægreliggjande sletter mellom fjellformasjonane. Glimmerskifergrunnen strekkjer seg til dei austlege delane av Otago der tidlegare vulkanar dannar grensa. Dei mest iaugefallande leivningane av desse er miocene vulkanar kring Otago Harbour. Elles kan ein finna utløparar av basaltfjell både langs kysten og andre stader.



Klima |


Vêrlaget i Otago er svært variert, men kan grovt inndelast i to hovudtypar, kystklimaet i kystdistrikta og det meir kontinentalliknande klimaet i det indre av regionen.


Kystregionane i Otago er utsette for eit vekslande varmt og turt / kaldt og rått vêrlag som liknar El Niño – sørleg oscillasjon. Typisk for denne syklusen er at han tek seg oppatt grovt sett kvar veke, med tre eller fire dagar godvêr, følgd av tre eller fire dagar med kjøligare og fuktigare vêr. Tørrare vêrtilhøve er ofte resultat av nordvestleg føhnvind (Nor'west arch), der lufta er tørrare etter å ha passert fjellrekkja Søralpane. Lågtrykkssystem som kjem inn frå sørvest fører med seg eit fuktigare vêrlag. Ein vanleg variant av dette mønsteret er at eit lågtrykk slår seg til søraust av landet og fører med seg langvarig kjølig og vått vêr. Dette har ført til fleire større flaumar, som til dømes «hundreårsflaumane» i oktober 1878 og oktober 1978.


Dei typiske vintrane er kjølige og fuktige. Snø kan falla og bli liggjande til havnivå vinterstid, men særleg i åsane og slettene i South Otago. Busetnaden Ophir i sentrale Otago har den lågaste temperaturen som er målt på New Zealand, med -21,6 °C den 3. juli 1995. Sommarane er derimot gjerne varme og tørre, og temperaturane når ofte høgt opp på 20-talet, i blant over 30 °C.


I sentrale Otago er vintrane kalde og somrane varme og tørre. Vêrlaget i sentrale Otago er det næraste ein kjem til eit kontinentalt klima nokon stad på New Zealand. Dette vêrlaget er delvis årsaka til at Otago har ei framgangsrik vindyrking, og sentralt i regionen, Central Otago, vert det produsert vin av god kvalitet frå drueslag som t.d. pinot noir, chardonnay, sauvignon blanc, merlot og riesling.



Referansar |




  1. «About the Otago region». Otago Regional Council. 


  2. Peter Entwisle, Behold the Moon: The European Occupation of the Dunedin District 1770-1848, Dunedin, NZ: Port Daniel Press, 1998 (ISBN 0-473-05591-0), appendix 1 s.136-139.



Bakgrunnsstoff |


  • Avisa Otago Daily Times

  • Otago Regional Council

  • Otago Peninsula

  • Otago Rugby Football Union

  • Otago New Zealand, alt om Otago

  • Otago Polytechnic

  • The University of Otago







Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?