Canterbury Association




Plakett til minne om det første møtet i Canterbury Association, utanfor 22 Whitehall i London.


Canterbury Association vart danna for å grunnleggja ein koloni I det som no er regionen Canterbury på Sørøya på New Zealand.




Innhaldsliste





  • 1 Grunnlegginga av samanslutninga


  • 2 Grunnlegginga av kolonien


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff




Grunnlegginga av samanslutninga |


Samanslutninga vart grunnlagt i London den 27. mars 1848, og innlemma i eit kongebrev ( Royal Charter) den 13. november 1849. Dei fremste pådrivarane var Edward Gibbon Wakefield og John Robert Godley. Wakefield var alt sterkt involvert i New Zealand Company, som på den tida alt hadde grunnlagt fire andre koloniar på New Zealand. Han vende seg til Godley for å hjelpa han å etablera ein koloni med støtte av den engelske kyrkja (Church of England). President I samanslutninga sin driftskomité var Erkebiskopen av Canterbury, og komitéen omfatta fleire andre biskopar og geistlege, så vel som medlemmer av adelen og parlamentsmedlemmer[1]. På det første møtet sitt avgjorde samanslutninga namn på kolonien og hovudsetet. Kolonien skulle kallast Canterbury, truleg etter erkebiskopen av Canterbury, og hovudsetet i kolonien Christchurch etter Oxford college, der Godley hadde studert.



Grunnlegginga av kolonien |


Canterbury Association hadde avtalt å kjøpa land frå New Zealand Company for 10 shillings per acre (4000 m²). Dette landet vart så seld til immigrantar for £3 per acre. Resten, £2 10s, skulle brukast til «offentlege tiltak, slike som emigrasjon, skular, kyrkjer, vegar og skulelegat.» (20 shillings = £1). Avsetjinga av midlar til 'emigrasjon' var for at samanslutninga skulle ha høve til å tilby reisestønad til medlemmer av arbeidarklassen med ønskjelege kvalifikasjonar for den nye kolonien. Ein plakat som averterte desse støtta reisene, nemner særskilt «gartnarar, sauegjetarar, gardsarbeidarar, andre arbeidarar og landbruksmekanikarar» [2]. Vitneprov på det religiøse grunnlaget til kolonien kan ein sjå i den same plakaten der det krevst at presten i bygda bør gå god for søkjarar, og at somme av inntektene for sal av land var spesielt øyremerkte til kyrkjelege legat.


Godley og familien hans drog til New Zealand i byrjinga av 1850 for å overvaka førebuingane av busetnaden (kartlegging, vegar, overnatting, etc.) som alt var sette i gang av eit stort mannskap under leiing av kaptein Joseph Thomas. Desse førebuingane var grundige, men ufullstendige då dei første skipa med busetjarar kom den 16. desember 1850, etter å ha vore haldne attende av Godley kort tid etter at han kom fram i april, på grunn av aukande gjeld til Canterbury Association. Charlotte-Jane og Randolph nådde Lyttelton Harbour den 16., Sir George Seymour den 17., og Cressy den 27., etter å ha segla frå England i september 1850. Nybyggjarane på desse fire første skipa, vart kalla Canterbury Pilgrims av den britiske pressa. Gjennom dei følgjande to og eit halvt åra kom nye 24 skipslaster med innvandrarar i regi av Canterbury Association, til saman nesten 3 500 menneske[1].


Verksemda til Canterbury Association vart avslutta i 1853.



Referansar |




  1. 1,01,1 Canterbury Association.


  2. Te Ara Encyclopedia of New Zealand



Bakgrunnsstoff |



  • The Canterbury Association (1848–1852): A Study of Its Members' Connections, Av Michael Blain (2007). Vitja 18.februar 2012.


  • «Canterbury Association Passenger Manifests». NZBound Genealogy. Henta 18. februar 2012. 

  • Terry Hearn. 'English', Te Ara Encyclopedia of New Zealand, updated 1-Sep-2011. Vitja 18.februar 2012.

  • Philip Temple. 'A sort of conscience: the Wakefields' Auckland University Press (2002). ISBN 1-86940-276-6


  • Gerald Hensley. «Godley, John Robert 1814–1861 Biography». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 18. februar 2012. 


  • «Bishop Harper and the Canterbury Settlement. Chapter III. The Canterbury Settlement.». 19091. Henta 18.februar2012..  Parameteren |Forfattar= er ikkje støtta av malen. Meinte du |forfattar=?) (hjelp); Sjekk datoverdiar i |besøksdato=, |dato= (hjelp)


  • Denne artikkelen bygger på «Canterbury Association» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2012.






Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...