Kassel



























Kassel

Wilhelmshöher Allee
Wilhelmshöher Allee

Byvåpen

Plassering

Byvåpenet til Kassel




Kassel is located in Tyskland









Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis

Tyskland Tyskland
Hessen
Kassel
Kreisfri by
Grunnlagd

1862
Geografi
Flatevidd
 - By


106,79 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik


198 589
  1 812/km²
Koordinatar

51°19′0″N 9°30′0″EKoordinatar: 51°19′0″N 9°30′0″E
Høgd over havet
139 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer
34117-34134
Telefon-retningsnummer
0561
Bilnummer
KS

Nettstad: www.kassel.de

Kassel (fram til 1926 offisielt Cassel) er ein by i Tyskland ved elva Fulda nord i delstaten Hessen med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen ligg ved ei av dei to kjeldene til elva Weser. Han er det administrative setet i regionen Kassel



Historie |


Namnet på byen har opphav i det antikke Castellum Cattorum, eit slott bygd av den germanske stamma catti, som budde her i romartida.


Kassel vart først nemnd i 913, som ein stad der to dokument vart signert av kong Konrad I. Staden vart kalla Chasella og var ei festning ved ei bru over elva Fulda. Eit dokument frå 1189 viser at Kassel hadde byrettar, men datoen han fekk desse rettane er ukjend.




Kart over Kassel i 1648.


I 1567 vart landgrevskapet Hessen, som fram til då hadde senter i Marburg, delt mellom fire søner, der Hessen-Kassel vart ein av statane. Kassel vart hovudstad og senter for kalvinistisk protestantisme i Tyskland. Kraftige festningsverk vart bygd for å verne protestantane mot katolske fiendar. I [1685 vart Kassel tilfluktsstad for 1 700 hugenottar som busette seg i den nye bydelen Oberneustadt. Landgreve Karl, som var ansvarleg for denne humanitære gjerninga, gav òg ordre om å byggje «Oktogon» og «Orangerie». Seint på 1700-talet vart grevskapet berykta for å selje leigesoldatar (hessarar) til den britiske krona for å hjelpe til under den amerikanske revolusjonen og for å finansiere bygginga av palass og landgreven sin overdådige livsstil.


Tidleg på 1800-talet budde Grimm-brørne i Kassel og samla saman og skreiv sine mest kjende eventyr. I 1803 vart landgrevskapet forfremma til eit kurfyrstedøme. Kort tid etter vart området annektert av Napoleon I og Frankrike, og i 1807 vart han hovudstad i det kortvarige Kongedømet Westfalen under Napoleon sin bror Jérôme. Kurfyrstedømet vart gjenoppretta i 1813.




Orangerie


Sidan dei valde Austerrike si side under den austerriksk-prøyssiske krigen vart fyrstedømet annektert av Preussen i 1866. Den prøyssiske administrasjonen slo saman Nassau, Frankfurt og Hesse-Kassel til den nye prøyssiske provinsen Hesse-Nassau. Kassel utvikla seg kort tid etter til eit stort industrisenter, og vart eit viktig jernbaneknutepunkt.


I 1870, etter slaget ved Sedan, vart Napoleon III send som fange til slottet Wilhelmshöhe ovanfor byen.


Under den andre verdskrigen låg ein underleir frå Dachau konsentrasjonsleir her. Dette gav slavearbeidarar for Henschel. Natt til 23. oktober 1943 øydela 569 britiske bombefly Kassel, og om lag 90 % av bysentrumet. 10 000 innbyggjarar mista livet og 150 000 vart heimlause i ein kraftig brannstorm som oppstod. Åtaket vart utført med krigslist, der ein først gjekk til åtak på Frankfurt am Main i om lag fem minutt før ein haldt fram mot Kassel. Dei fleste som omkom var sivile eller skada soldatar på lokale sjukehus, medan våpenfabrikkane stort sett stod uskada. Britane introduserte her Operasjon Corona for å forvirre dei tyske kampflya, noko som gjorde toktet til ein stor suksess for britane, medan den regionale Gauleiter, Karl Weinrich vart fjerna frå posisjonen sin kort tid etter og erstatta av Karl Gerland.


Den amerikanske hæren erobra Kassel 3. april 1945. Kort tid etter krigen vart byen bygd opp att, men lite av han slik han såg ut før krigen. Berre eit par historiske bygningar vart rekonstruert, medan resten vart bygd opp med bygningar i 1950-talsstil.



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Kassel» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2007.


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kassel


  • Panoramabilete av Kassel


  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Kassel frå Wikivoyage


Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister