Thurso





















Thurso



skotsk-gælisk
Inbhir Theòrsa

Thurso.JPG

Plassering




Thurso is located in









Styresmakter
Land

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

Konstituerande land

Flag of Scotland.svg Skottland

Region

Highland
Tradisjonelt grevskap

Caithness
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)


8 721
Koordinatar

58°36′″N 3°31′″WKoordinatar: 58°36′″N 3°31′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer
KW14
Telefon-retningsnummer
0 1847



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thurso


Thurso (skotsk gælisk Inbhir Theòrsa) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 8500 innbyggjarar.


Thurso ligg på nordkysten av Skottland, sørvest ved sundet Pentland Firth som skil fastlandsskottland frå Orknøyane. Thurso er den nordlegaste byen på det skotske fastlandet, han ligg 32 kilometer vest for John o' Groats som er den nordlegaste landsbyen. Næraste byen er Wick 35 km søraust for Thurso. Næraste større by er Inverness 177 km lenger sør.


Elva Thurso renn gjennom byen, og elvemunningen dannar ei god hamn.



Historie |


Historia til Thurso strekkjer seg attende til tida då det norrøne jarledømet på Orknøyene herska over Caithness og som enda i 1266. Byen var ei viktig norrøn hamn og har ei seinare historie med handel med andre hamnebyar over heile nordlege Europa fram til 1800-talet. I 1330 vart det skotske standardeininga for vekt innført i Thurso etter avgjersle frå kong David II av Skottland, noko som var ein indikasjon på at byen var ein viktig handelsstad. Den gamle kyrkja, St. Peter's Kirk, skal vera datert frå rundt 1220 og frå tida til biskop Gilbert Murray av Caithness som døydde i 1245.


Historisk sett var Thurso ein av to byar med status som burgh i grevskapet Caithness.




Dounreay kjernekraftverk i 2006.


Det meste av byen i dag er frå utviklinga på 1800-talet. Ei stor utviding skjedde midt på 1900-talet då kjernekraftverket Dounreay vart etablert ved Dounreay, 14,5 km vest for byen. Innanfor ein periode på fem år voks folkesetnaden raskt, frå rundt 2500 innbyggjarar til rundt 12 000 mellom 1955-1958 då kraftstasjonen kravde utdanna arbeidskraft som vart rekruttert frå heile Storbritannia. Ved 1960 dalte likevel folkesetnaden til rundt 9000 då anleggsutbygginga vart avslutta.


Thurso er òg namnet på grevskapet som vert halde av familien Sinclair i Det sameinte adelskalenderen til kongeriket. Den noverande vicomte Thurso er òg den lokale medlemen av parlamentet.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Thurso» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.


Bakgrunnsstoff |


  • Fotogalleri frå Thurso

Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...