Petter Dass-medaljen
Petter Dass-medaljen (etablert i 1912) er opphavleg ein minnemedalje, no ein fortenstmedalje, gjeven av Nordlændingernes Forening i Oslo til folk som har «bidratt til Nordlændingernes Forenings anseelse, trivsel og fremgang, og til personer som har gjort seg særlig fortjent av det nordlige Norge.»
Til 50-årsjubileet i foreininga i 1912 vart det laga ein minnemedalje med preg av Petter Dass og ein fembøring på fram og baksida av medaljen. Medaljen vart gjeven til femtito fortente:
- Æresmedlem og stiftarar sokneprest Ole Tobias Olsen, komponist Ole Olsen, direktør Richard With, biskop Anton Christian Bang, borgarmeister Sofus Anton Birger Arctander og handelsmann Carl M. Ellingsen
- aktive medlemmer Marie Hals (fru Ole Olsen), fru grosserar S. Lockert, fru grosserar C. Sund, Marie Sofie Arctander (fru Sofus), fru Oberst Bull, fru rektor Just Qvigstad, redaktør og forfattar Nanna With og Eva Rosenvinge Kolderup
- tidlegare formenn sokneprest H. Strøm, skolestyrar Kr. Fosse, adjukt A. Lund, grosserar Simon Lockert, fiskerikonsulent J. Dahl, kontorsjef P. A. Paulsen, kaptein Ole Amble, lensmann Rolv Havig, grosserar Carl Sund, ingeniør Jakob Sund, o.r.sakfører A. Juel Myhre, ingeniør Johan E. Orvin
- tidlegare viseformenn stud.min. L. Holmboe og kontorfullmektig E. Dundas
- fortenestefullt telegrafdirektør Schiebsted, redaktør Schiebsted, professorane Ingvar Nielsen og Amund Helland, grosserarane Anton Giæver, Hans A. Meyer, Chr. Fredriksen og J. Berg, konsul A. Aagård, o.r.sakførar C. Lund, konsul Robertson, lensmann Havig (sen., etablerar av Helgelandske), disponent J. Ellingsen, rektor Just Qvigstad, målaren Thorolf Holmboe og Harriet Backer, boktrykkar J. Kanitz, konsul H. Brodtkorp, amtmennene Strøm, Urbye og Omholdt, biskop Johannes Ø. Dietrichsen, lege Holmboe og prost J. Andersen.
Sidan er medaljen gitt til:
- 1914 direktør Harald Opsjøen
- 1919 Carl Kramer og Carl Dundas
- 1920 ing. Hegborn og Borly Bjørn Fochsen
- 1922 avd.sjef Richard With, jr.
- 1923 advokat L. Lumholz og Trine Schibsted for aktivt arbeid i foreininga
- 1929 apotekar Owe
- 1937 journalist Arthur Ratche og målarmeister Aksel Johnsen
- 1947 redaktør og forfatter Nanna With, ingeniør Johan Eilert Orvin, forfattar Carl Schøyen, arkitekt Aug. Nielsen, overingeniør H. B. Hansen-Engenes, høgsterettsjustitiarius Paal Berg, for diverse aktivt arbeid
- 1950 Janna Lerche, tannlege Odd Høyer-Andreassen, kjøpmann Jens Steigberg, ingeniør Strøm-Jensen og målaren Jardar Lunde
- 1952 odelstingspresident C. J. Hambro og kommandørkaptein Chr. Meyer, for utviding av fiskerigrensa, oppsyn, samt Nord-Noregplanen
- 1952 riksadvokat Haakon Sund, kjøpmann Nils Klæboe og grosserar P. E. Berger, aktivt arbeid for foreningen
- 1953 journalist Bjarne Guttormsen og Alfild Kraft, aktivt arbeid for foreininga
- 1955 Anna Røring, aktivt arbeid
- 1955 direktør og fiskeriminister Reidar Carlsen for reisinga av Nordnorsk Student- og Elevhjem (NNSE)
- 1956 direktør dr.agrie Aasulv Løddesøl for organisering av hjelpearbeid i gjenreisinga av Troms og Finnmark
- 1957 turistsjef Alfhild Hovdan, for innsats for nordnorsk turistnæring
- 1950 tannlege Trygve Høyer-Andreassen, aktivt arbeid for foreininga og koret
- 1960 agent Jens B. Sæthereng for aktivt arbeid for foreininga
- 1961 h.r.advokat Brynjulf Bull og ordførar Rolf Stranger, aktiv innsats for reisinga av NNSE
- 1962 direktør Nils Arvesen, Bergliot Evjen-Andersen, Agnes Arbo Høeg og disponent A. M. Sortland, for aktivt arbeid i foreininga
- 1962 forfattar Nils A. Ytreberg for boka Vær hilset
- hagearkitekt Henry Eidissen, skipsinspektør Malvin Jacobsen, Petra Flakstad Schmidt og Lina Nilsen, aktiv innsats for foreininga og landsdelen http://home.online.no/~jdmon/petraflakstad.cfm
- 1965 direktør Hans Adler Torgersrud, for 43 års aktiv virke i Sydvaranger AS
- høyesterettsjustitiarius Terje Wold og professor dr. philos Birger Bergersen aktiv innsats for Nord-Noreg
- 1966 sokneprest Ingrid Bjerkås, landets første kvinnelege prest
- 1967 tekstilkunstnar Dagmar Lunde, for aktiv innsats for foreininga
- 1967 biskop Alf Wiig og filmfotograf Per Høst for verdifullt arbeid for landsdelen
- 1968 dr.odont Jakob Leirskar og overlærar Hans Bergersen; for langvarig innsats for foreininga, samt adm. direktør G. Hagerup-Larssen, for etablering av industri i Nord-Noreg
- 1970 samferdselsminister Håkon Kyllingmark for sin innsats på samferdselssektor i landsdelen
- 1971 ingeniør Hans Chr. Kind og disponent Anton Stamnes for innsats og grunnleggende arbeid for Canada-turene
- 1972 fylkesmann Kristian E. Haug og h.r.advokat Hans J. Bjørnstad, aktiv innsats for Nord-Noreg
- 1972 studioinspektør Olaf Løding, ingeniør Einar Løding og Miriam Figenschou Svendsen; for aktiv innsats for foreininga og koret,
- 1973 fylkesmann Kolbjørn Varmann, aktiv innsats for Nord-Noreg, samt til Helmy Høiseth for aktiv innsats for foreininga
- 1974 seljar Nils Wigen og cost.accountant Ølve Punsvik for aktiv innsats for foreininga og koret
- 1976 ingeniør Hans Hoel, el.ing. Britt Solvik og avd.ing. John Renø, for aktiv innsats for foreininga og koret
- 1976 turistsjef Rolf Vestvik, leiar av Festspillene i Nord-Noreg
- 1978 operasjef Aase Nordmo Løvberg for å vere nord-norsk songstjerne
- 1978 journalist og forfattar Leif B. Lillegaard, for bøkene sine med nord-norsk motiv og radiokåseri
- 1980 målaren Kaare Espolin Johnson for det typisk nordnorske i sin målarkunst
- fotballspelaren Harald Berg, førebilete for nordnorsk ungdom og sportsleg triumf
- 1981 målarmeister Thoralf Sletbakk, for viktig innsats i foreininga og flyreise til Canada
- 1983 komponist Ketil Vea for bidrag til nordnorsk song og musikkliv
- 1984 kunstnaren Marit Bockelie for nordnorsk ektheit og livaktigheit i bilete og tonar
- 1984 redaktør Hans Kristian Eriksen, arkitekt for den nordnorske kulturbølgja
- 1985 målaren og forfattar Karl Erik Harr for å ha vist nordnorsk natur
- 1985 forfattar Arvid Hanssen for sin forfattarskap med dikt på dialekt
- 1987 lærarane Erla Marienborg og Jørgen Markussen for aktiv innsats for foreininga og koret
- 1987 professor Jörg Wolfgang Jahn for eineståande innsats for musikklivet i landsdelen
- 1988 kontorsjef Arnfinn Kristensen for stor innsats i foreininga, formann i 12 år
- 1989 fylkesmann Anders Aune aktiv innsats for Nord-Noreg
- 1990 dekoratør Kjell Heggelund Andreassen og lærar Halvar Nilssen, for aktiv innsats for koret og foreininga
- 1991 statsstipendiat Edvard Ruud, for folkeminnegranskning
- 1992 tannlege Arne Johan Kobberstad, for å ha diktet Torskesongen
- 1992 journalist og artist Arthur Arntzen for saftig nordnorsk humor
- 1995 Gunnvor Ludvigsen, for aktiv innsats for koret og foreininga
- 1995 1. amanuensis Nils M. Knutsen for fremragende vitenskapl.formidling av Knut Hamsun
- 1996 skiløparen Vegard Ulvang sportslege triumfar
- 1997 adm. direktør Nordlandsbanken Torbjørn Haug, for innsats for nordnorsk næringsliv
- 1998 president i Sametinget, Ole Henrik Magga for arbeid for samisk kultur og identitet
- 1998 songaren Mari Boine for aktiv innsats for samisk kultur og identitet
- 1999 adm. direktør TFDS Bjørn Kaldhol for stor innsats for drift av hurtigruten
- 2000 skodespelar Lars Andreas Larssen for å væee frodig nordnorsk skodespelar
- 2001 murmeister Ernst Andersen, for aktiv innsats for foreininga og koret
- 2002 filmregissør Knut Erik Jensen, for å ha vist Finnmarks dramatiske historie i film
- 2003 H. M. Dronning Sonja for å med stoltheit ha vist fram Nord-Noreg
- 2004 professor Ole Danbolt Mjøs, for innsats på mange frontar
- 2005 Ola Bremnes, for å vere Petter Dass-kjenner, musikar, komponist
- 2006 Inger Ellen Nicolaisen, landskjend gründer frå Misvær
- 2007 Birger Risan Brodal, red. av foreningas magasin og songforfattar.
- 2008 Ivar Roger Hansen, dagleg leiar for Petter Dass-museet
- 2009 Tove Karoline Knutsen, for hennar kulturelle engasjement, m.a. som direktør for Festspillene i Nord-Norge
- 2010 Hamsunsenteret og direktør Bodil Børset
- 2011 Alf R. Jacobsen, journalist og forfattar
- 2012 Annfinn Thuv for stort engasjement for Nordlændingernes forening og Ester Maria Rokne for stort engasjement for Nordlændingernes forenings kor.
- 2013 Rekneskapsleiar Rigmor Eidem for stor innsats for å fremja nordnorske interesser samt for Nordlændingernes forening sitt ve og vel.
På nettet: |
- Nordlændingernes Forening