Holmen svømmehall


Holmen svømmehall er ein kommunal symjehall på Holmen i Asker kommune som stod ferdig våren 2017. Her er det eit hovudbasseng på 25 x 21 meter med åtte baner, terapibasseng på 12,5 x 12,5 meter, treningsrom, kafe og andre tilbod. Publikum kan nytte delar av taket på hallen til å slappe av på.


Det er lagt stor vekt på tiltak som sparar energi. Symjehallen er bygd som ein stor betongkonstruksjon der bruk av lavkarbonbetong har vore eit viktig tiltak for å redusere skadelege utslepp. Om lag 80 prosent av oppvarminga vert gjort med fornybar energi. Det er ca. 500 m² med solcellepanel på taket mot sør-aust, 150 m² vertikalt monterte solcellepanel på sørveggen og solcellepanel på taket over sykkelparkeringa, og desse dekkjer om lag 12 prosent av det årlege elektrisitetsforbruket. LED-lys og styring av lyset i samsvar med dagslyset bidreg til om lag 40 prosent lågare energibruk enn med tradisjonell opplysing. Dessutan er det femten energibrønnar som hentar energi opp frå undergrunnen, og solfangarar på parkeringsområdet som lader desse brønnane med energi om sommaren. Det er valt energisparande løysingar på dei tekniske innretningane. Slik er Holmen svømmehall ein av dei mest energieffektive symjehallane i Noreg. Økonomisk stønad på totalt 46 millionar kroner er gjeve av Enova, Husbanken og Kulturdepartementets spelemidlar.


Plasseringa av symjehallen er i tråd med statlege retningsliner om at bustader, arbeidsplassar, institusjonar og servicebygg skal leggjast i nærleiken av kollektivknutepunkt. Både statlege, regionale og lokale planer har mindre bilkjøring som mål for å redusere bilkøane, betre luftkvaliteten, redusere utslepp av klimagassar og skape betre bumiljø. Difor skal det leggjast opp til meir gange, sykkel- og kollektivtransport. Reguleringsplanen for symjehallen refererer seg til desse føringane. Kommunedelplanen for Holmen-Slependen (vedteke 29. januar 2013) legg vekt på sambruk av parkeringsplassar mellom ulike brukergruppar og bruksføremål i Holmen sentrum, av di sambruk av parkeringsplassar både er økonomisk gunstig og krev mindre areal. Det er såleis eit mål at flest mulig skal gå, sykle eller reise kollektivt til symjehallen. I tillegg til miljø- og klimaomsyn, vil liten biltrafikk til hallen tryggje at friområdet og badeplassen Holmenskjæret, som symjehallen ligg i tilknyting til, verte eit godt rekreasjonsområde. Berre eit fåtal parkeringsplassar er difor bygd særskild for symjehallen.



Bakgrunnsstoff |


  • Holmen svømmehall

  • Asker kommune om Holmen svømmehall


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...