Sjøfuglar





Sotterne, Onychoprion fuscatus
Foto: Duncan Wright



Sjøfuglar er fuglar som har tilpassa levemåten til det marine miljøet. Jamvel om sjøfuglar varierer mykje i levemåte, åtferd og fysiologi, demonstrerer dei ofte konvergerande evolusjon. Med felles miljøutfordringar, og nisjar i næringstilgang har sjøfuglar med høgst ulike utgangspunkt utvikla likskap i tilpassingar til miljøet. Dei første sjøfuglane utvikla seg i krittida, og moderne sjøfuglfamiliar oppstod i paleogen.


Ein har data på at individ av sjøfuglar generelt har lengre levealder enn andre fuglar,[1] dei har lågare reproduksjonsrate enn andre fuglar ved at dei har sein kjønnsmodning, får mindre kull og mislukkast i hekkesesongar med svak næringstilgang, men dei investerer mykje tid omsut for ungane. Dei fleste sjøfuglartar hekkar i koloniar som kan variere i storleik frå nokre titals par til mange millionar. Mange av artane er kjente for å gjennomføre lange årlege migrasjonar, kryssar ekvator eller tar jordomflyging i somme fall. Sjøfuglar tar føde både på havoverflata og under overflata, og somme er sjølv føde for større artar. Sjøfugl kan leve mykje pelagiske, vere kystnære, eller i nokre tilfelle opphalde seg heilt borte frå havet i delar av året som det til dømes symjesnipene gjer.


Menneske har over lang tid tatt føremon av sjøfuglar. Fuglane har gjeve mat til jegerar, rettleia fiskarar mot fiskestimar og vist sjøfolk vegen mot land. I dag er mange av artane trua av menneskelege aktivitetar, og vernearbeid er i gang for å motverke trugsmåla.



Klassifikasjon |


Det finst ikkje semje om ein definisjon av kva grupper, familiar eller einskilde artar som utgjer gruppa sjøfuglar, og dei fleste definisjonane er på eit eller anna sett vilkårlege. Sitat frå to forskarar, omsett frå engelsk:



«Eit felles kjenneteikn for sjøfuglar er at dei alle finn føde i saltvatn, men som for alle reglar i biologien, somme sjøfuglar gjer det ikkje.»[2]

Etter Schreiber & Burge, 2001,[2] er alle pingvinar og stormfuglar, alle pelikanfuglar unntatt slangehalsar, og dessutan joar, måsar, terner og alkefuglar i ordenen Charadriiformes med i omgrepet 'seabirds'. Vanlegvis tar ein òg med symjesnipene, Phalaropus fordi to av dei tre artane lever på opent hav i ni månader av året, og kryssar ekvator for å ta pelagisk føde.


Lommar og dykkarar, som hekkar på innsjøar, men lever på sjøen om vinteren, er heller kategorisert som vassfuglar, ikkje sjøfuglar. Ei rekkje marine ender i familien Anatidae lever på sjøen om vinteren, men etter konvensjonen er dei vanlegvis utelukka frå sjøfuglgruppa.



Omgrepet sjøfuglar brukt i norsk forvalting |


I norsk oljevernberedskap og i kartlegging av sjøfugl som bifangst ved fiske har ein nytta det sokalla MOB-konseptet med inndeling av sjøfuglar i økologiske grupper.[3][4][5] Etter denne inndelinga
vil omgrepet sjøfuglar femne om alle fuglegrupper som har habitat på sjøen. I tillegg til dei heilt pelagiske artane tar ein med kystbundne artar, vadefuglar og åtseletarar i strandsona. Dessutan skil ein mellom artane som dukkar etter føda og dei som tar føda i overflata. Lista frå MOB-konseptet lagt til den opphavlege konvensjonen gjev denne mengda av grupper og artar som går inn i omgrepet sjøfuglar:












Pelagiske sjøfuglar,
lever det meste av tida på opent hav
Kystbundne sjøfuglar
Pelagisk dukkande
Pelagisk overflatebeitande
Kystbundne dukkande
Kystbundne overflatebeitande


  • pingvinar (k),


  • dukkpetrellar (k),


  • alkefuglar (k)



  • eigentlege stormfuglar (k),


  • stormsvaler (k),


  • albatrossar (k),


  • tropikkfuglar (k),


  • suler (k),


  • pelikanar (k),


  • fregattfuglar (k),


  • måsar (k), avgrensa til krykkje og ismåse


  • joar (k),


  • symjesnipe (k)


  • polarsymjesnipe (k)



  • alkefuglar (k), i norske farvatn teist,


  • skarvar (k),


  • lommar,


  • dykkarar,


  • dukkender, i norske farvatn artane:
    ærfugl, praktærfugl, stellerand,
    havelle, svartand, sjøorre,
    kvinand, siland, laksand



  • måsar (k),


  • terner (k),


  • joar (k), ved norske kystar tjuvjo og storjo,


  • svaner,


  • gjæser og gravand

  • grasender, ved norske kystar stokkand med fleire


Åtseletarar


  • i norske farvatn havørn

Vadefuglar i strandsona


  • i Noreg tjeld, fjæreplytt, steinvendar og fleire

(k) - Fuglar som inngår i definisjonen av 'Seabird' (etter konvensjon) på engelsk Wikipedia.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Seabird» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2009


Fotnotar |




  1. Nettside hos Havforskingsinstituttet om sjøfugl i Barentshavet


  2. 2,02,1 Schreiber, Elizabeth A. & Burger, Joanne.(2001.) Biology of Marine Birds, Boca Raton:CRC Press, ISBN 0-8493-9882-7


  3. MOB-konseptet er skildra av Statens forureiningstilsyn i 1996. Sjå rapport, tabell 4


  4. Inndelinga nytta i MOB-konseptet er etter SEAPOP-programmet: ein indeks­modell for å vere sårbar for ureining gjort av Tycho Anker-Nilssen i 1987


  5. NINA-rapport: Bifangst av sjøfugl i norske fiskerier



Bakgrunnsstoff |


  • AMBIO Miljørådgivning AS, (2006) RKU-Nordsjøen. Miljøtilstand offshore, økosystem i kystsonen og sjøfugl

Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?