Tamara Press







Tamara Press

Tamara Press 1964.jpg
Tamara Press under Sommar-OL 1964
Fødd
10. mai 1937
Kharkiv
Yrke
friidrettsutøvar

Tamara Press på Commons

Tamara Natanovna Press[a](fødd 10. mai 1937) er ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Kharkiv i Ukraina, som tevla i kulestøyt og diskoskast. Ho vann tre EM-gull og like mange OL-gull i tida 1958 til -64. Irina Press var den yngre systera hennar.



Aktiv |


Tamara Press vart europameister i diskoskast under EM i friidrett 1958 i Stockholm. Ho sette då europarekord med 52,32 meter, men slo sølvvinnaren Stepánka Mertová frå Tsjekkoslovakia med berre 13 cm. Press tok så bronsemedaljen i kulestøyt med 15,53 m i sluttresultat, 21 cm bak europameisteren Marianne Werner frå Vest-Tyskland.


Til sommar-OL 1960 i Roma hadde Press forbetra seg mykje i kulestøyt sidan 1958. Ho sette olympisk rekord frå kuleringen med 17,32 m og vann ein overlegen siger. I diskos fekk ho sølv, slått med to-ein-halv meter av landsmannen Nina Ponomarjova.


I europameisterskapen 1962 var Press utilnærmeleg i kuletevlinga. Ho sette verdsrekord med 18,55 meter, toaren Renate Garisch frå Aust-Tyskland stoppa på 17,17 m. Også i diskoskast tok Press ein suveren siger, over tre meter framom sølvvinnaren.


Press kopierte gullfangsten frå EM 1962 under sommarleikane 1964. I Tokyo vann ho ein klar siger i kuletevlinga, medan ho i diskos sikra seg gullmedaljen med ein margin på fattige seks centimeter til tyske Ingrid Lotz.



Merknadar |




  1. Russisk skrift Тамара Натановна Пресс, ukrainsk Тамара Натанівна Пресс



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Tamara Press» frå Wikipedia på tysk, den 27. august 2014.






Popular posts from this blog

六本木駅

Joseph Lister

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$