1945



< 1945 >




1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947

  • Kultur i 1945



  • Vitskap i 1945





1945 (romartal MCMXLV)




Innhaldsliste





  • 1 Hendingar

    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg



  • 2 Fødde


  • 3 Døde




Hendingar |





Den andre verdskrigen la eit øydelagd Tyskland bak seg. Bilete frå Heilbronn, ein av dei verst råka byane.



  • Den andre verdskrigen slutta i mai i Europa og i september i Asia.


Utlandet |



  • 5. januar: Sovjetunionen godkjende det nye sovjetvenlege styret i Polen.


  • 13. januar: Raoul Wallenberg vart arrestert av sovjetiske styrkar i Budapest.


  • 17. januar: Sovjetiske styrkar okkuperte Warszawa.


  • 30. januar: Wilhelm Gustloff, eit tysk skip med 10 000 flyktningar frå Gdynia, vart senka av den sovjetiske ubåten S-13. 9 300 døydde.


  • 2. februar: Jaltakonferansen.


  • 13. februar: Dresden søraust i Tyskland vart utsett for brannbombing av allierte bombefly. Om lag 35 000 døydde under bombinga av Dresden.


  • 19. februar: 35 000 amerikanske soldatar gjekk i land på Iwo Jima.


  • 23. februar: Den filippinske hovudstaden Manila vart teken av amerikanske styrkar.


  • 6. mars: Kommunistisk regjering installert i Romania.


  • 7. mars: Brua over Rhinen ved Remagen vart teken av amerikanske styrkar.


  • 8. mars: Josip Broz Tito skipa regjering i Jugoslavia.


  • 30. mars: Sovjetunionen invaderte Austerrike og tok Wien.


  • 12. april: Franklin D. Roosevelt, USA sin president, døydde. Etterfylgjaren var visepresidenten Harry S. Truman.


  • 25. april: Amerikanske og sovjetiske troppar møttest i byen Torgau. Tyskland vart skore i to delar.


  • 25. april: Berlin vart innringa av sovjetiske styrkar.


  • 2. mai: Sovjetiske styrkar proklamerte at dei hadde teke Berlin.


  • 3. mai: Wernher von Braun og 120 av medarbeidarane hans gav seg over til amerikanske styrkar.


  • 7. mai: Alfred Jodl, tysk generalstabsjef, underteikna kapitulasjon utan vilkår.


  • 8. mai: Krigen i Europa slutt.


  • 9. mai: Amerikanske styrkar arresterte Hermann Göring.


  • 26. juni: Vedtektene til dei sameinte nasjonane vart underteikna.


  • 1. juli: Tyskland delt mellom dei fire okkupasjonsmaktene.


  • 16. juli: Fyrste atombombeprøve.



1945 såg både første sprenging av atomvåpen og første bruk av dei i krig. Biletet er frå få sekund etter Trinityprøven.



  • 17. juli: Potsdamkonferansen tok til.


  • 26. juli: Winston Churchill gjekk av som statsminister i Storbritannia. Arbeidarpartiet (Labour) sigra i valet. Etterfylgjar vart Clement Attlee.


  • 31. juli: Samlingsregjeringa som hadde styrt Sverige under den andre verdskrigen gjekk av. Per Albin Hansson skipa ei sosialdemokratisk regjering.


  • 6. august: Hiroshima vart treft av den fyrste atombomba nytta i krig. 60 000 døydde med det same.


  • 8. august: Nagasaki vart treft av den andre atombomba nytta i krig. 60-80 000 innbyggjarar døydde og om lag 20 000 vart skada.


  • 15. august: Japan kapitulerte.


  • 17. august: Indonesiske nasjonalistar erklærte sjølvstende frå Nederland. Achmad Sukarno vart president.


  • 2. september: Japan sin offisielle kapitulasjon om bord på USS Missouri. General Douglas MacArthur og admiral Chester Nimitz representerte USA medan utanriksminister Mamoru Shigemitsu og Yoshihiro Umetsu representerte Japan.


  • 8. september: Amerikanske styrkar okkuperte den sørlege delen av Korea, medan Sovjet okkuperte i nord. Koreakrigen hadde bakgrunn i desse okkupasjonane.


  • 17. oktober: Oberst Juan Perón gjorde statskupp og vart president i Argentina.


  • 13. november: Charles de Gaulle vart vald til president i Frankrike.


  • 20. november: Nürnbergprosessen vart innleia.


Noreg |



  • 8. februar: Statspolitisjef Karl A. Marthinsen vart skoten av norske motstandsfolk.


  • 9. februar: Den svarte fredagen, stort luftslag i Sogn og Fjordane fylke.


  • 8. mai: Dei tyske styrkane i Noreg la ned våpna. 8. mai 1945 har sidan vorte feira som frigjeringsdagen.


  • 9. mai: Vidkun Quisling vart arrestert.


  • 6. juni: Kong Håkon VII kom attende til Oslo.


  • 23. juni: Den norske dagsavisa Verdens Gang kom ut med sitt fyrste nummer.


  • 25. juni: Kong Haakon VII utnemnde Samlingsregjeringa, Einar Gerhardsen si fyrste regjering.


  • 30. juni: Johan Nygaardsvold si regjering kom til Noreg frå London.


  • 8. oktober: Stortingsvalet 1945. Arbeidarpartiet fekk reint fleirtal på Stortinget.


  • 1. november: Utnemninga av Einar Gerhardsen si andre regjering.


Fødde |


Sjå òg Fødde i 1945.



Aung San Suu Kyi i 2011





Neil Young i Oslo i 2009



  • 10. januar: Rod Stewart, britisk songar


  • 20. januar: Bjørn Tore Godal, norsk politikar


  • 28. januar: Hallgrim Berg, norsk politiker


  • 6. februar: Bob Marley, jamaicansk musikar


  • 11. mars: Sylfest Lomheim, norsk sråkforskar


  • 30. mars: Eric Clapton, britisk musikar


  • 14. april: Ritchie Blackmore, britisk musikar


  • 26. april: Paal-Helge Haugen, norsk forfattar


  • 29. april: Anne Marie Ottersen, norsk skodespelar


  • 8. mai: Keith Jarrett, USA-amerikansk jazzpianist


  • 12. mai: Tormod Haugen, norsk forfattar


  • 19. mai: Pete Townshend, britisk musikar


  • 28. mai: John Fogerty, USA-amerikansk musikar


  • 31. mai: Laurent Gbagbo, ivoriansk president


  • 7. juni: Wolfgang Schüssel, austerriksk kansler


  • 19. juni: Aung San Suu Kyi, burmesisk politikar og nobelprisvinnar


  • 11. september: Franz Beckenbauer, tysk fotballspelar


  • 15. september: Ranveig Frøiland, norsk politikar


  • 23. oktober: Jon Lilletun, norsk politikar


  • 27. oktober: Arild Andersen, norsk jazzbassist

    • Luiz Inácio Lula da Silva, brasiliansk president


  • 3. november: Gerd Müller, tysk fotballspelar


  • 6. november: Odd Iversen, norsk fotballspelar

    • Knut Ødegård, norsk forfattar


  • 11. november: Daniel Ortega, nicaraguansk president


  • 12. november: Neil Young, kanadisk låtskrivar og musikar


  • 18. november: Mahinda Rajapaksa, srilankisk president


Døde |




Ei folkemengd utanfor heimen til Franklin D. Roosevelt, 12. april, den dagen han døydde




Josef Terboven sprengde seg til daude, fredsdagen 8. mai


Sjå òg Døde i 1945.

  • 2. februar: Carl Goerdeler, tysk politikar, avretta.


  • 12. mars: Anne Frank, jødisk dagbokforfattar. Døydde av tyfus i konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen.


  • 26. mars: David Lloyd George, britisk statsminister 1916-1922.


  • 31. mars: Torgny Segerstedt, svensk religionshistorikar.


  • 12. april: Franklin D. Roosevelt, amerikansk president 1932-45.


  • 28. april: Benito Mussolini, italiensk statsleiar 1922-43, avretta.


  • 30. april: Adolf Hitler, tysk diktator og rikskanslar, tok livet av seg i bunkeren i Berlin


  • 1. mai: Joseph Goebbels, tysk propagandaminister. Han tok livet av seg.


  • 8. mai: Josef Terboven, tysk rikskommisær i Noreg. Han tok livet av seg.


  • 11. mai: Jonas Lie, norsk nazist og politiminister


  • 23. mai: Heinrich Himmler tok livet av seg i britisk fangenskap. Himmler var leiar for SS.


  • 31. mai: Leonid Pasternak, russisk målar


  • 17. juni: Ole Kolsrud, norsk historikar


  • 19. juli: Otto von Schrader, tysk sjømilitær, tok livet av seg. Schrader var kommanderande admiral for den norske vestkysten.


  • 9. september: Zinaida Gippius, russisk dansar


  • 15. september: Anton Webern, austerriksk toneskapar


  • 26. september: Béla Bartók, ungarsk toneskapar


  • 15. oktober: Pierre Laval, fransk politikar (avretta).


  • 24. oktober: Vidkun Quisling, avretta på Akershus festning i Oslo.


  • 20. desember: George S. Patton, USA-amerikansk hærførar (omkom).


<<   1900-talet   >>

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>










Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...