Alpane





Matterhorn speglar seg i ein alpesjø. (Foto: Dirk Beyer)


Alpane (tysk Alpen, fransk Alpes, italiensk Alpi, slovensk Alpe, engelsk Alps) er ei fjellkjede som inneheld nokre av dei høgaste fjella i Europa og går gjennom Frankrike, Italia, Sveits, Liechtenstein, Tyskland, Slovenia og Austerrike. Alpane er kjend for storslagen natur, alpinkøyring og små alpelandsbyar med særeigne tradisjonar.


Namnet «Alpane» kjem frå den franske utgåva av namnet, som igjen kjem frå det latinske namnet Alpes på fjellkjeda. Dette kan ha vorte påverka av latinske ord som albus (kvit) eller altus (høg) eller meir sannsynleg ei latinsk utgåve av eit opphavleg keltisk namn på fjella.


Det høgaste fjellet i Alpane og Vest-Europa er Mont Blanc på 4 808 meter over havet, medan Dufourspitze, Nordend og Dom er dei tre neste. Mont Blanc ligg på grensa mellom Frankrike og Italia. Andre kjende toppar er Matterhorn, Jungfrau og Piz Buin.




Innhaldsliste





  • 1 Geografi

    • 1.1 Inndeling


    • 1.2 Hovudkjeda


    • 1.3 Fjellovergangar



  • 2 Klima


  • 3 Geologi


  • 4 Politisk historie


  • 5 Utforsking


  • 6 Planteliv


  • 7 Dyreliv


  • 8 Alpane i kulturen


  • 9 Bakgrunnsstoff


  • 10 Kjelde




Geografi |


Fjella ligg mellom 43° og 48° N og mellom 5° og 16° Ø. Dei strekker seg gjennom det søraustlege Frankrike, dei nordlegaste delane av Italia, det sørlege og austlege Sveits, den sørlegaste delen Bayern, og vest og sentrale delar av Austerrike i ein diger boge til Slovenia.


Alpane grensar mot Posletta i sør og held fram sørvestover i Appenninane og grensa mellom dei vert som regel sett til passet Col d'Altare. Mellom Alpane og Massif Central renn elva Rhône, men det finst ikkje eit klart skilje til dei franske Jurafjella. I nord grensar fjellkjeda til det sveitsiske, schwabiske og bayerske platået, som strekker seg frå Genève til Linz. I aust når Alpane Wien-bekkenet, som ligg mellom Alpane og den naturlege fortsetjinga Karpatane, og til Den ungarske sletta. I aust blir dei etter kvart avløyste av lågare karstfjell i Slovenia og Kroatia.




Fjelltoppen Jungfrau i Sveits. (Foto: Roland Zumbühl)


Lengda på fjella, frå Savona til Wien, er rundt 1 200 km. Den største breidda, mellom Gardasjøen og Kochelsjøen, er rundt 225 km, medan den minste, mellom Ivrea og Genfersjøen, er rundt 125 km. Alpane har ei flatevidd på 176 000 km², og gjennomsnittshøgda er 1 400 meter. Sørskråninga er mykje brattare enn nordskråninga.



Inndeling |




Alpane med markerte landegrenser.





Großglockner, sør for Salzburg i Austerrike


Alpane vert generelt delt inn i Dei vestlege Alpane og Dei austlege Alpane. Grensa mellom aust og vest går langs ei linje mellom Bodensjøen og Comosjøen som følgjer Rhinen. Dei vestlege Alpane er høgare, men den sentrale kjeda er kortare og bøygd. Denne vestlege delen ligg i Italia, Frankrike og Sveits. Dei austlege Alpane dekkjer delar av Austerrike, Tyskland, Italia, Liechstenstein, Slovenia og Sveits. Dei høgaste toppane i Dei vestlege Alpane er Mont Blanc med 4 808 meter over havet, Mont Blanc de Courmayeur 4 748 m, Dufourspitze 4 634 m og andre toppar i Monte Rosa-gruppa og Dom, 4 545 m. Den høgaste toppen i Dei austlege Alpane er Piz Bernina, 4 049 m.


Dei austlege Alpane er vanlegvis vidare delt inn i område etter litologi (bergartar) i dei meir sentrale delane av Alpane og grupper i dei nordlege og sørlege utkantane:



  • Flysjsone (frå Wienerwald til Bregenzerwald). Geografisk høyrer ikkje Jurafjella til Alpane, men geologisk gjer dei det.


  • Dei nordlege kalksteinsalpane med toppar opp til 3 000 meter.


  • Dei sentrale Alpane (Austerrike og Sveits) med toppar opp til 4 050 meter.


  • Dei sørlege kalksteinsalpane.

Grensa mellom Dei sentrale Alpane og Dei sørlege kalksteinsalpane er Den periadriatisk fløtsen. Grensa mellom Dei nordlege kalksteinsalpane og Dei sentrale Alpane er Grauwackensonen.


Dei vestlege Alpane vert vanlegvis delt inn etter geografi:


  • Dei liguriske Alpane

  • Dei maritime Alpane

  • Dei cottiske Alpane

  • Dauphiné-Alpane

  • Dei graiiske Alpane

  • Wallis-Alpane

  • Bern-Alpane

  • Dei lepontinske Alpane

  • Glarus-Alpane


  • Dei nordaustsveitsiske Alpane.

Ei rekkje lågare fjellkjeder går parallelt til hovudkjeda i Alpane, inkludert Préalpes i Frankrike.


Den geologiske inndelinga er annleis og skil ikkje mellom vest og aust:
Helveticum i nord, Penninicum og Det austroalpine systemet sentralt og sør for Den periadriatisk fløtsen og Dei sørlege Alpane og delar av Dei dinariske Alpane.



Hovudkjeda |




Alpane sett frå verdsrommet i 2002


Hovudkjeda i Alpane følgjer vasskiljet frå Middelhavet til Wienerwald og inneheld mange av dei høgaste og mest kjende fjelltoppane i Alpane. Frå Colle di Cadibona til Col de Tende går ho vestover, før ho snur nordvest og så, nær Colle della Maddalena mot nord. Ved den sveitsiske grensa går hovudkjeda hovudsakleg aust-nordaust fram til ho endar nær Wien.



Fjellovergangar |


Alpane er ikkje ein ugjennomtrengeleg barriere og har vorte kryssa for krig og handel, og seinare av pilegrimar, studentar og turistar. Fjellovergangane eller passa ligg i dalane som fører ned til foten av Alpane og slettene rundt.



Klima |


Alpane er eit klassisk døme på korleis eit temperert område i lågare høgder går over til andre klimasoner med høgda. Klima i område i verda som har kaldare klima liknande det ein finn i polare område vert kalla alpint klima. Når ein flyttar seg oppover i høgda frå havnivå til toppen av atmosfæren vil temperaturen falle. Fjell har òg innverknad på rådande vindar der varm luft i lågare nivå vert avkjølt og fører til at fukta i lufta vert løyst ut i form av nedbør som snø eller regn.



Geologi |


Alpane vart danna av at sedimenta i Thetyshavet frå Mesozoisk- og tidleg Cenozoisk tidsalder vart pressa opp mot det eurasiatiske kontinentet av det afrikanske kontinentet. Dette skjedde hovudsakleg under dei oligocene og miocene epokane. Grunnfjellet ser ein mellom anna igjen i Mont Blanc, Matterhorn og andre høge toppar i Dei penninske Alpane og Hohe Tauern.


Landskapet ein ser i dag er stort sett forma av isbredanning i løpet av dei siste to millionar åra. Minst fem istider har endra mykje på området, grave ut innsjøar og slipt ned kalksteinsåsane langs den nordlege grensa. Isbreane har trekt seg tilbake dei siste 10 000 åra og har lagt igjen store flyttblokker av granitt i skogane i området. Då den siste istida enda meiner ein at klimaet endra seg så fort at isbreane trekte seg tilbake til fjella i ein periode på berre 200 til 300 år.



Politisk historie |


Ein veit lite om dei tidlegare busetnadane i Alpane bortsett frå spreidde forteljingar som vart skrive ned av romerske og greske historikarar og geografar. Keisar Augustus skal mellom anna ha erobra mange av dei alpine stammene.


Innvandring til Alpeområdet av forskjellige germanarar frå 400- til 500-talet veit ein berre konturane av sidan Alpane for dei, som for dei frankiske kongane og keisarane, hovudsakleg var ei rute til andre stader og ikkje ein permanent stad å busette seg.


Det er først då Det karolingiske riket braut saman på 900- og 1000-talet at det er mogeleg å følgje den lokale historia i Alpane.



Utforsking |


Dei høgareliggande områda i Alpane vart lenge berre utforska av menneska som budde nede i dalane, sjølv då turistar byrja å vitje desse dalane. Dei første personane som utforska områda med is og snø var H.B. de Saussure (1740-1799) i Wallis-Alpane og benediktinarmunken frå Disentis, Placidus a Spescha (1752-1833), som utforska fjella oppom dalane der Rhinen har sitt utspring.



Planteliv |


Den naturleg vegetasjon varierer med høgda og ein har mellom anna skogar av hovudsakleg lauvtre— eik, bøk, ask og platanlønn — i lågareliggande område. Tregrensa varierer frå stad til stad, men samsvarar vanlegvis med overgangen frå temperert til kaldare klima. Grensa ligg stort sett rundt 1 200 meter på nordsida av Alpane og ofte opp til 1 500 meter på sørsida, og stundom til og med opp til 1 700 meter.


Menneske har derimot sett sitt preg på vegetasjonen, og ein finn ikkje mange av desse lauvskogane att, bortsett frå bøkeskogane i Dei austerrikske Alpane. I mange område der ein tidlegare hadde lauvskog er det no planta furu og gran, som er mindre sensitive til geitene sine herjingar, som ofte et på slike tre.


Over skogområda finn ein ofte eit belte med korte furutre (Pinus mugo), og over her igjen finn ein kratt, vanlegvis Rhododendron ferrugineum eller Rhododendron hirsutum. Over her igjen finn ein alpine enger og enno høgare vert vegetasjonen meir spreidd. I dei høgaste områda veks plantene gjerne i lag i små grupper. Ein har funne fleire blømande planter over 4 000 meter i Alpane, som Ranunculus glacialis, Androsace alpina og Saxifraga biflora.



Dyreliv |


Dyr som ein finn i Alpane:



Alpane i kulturen |





Bonneville i Savoie med Mont Blanc av William Turner (1803)


Dei mektige alpefjella var inspirasjon for mange nasjonalromantiske kunstnarar, særleg tyske og britiske, til dømes Johann Heinrich Bleuler, William Turner og


Percy Bysshe Shelley.


Fjella har òg gjeve namn eller kallenamn til mange andre fjellkjeder i resten av verda, til dømes Sunnmørsalpane og dei australske alpane.





Alpane sett frå La Guarda, Loiano, Bologna, på ein avstand av 250-300 km. Biletet er teke med eit Olympus Camedia 2,5 gjennom eit Swarovski teleskop.

Alpane sett frå La Guarda, Loiano, Bologna, på ein avstand av 250-300 km. Biletet er teke med eit Olympus Camedia 2,5 gjennom eit Swarovski teleskop.




Bakgrunnsstoff |


  • Satellittbilete av Alpane

  • Mange bilete frå Alpane

  • 360° Panorama av Alpane

  • Meir enn 2000 bilete frå Alpane


Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Alps frå Engelsk Wikipedia .


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?