Seldsjukkar




Seldsjukkane sitt rike, 1092.


Seldsjukkane eller seldsjukk-tyrkarane (tyrkisk Selçuk; arabisk سلجوق Saljūq, السلاجقة al-Salājiqa; persisk سلجوقيان Saljūqiyān;) var ei viktig greni av oghuz-tyrkarane og eit dynasti som okkuperte delar av Sentral-Asia og Midtausten frå 1000-talet til 1300-talet i eit område kalla Seldsjukkarriket. Seldsjukkane migrerte frå nord og inn i Persia der dei kjempa og erobra forskjellige stammer i deira Transoxiana.


Seldsjukkane vert rekna som forfedrane til dei vestlege tyrkarane, dagens innbyggjarar i Tyrkia, Turkmenistan, Usbekistan og Aserbajdsjan. Seldsjukkane og etterkomarane deira, osmanarane, spelte ei viktig rolle i mellomalderen ved å skape ein barriere mellom Europa og mongolske erobrarar frå aust, forsvarte den islamske verda mot krosstoga frå vest og erobra Austromarriket.


Under Alp Arslan sine etterfølgjar Malik Shah I og visiren hans Nizam al-Mulk ekspanderte seldsjukkstaten i forskjellige retningar slik at det grensa til Kina i aust og Austromarriket i vest. Då Malik Shah døydde i 1092, vart imperiet splitta, då bror hans og fire søner krangla over delinga av riket mellom seg. I 1118 tok den tredje sonen, Ahmed Sanjar, over riket etter at han var misnøgd med sin del av arva. Brørne hans anerkjende ikkje kravet hans til trona og Mahmud II proklamerte seg sjølv sultan og etablerte ein hovudstad i Bagdad. Ahmed Sanjar vart fanga og halde i fangenskap av tyrkiske nomadar frå 1153 til 1156 og døydde året etter.


Trass i fleire forsøk på å ei samling i hundreåra etter Malik Shah sin død, hindra krosstoga dei frå å gjenskape det tidlegare imperiet sitt. Ei kort stund var Toğrül III sultan for alle seldsjukkane bortsett frå Anatolia. I 1194 sigra Ala ad-Din Tekish, sjahen av Khwarezmid-imperiet over Toğrül og seldsjukkane kollapsa. Av det tidlegare store seldsjukkimperiet, var berre sultanatet Rüm i Anatolia igjen. Då dynastiet gjekk nedover i midten av 1200-talet, invaderte mongolane Anatolia i 1260-åra og delte det i små emirat som vart kalla dei anatoliske beylikane, som seinare vart erobra av osmanarabe.




Innhaldsliste





  • 1 Sultanar i Seldsjukkarriket 1037–1157


  • 2 Seldsjukkherskarar i Kerman 1041–1187


  • 3 Seldsjukkherskarar i Syria 1076–1117


  • 4 Seldsjukksultanar av Rüm (Anatolia) 1077–1307


  • 5 Kunst


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff




Sultanar i Seldsjukkarriket 1037–1157 |







































År

Sjah

1037–1063

Toğrül bin Mikail (Tughril Beg)

1063–1072

Alp Arslan bin Chaghri

1072–1092
Jalal ad-Dawlah Malik Shah I

1092–1094
Nasir ad-Din Mahmud I

1094–1105
Rukn ad-Din Barkiyaruq

1105
Mu'izz ad-Din Malik Shah II

1105–1118
Ghiyath ad-Din Mehmed I Tapar (Muhammed)

1097–1157
Mu'izz ad-Din Ahmed Sanjar

1118–1131

Mahmud II

1131–1132

Dawud (David)

1132–1134

Toğrül II (Tughril Beg)

1134–1152

Mas'ud

1152–1153

Malik Shah III

1153–1160

Mehmed II (Muhammed II)

1160–1161

Süleiman (Sulaiman Shah)

1161–1176

Arslan Shah

1176–1194

Toğrül III (Tughril Beg III)


Seldsjukkherskarar i Kerman 1041–1187 |


Kerman var ein nasjon i det sørlege Persia. Det fall i 1187, truleg erobra av Toğrül III av Stor Seldsjuk.



  • Qawurd 1041–1073


  • Kerman Shah 1073–1074


  • Sultan Shah 1074–1075


  • Hussain Omar 1075–1084


  • Turan Shah I 1084–1096


  • Iran Shah 1096–1101


  • Arslan Shah I 1101–1142


  • Mehmed I (Muhammad) 1142–1156


  • Toğrül Shah 1156–1169


  • Bahram Shah 1169–1174


  • Arslan Shah II 1174–1176


  • Turan Shah II 1176–1183


  • Mehmed II (Muhammad) 1183–1187


Seldsjukkherskarar i Syria 1076–1117 |


  • Abu Sa'id Taj ad-Dawla Tutush I 1085–1086

  • Jalal ad-Dawlah Malik Shah I av Stor Seljuk 1086–1087

  • Qasim ad-Dawla Abu Said Aq Sunqur al-Hajib 1087–1094

  • Abu Sa'id Taj ad-Dawla Tutush I (andre gong) 1094–1095

  • Fakhr al-Mulk Radwan 1095–1113

  • Tadj ad-Dawla Alp Arslan al-Akhras 1113–1114


  • Sultan Shah 1114–1123

Sultanar/Emirar av Damaskus:


  • Aziz ibn Abaaq al-Khwarazmi 1076–1079

  • Abu Sa'id Taj ad-Dawla Tutush I 1079–1095

  • Abu Nasr Shams al-Muluk Duqaq 1095–1104


  • Tutush II 1104

  • Muhi ad-Din Baqtash 1104

Atabeger av Aleppo:



  • Lulu 1114–1117

  • Shams al-Havas Yariqtash 1117

  • Imad ad-Din Zengi 1128–1146


Seldsjukksultanar av Rüm (Anatolia) 1077–1307 |



  • Kutalmish 1060–1077


  • Süleyman Ibn Kutalmish (Suleiman) 1077–1086

  • Dawud Kilij Arslan I 1092–1107


  • Malik Shah 1107–1116

  • Rukn ad-Din Mas'ud 1116–1156

  • Izz ad-Din Kilij Arslan II 1156–1192

  • Ghiyath ad-Din Kay Khusrau I 1192–1196


  • Süleyman II (Suleiman) 1196–1204


  • Kilij Arslan III 1204–1205

  • Ghiyath ad-Din Kay Khusrau I (andre gong) 1205–1211

  • Izz ad-Din Kay Ka'us I 1211–1220

  • Ala ad-Din Kay Qubadh I 1220–1237

  • Ghiyath ad-Din Kay Khusrau II 1237–1246

  • Izz ad-Din Kay Ka'us II 1246–1260

  • Rukn ad-Din Kilij Arslan IV 1248–1265

  • Ala ad-Din Kay Qubadh II 1249–1257

  • Ghiyath ad-Din Kay Khusrau II (andre gong) 1257–1259

  • Ghiyath ad-Din Kay Khusrau III 1265–1282

  • Ghiyath ad-Din Mas'ud II 1282–1284

  • Ala ad-Din Kay Qubadh III 1284

  • Ghiyath ad-Din Mas'ud II (andre gong) 1284–1293

  • Ala ad-Din Kay Qubadh III (andre gong) 1293–1294

  • Ghiyath ad-Din Mas'ud II (tredje gong) 1294–1301

  • Ala ad-Din Kay Qubadh III (tredje gong) 1301–1303

  • Ghiyath ad-Din Mas'ud II (fjerde gong) 1303–1307

  • Ghiyath ad-Din Mas'ud III 1307


Kunst |



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Seldsjukkene» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2008.


Bakgrunnsstoff |


  • Alt om Tyrkia: Seldsjukkane

  • Sadberkhanim Muzesi: Seldsjukkane sin kunst

  • Seldsjukkane: Store seldsjukkar


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...