Timur Lenk









Timur Lenk

Timur reconstruction03.jpg
Rekonstruksjon av hovudet til Timur Lenk utført av M. Gerasimov i 1941
Fødd
9. april 1336
Shahrisabz
Død

19. februar 1405
Tsjimkent


Yrke
krigar

Timur Lenk på Commons

Timur Lenk (8. april 1336–18. februar 1405) var ein tyrkisk herskar[1] og grunnleggjaren av Timuridedynastiet. Han var også kjend som Timur den halte. Den eigentlege forma av namnet hans var Timur-i Lenk, som i Europa tidvis er blitt til Tamerlane.




Portrett av Timut Lenk frå 1400-talet, kanskje ein kopi av eit elre bilde.


Timur Lenk var fødd i Kesh (no Shahrisabz) eit stykke sør for Samarkand i dagens Usbekistan. Han høyrde til Barlas-stammen, ein tyrkisk stamme. Sjølv hevda han at han stamma frå Djengis Khan, den tyrkisk/mongolske herskaren,[2] men dette er omdiskutert. Frå 1369 var han emir i Samarkand – eit av dei viktigaste ikkje-ottomanske tyrkiske rika på den tida. Gjennom ei rekkje felttog la han store område under seg: Armenia, Afghanistan, Hindustan (Nord-India), Syria og Mesopotamia.


Kort tid etter at Timur døydde gjekk riket i oppløysing. Han kjempa blant anna mot den ottomanske (tyrkiske) sultanen Beyazid og vann etter bitre kampar i 1402.<ref>«Beyazit 1». Store norske leksikon. Henta 31. desember 2012. </re


I Vesten har Timur heilt frå den tida han levde vorte skildra som en barbar, ein som er vond, lite sivilisert og øydeleggjande. Heller ikkje i Iran eller i Det osmanske riket vart han positivt omtala. Dette skuldast truleg krigane han førte mot Det osmanske riket. Men i dag har forskarane eit meir nyansert bilete av og eit meir objektivt syn på Timur Lenk. Både i den tyrkiske og i den islamske verda er han positivt omtala no. Også mange europeiske og amerikanske forskarar har begynt å fokusere på dei positive eigenskapane hans.


Ifølgje lokal tradisjon skal Timur ved sin død ha sagt at dersom nokon uroar grava hans, så skal dei bli ramma av ein grufull lagnad.


Timur Lenk var tippoldefar til Babur, som grunnla Mogulriket i India.



Kjelder |




  1. Timur Lenk, Store Norske Leksikon


  2. Gérard Chaliand, Nomadic Empires: From Mongolia to the Danube, translated by A.M. Berrett, Transaction Publishers, 2004


  • «Timur», Encyclopaedia Britannica 

  • Denne artikkelen bygger på «Timur Lenk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juni 2006.

  • Denne artikkelen bygger på «Timur» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2010.



Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...