Det franske koloniriket

Multi tool useDet franske koloniriket er områda utanfor Europa som var under fransk styre frå 1600-talet til seint i 1960-åra (enkelte ser på det franske styret på stader som Ny-Caledonia som eit framhald av dette koloniriket). På 1800- og 1900-talet var koloniriket til Frankrike det nest største i verda etter Det britiske imperiet. Det franske koloniriket strekte seg over 12 898 000 km² då det var på høgda i 1920- og 1930-åra. I lag med sjølve Frankrike utgjorde dei franske områda 13 000 000 km² på det meste, som er 8,7 % av den totale landoverflata til jorda.
Frankrike starta å opprette koloniar i Nord-Amerika, Karibia og India, etter at Det spanske riket og Det portugisiske riket hadde oppnådd suksess under oppdagingstida. Frankrike kappast med Storbritannia om å få herredømeover dei nye koloniane. Ei rekkje krigar med Storbritannia på 1700-talet og tidleg på 1800-talet som Frankrike tapte gjorde at dei gav seg med ambisjonane om å halde på koloniar på desse kontinenta, og med det enda det enkelte historikarar kallar et «første» franske koloniriket. På 1800-talet oppretta Frankrike eit nytt rike i Afrika og Søraust-Asia. Somme av desse koloniane eksisterte lenger enn invasjonen og okkuperinga av Frankrike av Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen.
Etter krigen starta anti-kolonirørsler å utfordre dei franske styresmaktene. Frankrike kjempa bitre krigar i 1950- og 1960-åra i Vietnam og Algerie for å halde på koloniane. Mot slutten av 1960-åra hadde dei fleste franske koloniane fått sjølvstende, bortsett frå ei rekkje øyar og øygrupper som i dag er ein del av dei oversjøiske områda til Frankrike. Desse dekkjer totalt 123 150 km², som berre utgjer om lag 1 % av det franske koloniriket frå før 1939. I 2009 hadde desse områda 2 624 505 innbyggjarar.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «French colonial empire» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- C. M. Andrew; A. S. Kanya-Forstner French Business and the French Colonialists. The Historical Journal, Vol. 19, No. 4 (Dec., 1976), s. 981–1000
- Vincent Confer French Colonial Ideas before 1789. French Historical Studies, Vol. 3, No. 3. (Spring, 1964), pp. 338–359
Bakgrunnsstoff |
qUuONz4e55Kh4tOe56tD5PyN6M99ZfjiZi2O7o1i,25X1wcqMpA,FUsK7OTHvQb7jwHa
Popular posts from this blog
For det lutherske bispedømet, sjå Nidaros bispedøme. Nidaros erkebispedøme var eit katolsk erkebispedøme med sete i Nidaros. Det vart oppretta av kong Olav Kyrre mellom 1070 og 1080 som bispedøme. Bispedømet vart opphøgd til erkebispedøme i 1153. Erkebispedømet vart innstifta av pave Anastasius IV i 1154, og var i funksjon fram til reformasjonen i 1537. Erkebiskopen sitt hovudsete var Erkebispegarden, rett ved domkyrkja Nidarosdomen. Frå 1152 til 1154 var Nicholas Breakspear i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av erkesetet. Innhaldsliste 1 Utbreiing og jurisdiksjon 2 Overhyrdar 2.1 Lydbiskopar 3 Biskopar 3.1 Biskopar 3.2 Erkebiskopar Utbreiing og jurisdiksjon | Kart over den nordiske kyrkjeprovinsen (1153-1387) Erkebispedømet omfatta i tillegg til Noreg øyane i vest i Noregsveldet. Nidaros var eit metropolitanerkebispedøme med fylgjande underliggjande bispedøme suffraganar: Bj...
Do VLANs within a subnet need to have their own subnet for router on a stick?
What are the differences between the usage of 'it' and 'they'?
Dragon forelimb placement
How do we improve the relationship with a client software team that performs poorly and is becoming less collaborative?
What typically incentivizes a professor to change jobs to a lower ranking university?
How to write a macro that is braces sensitive?
Modeling an IPv4 Address
Writing rule stating superpower from different root cause is bad writing
Can I ask the recruiters in my resume to put the reason why I am rejected?
Approximately how much travel t...
Tettstaden Birsay på Orknøyane. Ruinane av jarleplasset om lag midt i biletet. (Fotografi frå 2012) Utsikt mot Birsay og Brough of Brisay (fotografi frå 2009) Birsay er ein tettstad i eit sokn (parish) med same namn, nordvest på øya Mainland [Note 1] på Orknøyane, om lag 31 km frå Kirkwall. Staden er omtala fleire stader i Orknøyingasoga [1] , der han er kalla «Byrgesherad» (norrønt: Birgisherað ). Namnet skriv seg truleg frå elvenamnet Birgisá [2] . Innhaldsliste 1 Den gamle hovudstaden 2 Bispesetet 3 Jarlepalasset 4 Kjelder og utfyllande opplysningar 4.1 Notar 4.2 Fotnotar 4.3 Bakgrunnsstoff Den gamle hovudstaden | Hovudartikkelen for dette emnet er Torfinn Sigurdsson . Soknet er i dag i hovudsak ei jordbrukskommune men er mest kjend for dei mange kulturminna i området. Tettstaden Birsay blir gjerne omtala som «den gamle hovudstaden på Orknøyane» [3] , og ein viser d...