Qamishli


Koordinatar: 37°03′N 41°13′E















Qamishli

قامشلي
by

Kamishly view.jpg

Land

Flag of Syria.svg Syria

Guvernement

Al Hasakah

Distrikt

Qamishli

Koordinatar

37°03′N 41°13′E

Folketal
184 231 (2004)


Tidssone

EET (UTC+2)
Retningsnummer
52




Syria location map3.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Qamishli

Qamishli (arabisk قامشلي, Qāmišlī, kurdisk Qamişlo, assyrisk ܩܡܫܠܐ, Qamišlo eller ܒܝܬ ܙܐܠܝ̈ܢ, Beṯ Zālin) òg skrive Qamishly, Kamishli eller Kamishly, er ein by nordaust i Syria ved grensa til Tyrkia, tilstøytande til den tyrkiske byen Nusaybin, og ikkje langt frå Irak. Han er ein del av Al-Hasakah guvernement, og er det administrative senteret i Qamishli-distriktet. Ifølgje folketeljinga frå 2004 hadde Qamishli 184 231 innbyggjararar.[1] Qamishli-distriktet omfattar 92 busetnader, og har eit samla folketal på 232 095.


Qamishli ligg ved foten av Taurusfjella, 680 km nordaust for Damaskus.[2]
Under Rojavakonflikten, ein del av den syriske borgarkrigen som braut ut i 2011, blei Qamishli hovudstaden i den sjølverklærte sjølvstyrande regionen Syrisk Kurdistan eller Rojava.[3][4]




Innhaldsliste





  • 1 Etymologi


  • 2 Folkesetnad


  • 3 Historie


  • 4 Klima


  • 5 Samferdsle


  • 6 Økonomi


  • 7 Kultur og utdanning


  • 8 Kjelder


  • 9 Bakgrunnsstoff




Etymologi |


Byen var opphavleg ein liten landsby busett av assyrarar/syrarar kalla beṯ zālin (assyrisk ܒܝܬ ܙܐܠܝ̈ܢ) som tyder «hus av siv». Det noverande namnet er ei tyrkifisert form av dette, der «kamış» tyder «siv» på tyrkisk.



Folkesetnad |




Qamishli i 1964.


Med eit folketal på 184 231 (folketeljing 2004), er Qamishli blant dei ti største byane i Syria.


Qamishli er ein noko blanda by og dei etniske gruppene er hovudsakleg kurdiske, kristne og arabarar. Dei kristne i byen er hovudsakleg assyrarar og armenarar. Byen vart grunnlagd av assyriske flyktningar under det assyriske folkemordet i dagens Tyrkia. I dag lever assyrarar, kurdarar, arabarar og armenarar[5] side om side i byen.[6]


Al Qamishli hadde òg ein større samfunn av syriske jødar. I 1930-åra budde det 3000 jødar i Al Qamishli. Etter 1947 vart situasjonen for jødane i Al Qamishli stadig dårlegare og alle jødar i offentlege stillingar fekk vart sagt opp. Mange jødiske kvinner vart fengsla og banka opp med godkjenning frå styresmaktene. Etter kvart som valden auka, til dømes med pogromen i Aleppo i 1947, førte dette til ei masseutvandring av jødar frå Syria. I 1963 hadde samfunnet blitt redusert til 800 jødar og etter seksdagarskrigen gjekk det ned til 150. I dag er berre få att.



Historie |




Statue av president Hafez al-Assad i Qamishli.


Qamishli ligg nær staden der den hurrittiske byen Urkesh låg i antikken, grunnlagd i løpet av 3000-talet fvt.


Den moderne byen vart grunnlagd i 1926 som ein jernbanestasjon langs Taurus-banen.[7]


Qamishli er den største byen i Hassake-provinsen og vert rekna som den løynde hovudstaden til kurdarane, men assyrarane hevdar òg at byen er setet for folket deira. Han er òg senteret for det syriske «kurdar-problemet».[8]


I mars 2004, under ein kaotisk fotballkamp, starta eit opprør då somme personar byrja å hylle Saddam Hussein, og kampen vart til ein politisk strid mot kurdarane. Opprøret spreidde seg ut av stadionet og våpen vart nytta mot mot folk av kurdisk bakgrunn. Minst 30 kurdarar mista livet då syriske tryggleiksstyrkar tok over byen.[9] Hendinga vart kalla «Qamishli-massakren».


I juni 2005 demonstrerte tusenvis av kurdarar i Qamishli i protest mot attentatet på Sheikh Khaznawi, ein kurdisk geistleg i Syria, som førte til at ein politimann omkom og fire kurdarar vart skadde.[10][11] I mars 2008 opna, i følgje Human Rights Watch,[12] syriske tryggleiksstyrkar eld mot kurdarar som feira vårhøgtida nauroz og som tilsynelatande kom saman for å starte eit nytt opprør i Qamishli. Tre personar vart drepne.




Demonstrasjon mot styresmaktene i 2012.


I samband med den syriske borgarkrigen og Rojavakonflikten frå 2011 fekk byen ei viktig politisk rolle som de facto hovudstad for Rojava eller Syrisk Kurdistan, ein sjølverklært sjølvstyrande region nord i Syria. I juli og august 2012 tok Folkets forsvarseiningar eller YPG kontorll over store delar av Syrisk Kurdistan, men ikkje sjølve Qamishli. Den syriske egjeringa sine representantar i byen tillét likevel flagging med det kurdiske flagget i byen.[13]
Denne månaden utførte Den frie syriske armeen eit bombeåtak mot styresmaktene sitt etterretningssenter i byen, sjølv om denne opprørsgruppa ikkje var akseptert i området av dei kurdiske opprørsgruppene.[14]


Etter fleire månader der kurdiske PYD (Partiya Yekîtiya Demokrat) i realiteten styrte området erklærte dei offisielt regionalt sjølvstyre den 9. januar 2014. YPG og Damaskus-vennlege styrkar stod stort sett saman mot ISIL, men i april 2016 braut det ut slosting mellom desse to gruppene om kontroll over byen.[15]


27. juli 2016 blei 44 menneske drepne og fleire skadde etter at to bomber eksploderte i byen. ISIL tok på seg ansvaret for åtaket.[16]



Klima |


I Köppensystemet er klimaet klassifisert som «middelhavsklima».[17]








































































Klimadata for Al-Qamishli
Månad

Jan

Feb

Mar

Apr
Mai

Jun

Jul

Aug

Sep

Okt

Nov

Des
År
Normal maks. temp. °C
10.9
12.6
16.7
22.1
29.2
36.1
40.3
39.8
35.4
28.3
19.3
12.7
25,3
Normal min. temp. °C
2.7
3.5
6.3
10.3
14.9
20.0
23.5
23.0
19.5
15.0
8.8
4.4
12,7
Nedbør (mm)
77.5
71.9
68.2
59.0
29.0
2.2
0.3
0.1
0.8
18.0
38.5
66.9


Normal mengd nedbørdagar
11
11
11
10
6
1
0
0
0
4
7
10
71

Kjelde: World Meteorological Organization


Samferdsle |


Byen har ein internasjonal flyplass, Qamishli lufthamn, med IATA-koden KAC.
I oktober 2015 blei flyplassen stengd for ei stund,[18] før han opna att. Syriske flyselskap som Cham Wings Airlines, FlyDamas og Syrian Air har alle jamnlege flygingar mellom Qamishli og Damaskus, Latakia og Beirut. Delar av året tek flyplassen også imot utanlandske flygingar frå Tyskland og Sveits.[19]


Chemins de Fer Syriens (det syriske jernbaneverket) opererer jernbaneruter for transport og passasjerar til andre delar av Syria



Økonomi |




Kornlager i Qamishli.


Al-Hasakah guvernement er kjend som ein viktig kornprodusent i Syria. Han er også kjelda til rundt halvparten av olja som blir vunnen ut i landet.[20]
I desember 2017, før vinterkornsesongen, inngjekk styresmaktene avtaler med det lokale jordbrukssamvirket og mange enkeltgardbrukarar i al-Hasakah om å ta imot kveiten og bygget planta på 58 000 acre (230 km2) i al-Hasakah, og å planta meir til neste år.[21]



Kultur og utdanning |




Naurozfeiring ved Qamishli i 1997.




Gater i Qamishli kring juletider.


Byen er kjend for eit stort juleopptog kvart år i desember, og feiringa av nauroz trekkjer til seg store menneskemengder kvart år i mars. Trass i etnisk motiverte konfliktar, inkludert den syriske borgarkrigen, har både kurdarar, muslimar og syrisk kristne, i tillegg til ein armensk minoritet, stort sett levd side om side i fred.


Den kurdiskspråklege avisa Nu Dem har hovudkvarteret sitt i Qamishli.[2]


Før Rojavakonflikten fanst det ingen institusjonar for høgare utdanning i Nordaust-Syria. I september 2014 opna den første, Mesopotamian Social Sciences Academy.[3][22]Rojava universitet opna i juli 2016 med utdanning innan medisin, ingeniørvitskap, naturvitskap og humaniora, med undervising på kurdisk, arabisk og engelsk.[23][24]


Den armenske songaren Aram Tigran, som hovudsakleg song på kurdisk, var frå Qamishli.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Qamishli» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  1. 2004 Census Data for Nahiya Qamishli (arabisk). Syrian Central Bureau of Statistics. Henta 15. oktober 2015. Also available in English: UN OCHA. 2004 Census Data. Humanitarian Data Exchange. Henta 4. desember 2015



  2. 2,02,1 Zurutuza, Carlos. «Syria's first Kurdish-language newspaper.» (Archive) Al Jazeera. 18. oktober 2013. Henta on 22. oktober 2013.


  3. 3,03,1 «A Dream of Secular Utopia in ISIS’ Backyard». New York Times. 2015-11-29. Henta 2016-05-10. 


  4. «Syrian Kurds declare Qamishli as capital for the new federal system». ARA news. 2016-07-05. Arkivert frå originalen 2016-07-08. Henta 2016-07-05. 


  5. (armensk) Ծննդավայրս՝ Գամիշլի կամ Եղէգնուտ


  6. Al-Qamishli (Syria) - Britannica Online Encyclopedia


  7. "Al-Qamishli» - Encyclopædia Britannica, 2006.


  8. Qantara.de - The Kurds of Syria - An Insecure Stone in the Syrian Mosaic, qantara.de.


  9. James Brandon (15. februar 2007). «The PKK and Syria's Kurds» 5 (3). Washington, DC 20036, United States: Terrorism Monitor, The Jamestown Foundation. 


  10. Blanford, Nicholas (June 15, 2005). «A murder stirs Kurds i Syria». USA Today. 


  11. Fattah, Hassan M. (2. juli 2005). «Kurds, Emboldened by Lebanon, Rise Up in Tense Syria». The New York Times. 


  12. Syria: Investigate Killing of Kurds - Human Rights Watch


  13. «Syria – News». Peter Clifford Online. Henta 20. august 2012. 


  14. «Explosion at intelligence center in Qamishli, Syrian Kurdistan». Ekurd.net. Henta 20. august 2012. 


  15. «Fighting Escalates in Syria's Qamishli». VOA. Henta 7. desember 2016. 


  16. «At least 44 dead in ISIS-claimed double bomb attack in Qamishli, Syria». RT. 27. juli 2016. 


  17. Climate Summary


  18. «Hasakah’s Qamishli International Airport now closed to civilians». SYRIA:direct. 21. oktober 2015. 


  19. Qamishli - Cham Wings


  20. Mohammad Harfoush (19. februar 2013). «Syria's Oil Crisis». Al Monitor. 


  21. التعاقد لاستلام إنتاج 58 ألف دونم من القمح والشعير في الحسكة (arabisk)


  22. «First New University To Open In Rojava». Rojava Report. 31. august 2014. Henta 7. juli 2016. 


  23. «'University of Rojava' to be opened». ANF. 2016-07-04. Henta 2016-07-04. 


  24. «Kurds establish university in Rojava amid Syrian instability». Kurdistan24. 2016-07-07. Henta 2016-07-07. 





  • Delar av denne artikkelen bygger på «Rojava conflict» frå Wikipedia på engelsk, den 1. november 2018.


Bakgrunnsstoff |



  • Kurds in Qamishli, globalag.igc.org

Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?