Krossfararstatane




Kart over Midt-Austen med krossfararstatar avmerkte i grønt.


Krossfarerstatane var føydalstatar oppretta av krossfararar under krosstoga frå 1000- til 1200-talet. Statane var styrte av vesteuropearar, og fanst hovudsakleg i det austlege middelhavsområdet.




Innhaldsliste





  • 1 Kronologi

    • 1.1 Første krosstoget


    • 1.2 Tredje krosstoget


    • 1.3 Fjerde krosstoget



  • 2 Nordlege krosstog


  • 3 Kjelder




Kronologi |


Reconquista, 'gjenerobringa' av den iberiske halvøya frå maurarane, føre til opprettinga av mange mindre katolske rike. Bortsett frå kongedømet Valencia blir ikkje desse kalla krossfararstatar.



Første krosstoget |


Like etter det første krosstoget blei det oppretta fire krossfarerstatar i Levanten:



  • Grevskapet Edessa, grunnlagd i 1098; fall i 1144 til den islamske fyrsten av Mosul og Aleppo. Fallet gav støyten til det andre krosstoget.


  • Fyrstedømet Antiokia, grunnlagd i 1098, fall i 1268 til sultanen av Egypt.


  • Kongeriket Jerusalem, grunnlagd i 1099; eksisterte også etter at Jerusalem fall i 1187; tok slutt då Akko fall i 1291.


  • Grevskapet Tripoli, grunnlagd i 1104 som vassalstat til Jerusalem, fall i 1289.


Tredje krosstoget |


Under det tredje krosstoget blei Kongedømet Kypros oppretta. Rikard Løvehjerte erobra Kypros mens han var på veg til Det heilage landet, og øya blei styrt av etterkomarane av kongane av Jerusalem heilt til 1489.



Fjerde krosstoget |


Under det fjerde krosstoget blei delar av det bysantinske riket delt i fem statar:



  • Det Latinske Riket som tvinga den greske keisaren til å residera i Nikea; bestod frå 1204 til 1261.


  • Kongedømet Thessaloniki, bestod frå 1205 til 1222.


  • Hertugdømet Athen, bestod frå 1205 til 1458.


  • Fyrstedømet Akhaia, bestod frå 1205 til 1428.


  • Hertugdømet Naxos, bestod frå 1210 til 1566.

Det fjerde krosstoget hadde erobringa av Konstantinopel som mål, for å endra tilknytinga til byen frå ortodoks til katolsk kristendom. Før dette blei gjennomført blei dei erobra av Keisarriket Nikea i 1261. Dei andre krossfararstatane blei erobra av Det osmanske riket.
I tillegg oppretta venetianarane Hertugdømet Arkipelaget i Egearhavet etter fjerde krosstoget. Thessaloniki og Det latinske imperiet blei teke av bysantinarane. Etterkomarar av krossfararane styrte Athen og Peloponnes/Morea inntil 1400-talet, då området blei teke av osmanarane.



Nordlege krosstog |


Under dei nordlege krosstoga oppretta Den tyske ordenen ein stat som seinare blei til Preussen.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Krossfararstatane» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2008.







Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?