Al-Musayfirah


Koordinatar: 32°37′56″N 36°20′19″E

















Al-Musayfirah

المسيفرة
by
Land

Flag of Syria.svg Syria

Guvernement

Daraa

Distrikt

Daraa

Nahiyah

Al-Musayfirah

Høgd
550 moh.
Koordinatar

32°37′56″N 36°20′19″E

Folketal
10 466 (2004) [1]


Tidssone

EET (UTC+2)




Syria location map3.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Al-Musayfirah

Al-Musayfirah (arabisk المسيفرة, òg skrive Mseifreh eller Musayfra) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, som ligg aust for Daraa og 37 kilometer søraust for Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Kahil i sørvest, al-Jiza i sør, al-Sahwah i søraust, 'Ara i aust, Umm Walad i nordaust, al-Karak i nord, al-Ghariyah al-Sharqiyah i nordvest og Saida i vest. Al-Musayfirah har eit areal på 7,05 hektar.[2] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå har al-Musayfirah eit folketal på 10 466 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Musayfirah nahiyah («underdistrikt») som består av fire stader med eit samla folketal på 32 473 i 2004.[1] I nyare tid har folketalet vorte estimert til kring 13 600 i 2009.[2] Den største familien er al-Zu'bi-klanen (al-Zoubi).[3]


Al-Musayfirah tente som senter for Sufi-ordenen al-Qadiriyyah i den osmanske og franske tida. Byen er kjend for det store slaget mellom den franske hæren og drusar-opprørarar under det store syriske opprøret i september 1925. Dei fleste innbyggjarane vart tvungen ut eller drepne av dei franske styrkane anten før eller under slaget.


Byen er i stor grad avhengig av pengar sendt frå familiemedlemmar som arbeider i Gulfstatane. Desse utvandrarane har fått bygd fleire offentlege plassar og bygg i byen. Jordbruk er hovudnæringa og oliven er den viktigaste avlinga. Kveite, bygg og forskjellige grønsaker vert òg dyrka. Klimaet er generelt moderat med milde vintrar og særs varme somrar.




Innhaldsliste





  • 1 Historie

    • 1.1 Den osmanske og franske tida


    • 1.2 Moderne tid



  • 2 Kjelder




Historie |



Den osmanske og franske tida |


Den moderne byen vart grunnlagd i den osmanske tida (1517–1917).[3] I 1596 var Musayfira nedskriven i osmanske skattelister som ein del av Butayna nahiya i Hauran qada. Han hadde berre muslimske innbyggjarar og bestod av 22 hushaldningar og 18 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[4]


I 1838 vart al-Musayfirah klassifisert som ein khirba («forlaten landsby») av bibelforskaren Eli Smith.[5] I denne perioden og under det franske styret (1918–46) vart 16 landsbyar i regionen kontrollert av al-Zu'bi-klanen som var opphav til mange av dei religiøse sjeikane frå Sufi-ordenen al-Qadiriyyah, som vart skipa av Abd al-Qadir al-Jilani. Medan Khirbet al-Ghazaleh og Deir al-Bukht var dei politiske seta til klanhøvdingen, var al-Musayfirah det religiøse senteret til al-Zu'bi.[6] I september 1910 tente al-Musayfirah som destinasjon for osmanske soldatar før dei gjekk til åtak mot drusar-opprørarar i Jabal al-Arab, litt lenger aust. Opprørsleiaren, Yahya al-Atrash, vart arrestert av styresmaktene under operasjonen.[7]


Under det store syriske opprøret mot det franske mandatet, slo den muslimske sjeiken frå al-Musayfirah, Muhammed al-Zu'bi, og ryttarane hans seg saman med drusar-opprørarane til sultan Pasha al-Atrash i Jabal i august 1925.[8] Al-Musayfirah var åstad for eit stort slag mellom franske styrkar og drusar-opprøarar den 17. september. Slaget enda i fransk siger og 300-400 opprørar mista livet.[9] Dette bana veg for at franskmennene kunne erobre al-Suwayda den 24. september, sjølv om dei trekte seg attende to månader seinare.[10] Fleire av innbyggjarane i al-Musayfirah hadde anten vorte drepne eller drivne bort før og under slaget.[9] Eit minnesmerke vart sidan reist i al-Musayfirah til minne om opprørarane under slaget.[3]



Moderne tid |


Den 29. juli 2011, under den syriske borgarkrigen som byrja i mars 2011, vart ein demonstrasjon mot staten i al-Musayfirah slått ned av tryggleiksstyrkar som opna eld mot demonstrantane, og ein sivil mista livet.[11] Tidleg i september deltok hundre til tusenvis av demonstrantar i demonstrasjonar mot staten i byen.[12] Den 11. september rapporterte Reuters at 40 menneske frå al-Musayfirah vart sette i fengsel av tryggleiksstyrkane, i lag med mange andre frå dei nærliggande byane al-Jiza og Busra al-Harir.[13] Den 27. april 2012 rapporterte Financial Times at under den korte våpenkvilen mellom regjeringsstyrkane og opprørarane, var dei vitne til hundrevis av demonstrantar som ropet «Gud bevare Den frie syriske armeen» i al-Musayfirah. Den frie syriske armeen er ein av dei mange væpna organisasjonane som gjer opprør mot styret til Bashar al-Assad. På den tida skal ein tredjedel av innbyggjarane i byen ha flykta og dusinvis var drepne sidan starten på krigen.[14]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Al-Musayfirah» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  • Betts, Robert Brenton (2010). The Druze. Yale University Press. ISBN 0300048106. 


  • Hanna Batatu (1999). Syria's peasantry, the descendants of its lesser rural notables, and their politics (Illustrated utg.). Princeton University Press. ISBN 0691002541. 


  • Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Germany: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. 


  • Murphy, C. C. R. (1921). Soldiers of the Prophet. John Hogg. 


  • Provence, Michael (2005). The Great Syrian Uprise and the Rise of Arabian Nationalism. University of Texas Press. ISBN 9780292706804. 


  • Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster. 



  1. 1,01,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)


  2. 2,02,1 Hashshish, Safaa. Al-Musayfirah: A Name Linked to the Struggle. E-Daraa. E-Syria. 2009-04-19.


  3. 3,03,13,2 Abu Nukta, Mutasim. Al-Musayfirah. E-Daraa. E-Syria. 2009-08-07. (arabisk)


  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 215.


  5. Smith and Robinson, 1841, s. 151.


  6. Batatu, 1999, s. 107.


  7. Murphy, 1921, s. 14.


  8. Provence, 2005, s. 77.


  9. 9,09,1 Provence, 2005, s. 93.


  10. Provence, 2005, s. 94.


  11. Assad faces armed challenge in oil-producing east. Ahram Online. 2011-07-29.


  12. Syrian city under siege as UN urges action and Red Cross visits Damaskus jail. Al Arabiya. 2011-09-06.


  13. Gulf states condemn Syria 'killing machine'. Al Jazeera English. 2011-09-11.


  14. Peele, Michael. Despair and defiance greet Syrian monitors. Financial Times. 2011-04-27.










Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...