Kirkeveien i Oslo




Kirkeveien på strekninga frå Frogner plass mot Majorstua, med Frognerparken til venstre.
Foto: Hans A. Rosbach





Kirkeveien med Ullevål sykehus i bakgrunnen til venstre.


Kirkeveien er ei gate i Oslo, frå Frogner plass på Frogner, over Majorstua, Marienlyst, Fagerborg, Adamstua, Lindern og til området ved Ullevål sykehus, der gata går over i Griffenfeldts gate i krysset med Geitmyrsveien og Kierschows gate. Gata er ei strekning av det samanhengande gatesystemet som på trafikkskilt og bykart har nemninga Ring 2 (ofte omtalt som Kirkeveiringen), den 9,7 kilometer lange trafikkåra i Oslo mellom Skøyen i vest og Lodalen i aust.




Kirkeveien på Majorstua.


På den fyrste strekninga går Kirkeveien langsetter Frognerparken, og den monumentale hovudinngangen til Vigelandsanlegget ligg til denne gata. Den aksa som Vigelandsanleggets skulpturgrupper ligg langsetter, går rettvinkla ut frå Kirkeveien.


Kirkeveien var opphavleg ein bygdeveg mellom Skarpsno attmed Frognerkilen og Ullevål gård, som låg der Ullevål sykehus ligg no. I 1855 vart vegen opparbeidd som gate i samband med at Vestre Aker kyrkje (i nærleiken av noverande Ullevål sykehus) vart bygd, og namnet Kirkeveien, som gata fekk same året, refererer seg til denne kyrkja.







Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Nidaros erkebispedøme