El Hierro























El Hierro

HI Canarias.png
Geografi

ES El Hierro.PNG
Stad
Atlanterhavet
Koordinatar
27°44′N 18°03′WKoordinatar: 27°44′N 18°03′W
Øygruppe
Kanariøyane

Areal278 km² km²

Høgaste punkt
Malpaso (1501 moh.)

Administrasjon
Land
Spania
Provins
Santa Cruz de Tenerife
Største busetnad
Valverde (5797 innb.)

Demografi
Folketal10 162 (2003)
Folketettleik37 /km²


Virgen de la Caridad kapell




Vestenden av El Hierro var lenge rekna for å vere enden av den kjende verda for europearane.


El Hierro, med kallenamnet Isla del Meridiano («Meridianøya»), er ei spansk øy. Ho er den minste, sørlegaste og vestlegaste øya i Kanariøyane i Atlanterhavet. Ho ligg akkurat på 18 grader vest.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Geografi og natur


  • 3 Turisme


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff




Historie |


Namnet på øya kjem frå guanche og tyder «helt», men i løpet av åra har namnet endra seg til «Hierro», som tyder «jarn» på spansk. Derfor vert Ferro òg stundom nytta som eit alternativt namn på øya.


Dei innfødde på øya, kalla bimbachar, vart erobra av Jean de Béthencourt, men det skjedde meir gjennom forhandlingar enn med militær makt. Béthencourt var alliert med Augeron, bror til monarken på øya. Han hadde i årevis vorte halde fange av europearane og var her ein meklar mellom europearane og guanchane. Mot at Béthencourt fekk kontroll over øya, lovde han fridom for dei innfødde, men han heldt ikkje lovnaden og selde seinare mange av dei som slavar. Mange franskmenn og spanjolar frå Galicia slo seg ned på øya.



Geografi og natur |


Som resten av øygrupper er øya fjellendt. Ho har eit areal på 278 km².
Det høgaste punktet ligg midt på øya og heiter Malpaso med ei høgd på 1501 meter over havet. Fleire unike artar finst på El Hierro, som ei kjempeøgle (Gallotia simonyi).


Øya er ein del av provinsen Santa Cruz de Tenerife og består av tre kommunar:


  • Frontera

  • Valverde

  • El Pinar

Valverde ligg nordaust på øya, medan Frontera ligg i sørvest. Begge inneheld fleire landsbyar. Setet på øya er Valverde. I 2003 budde litt over 10 000 innbyggjarar på øya.



Turisme |


Som alle av Kanariøyane er El Hierro ein turistdestinasjon. Ho har ein liten flyplass ved Valverde og ein ferjeterminal som begge har samband med Tenerife.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «El Hierro» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:






Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: El Hierro


  • Plante- og dyreliv på El Hierro

Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister