Saltsjø





Bonneville Salt Flats.


Ein saltsjø er ein innsjø som inneheld høgare nivå av salt (som regel natriumklorid) og andre mineral enn ein vanlegvis finn i andre innsjøar. Som regel er grensa sett til minst 3 gram salt per liter. I mange tilfelle har saltsjøar høgare saltkonsentrasjon enn vanleg sjøvatn. Saltsjøar med særs høgt saltinnhald blir kalla hypersalte innsjøar.



Eigenskapar |


Saltsjøar vert danna når vatnet som renn ut i ein innsjø inneheld salt eller mineralar og så ikkje kan renne vidare ut frå innsjøen fordi han er endorheisk. Vatnet forsvinn då berre frå innsjøen via fordamping og på den måte aukar saltinnhaldet i innsjøen fordi saltet vert liggande att. Saltsjøar har derfor ofte vore nytta til saltproduksjon. Høg salinitet fører som oftast òg til eit unikt dyre- og planteliv i og nær innsjøen.


Om det renn mindre vatn ut i innsjøen enn det som fordampar vil til slutt innsjøen forsvinne og etterlate ei saltslette eller playa.



Kjende saltsjøar |


Dei fire største saltsjøane i verda er Kaspihavet, Aralsjøen, Balkhasjsjøen og Store Saltsjø, som er den største på den vestlege halvkula.


Den høgastliggande saltsjøen er Namtso, og den lågasteliggande er Daudehavet, som òg er det lågaste punktet på jordoverflata.


Sidan 700-talet har det vorte vunne ut salt frå Baskuntsjak i Russland, som vart transportert ut via Silkevegen. I dag utgjer det reine saltet (99,8 % NaCl) 80 % av den totale saltproduksjonen i landet. Etter behov vert det vunne ut mellom 1,5 og 5 millionar tonn salt per år.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Saltsjø» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  • Saltsjøar på www.esf.edu



Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister