Sefardar




Sefardisk familie i Bosnia på 1800-talet.




Jødisk feiring i Tétouan. Måleri av Alfred Dehodencq frå 1865.




Side frå Barcelona-haggadaen frå 1300-talet.


Sefardar eller sefardiske jødar (hebraisk סְפָרַדִּי, sefardím, moderne hebraisk sfaraddi tiberisk səp̄āraddî - «Sefarad» er eit jødisk namn på den iberiske halvøya[1]) er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Spania og Portugal. Desse blei tvinga i eksil eller i skjul av Alhambra-ediktet av 1492, og slo seg særleg ned i andre middelhavsland og i Nederland.[2] Namnet blir i praksis òg brukt om ikkje-iberiske jødar som stammar frå arabisk-språklege land, såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-askenasisk opphav.


Sefardiske jødar i den opphavlege tydinga inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas, Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare talte dei fleste sefardar spansk, jødespansk eller portugisisk. Ein særleg variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardiske jødar er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsetjingar frå hebraisk til spansk eller jødespansk.[1] Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet «ladino» for det jødespanske språket.




Innhaldsliste





  • 1 Kjende sefardiske jødar


  • 2 Sjå òg


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff




Kjende sefardiske jødar |



  • Mosjé ben Maimón («Moses Maimonides», 1135–1204), filosof og jødisk teolog


  • Menasseh Ben Israel (1604–1657), portugisisk-nederlandsk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar


  • Benjamin Disraeli (1804–1881), britisk politikar


  • Karl Emil Franzos (1848–1904), austerriksk-sefardisk forfattar


  • Uriel Acosta (1585-1640), portugisisk-nederlandsk rasjonalistisk filosof


  • Baruch Spinoza (1632–1677), nederlandsk filosof


  • David Ricardo (1772–1823), britisk økonom


  • Grace Aguilar (1816–1847), engelsk forfattar


  • Camille Pissarro (1830–1903), fransk biletkunstnar


  • Darius Milhaud (1892-1974), komponist (sefardisk morfar)


  • Elias Canetti (1905–1994), bulgarsk-engelsk forfattar


  • Pierre Mendès-France (1907–1982), fransk-sefardisk sosialistisk politikar


  • Rita Levi-Montalcini (f. 1909), italiensk-sefardisk neurolog og nobelprisvinnar i medisin


  • Peter Sellers (1925-1980), britisk skodespelar og komikar (etterkommar av den sefardiske boksaren Daniel Mendoza)


  • Jacques Derrida (1930–2004), fransk filosof


  • Claude Cohen-Tannoudji (f. 1933), algersk-sefardisk nobelprisvinnar i kjemi


  • Murray Perahia (f. 1947), amerikansk konsertpianist


  • Bernard-Henri Lévy (f. 1948), algirskfødd fransk-sefardisk filosof og skribent


  • Hank Azaria (f. 1964), USA-amerikansk skodespelar


  • Sam Mendes (f. 1965), britisk-sefardisk teater- og filmregissør



  • Maurice Abravanel, dirigent


  • Baruj Benacerraf, immunolog, nobelprisvinnar i medisin


  • Judah P. Benjamin, britisk/amerikansk politikar og jurist


  • Benjamin N. Cardozo, amerikansk høgsterettsdommar


  • Anthony Caro, bilethoggar


  • Mario Castelnuovo-Tedesco, italiensk-sefardisk komponist


  • Eydie Gormé, amerikansk-sefardisk songar


  • Jehudá Halleví, diktar


  • Sidney Hart, britisk fagforeiningsleiar


  • Otto Klemperer, dirigent (sefardisk mor & askenasisk far)


  • David Levy, israelsk politikar


  • Salvador Luria, nobelprisvinnar i medisin


  • Daniel Mendoza, britisk boksar

  • Martinus M. Rodrigues Pereira


  • Neil Sedaka, songar


  • Alexander von Zemlinsky, komponist (sefardisk morfar)


Sjå òg |


  • Jødespansk språk

  • Ladino

  • Marrano

  • Misrahim

  • Sefardisk jødedom

  • Familiær middelhavsfeber


Kjelder |




  1. 1,01,1
    Lima, Geir. «Jødespansk» (27. november 2013). Store norske leksikon.




  2. Arntzen, Jon Gunnar & Groth, Bente. «Sefarder» (4. juni 2013). Store norske leksikon.




  • «List of Sephardic Jews» på English Wikipedia


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sefardar








Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister