Henning Warloe
| Henning Warloe | |
| | |
| Fødd | 24. mars 1961 Bergen |
|---|---|
| Nasjonalitet | Noreg |
| Parti | Høgre |
| Yrke | politikar |
| Utdanna ved | Norges handelshøyskole |
Henning Warloe (fødd 24. mars 1961 i Bergen) er ein norsk politikar frå Høgre og frå 14. august 2014 byråd for byutvikling, klima og miljø i byrådet i Bergen. Han er fødd og voks opp i Bergen. Warloe er utdanna befal. Han er også utdanna ved Norges Handelshøyskole. Utanfor politikken har Henning Warloe vore dagleg leiar for eit eige firma, og var ein av stiftarane av Ferieklubben i Bergen. I stortingsperioden 2009-2013 representerte Warloe Hordaland på Stortinget.
I valperioden 2003–2007 var Warloe byråd for finans, kultur og næring i Bergen kommune. Frå 2007 var han byråd for kultur, idrett og næring, i tillegg at han sidan utreiinga til Framstegspartiet frå byrådssamarbeidet våren 2009 også har fungert som byråd for finans, konkurranse og utvikling fram til han måtte trekkje seg for å tiltre på Stortinget. I perioden 2. juni 2006–31. januar 2007 fungerte Warloe som byrådsleiar då Monica Mæland hadde barselpermisjon. Han var nestleiar i Hordaland Høgre frå 2007 til mars 2012.
Ein av hobbyane til Henning Warloes er trylling, og i 2008 vart han valt til president i Magiske Cirkel Norge, ein landsomfattande samskipnad for tryllekunstnarar.
I 2013 vart Warloe dømd til bot og 18 dagar fengsel på vilkår for kjøp og bruk av narkotika.[1] Før dette hadde han trekt seg frå partiverva sine.[2]
Stortingskomitear |
- 2009–2013 medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Referansar |
↑ Warloe dømt til 18 dagers betinget fengsel og bot
↑ Håvard Sæle (06.03.2012). «Stortingspolitiker narkotatt etter razzia fra politiet på Romerike». Romerike blad. Henta 20.02.2013.
Bakgrunnsstoff |
Henning Warloe hos Stortinget
Henning Warloe hos Hordaland Høgre.
før ← Stortingsrepresentantar 2009–2013 → etter | |
|---|---|
| Akershus |
|
| Aust-Agder | |
| Buskerud | |
| Finnmark | |
| Hedmark | Storberget (Lillehovde) |
| Hordaland | Strøm-Erichsen (Brandvik) Lysbakken (Barstad) |
| Møre og Romsdal | |
| Nord-Trøndelag | Brekk (Ramsøy) |
| Nordland | |
| Oppland | Aasrud (Håheim) |
| Oslo | Stoltenberg (Haugli) Halvorsen (Sørensen) Støre (Wickholm) |
| Rogaland | Kleppa (Pollestad) |
| Sogn og Fjordane | Navarsete (Sande) |
| Sør-Trøndelag | Giske (Haugen) |
| Telemark | |
| Troms | |
| Vest-Agder | |
| Vestfold | |
| Østfold |
|