Morfem


Morfem (frå fransk morphème, etter mønster av fonem) er ei abstrakt eining i lingvistikken som visr til det minste språklege elementet som gjev tyding eller grammatisk funksjon.[1]


Omgrepet har røter innanfor strukturalistisk lingvistikk. Det blir i dag brukt på to ulike måtar, den eine går attende via Leonard Bloomfield til Jan Baudouin de Courtenay, og den andre til Charles Hockett. For de Courtenay er morfem eit ord eller ein del av eit ord (suffiks, prefiks) som ikkje kan delast inn i mindre delar.[2]


Bloomfield held fast på kjernen i morfemomgrepet til de Courtenay , og ser på morfemet som den minste meiningsberande eininga i språket. Hockett, på si side, ser på morfemet ikkje som ein berar av meining, men som meininga sjølv.




Innhaldsliste





  • 1 Det bloomfieldske morfemet


  • 2 Det hockettske morfemet


  • 3 Samanblanding av dei to konsepta


  • 4 Problem med morfemomgrepet


  • 5 Døme på bruk av det bloomfieldske morfemet


  • 6 Fotnoter


  • 7 Litteratur




Det bloomfieldske morfemet |


I den viktige boka Language frå 1933 sette Bloomfield opp ein avansert teori om morfologien, der morfem-omgrepet til de Courteney var ein av grunnsteinane. Bloomfield skilde mellom leksikalsk og grammatisk form, og - for kvar form - mellom eining, form (med og utan innhald) og innhald.


















NivåLeksikalsk formGrammatisk form
minimal form
fonetisk formtaktisk form
form utan meining
fonemtaksem
form med meining
morfemtagmem
meining
sememepisemem

Bloomfields morfologiske teori

I engelsk er t.d. affiksa -s, -z, -is, -iz fonetiske variantar av det same morfemet, mens affikset -en (som vi har i oxen) er eit anna morfem. Desse to morfema er bundne saman ved å ha det same sememet, «meir enn ein». Dette er på den leksikalske sida. På den grammatiske sida er det ikkje substans, men struktur, og taktisk form inneber fire og berre fire måtar å arrangere leksikalsk form på, nemleg rekkjefølgje, modulering, fonetisk modifisering og seleksjon. I dømet med engelsk er det relavante tagmemet prosessen å velje eit morfem, enten dette morfemet er eit suffiks (evt. klasse av suffiks), eller det er endring av eit basismorfem (man til men).



Det hockettske morfemet |


Det neste tiåret gjer Zellig Harris og Charles Hockett Bloomfield store endringar i morfemomgrepet sitt. Harris held fast på at ein kvar sekvens av fonem med meining er eit morfem, og eit sett av morfem med same meining er ei morfemeining («[e]very sequence of phonemes which has meaning, and which is not composed of smaller sequences having meaning, is a morpheme (unit)», og: «two or more [morpheme] alternants which have what we consider the same meaning (but different phonemes), and no one of which ever occurs in the same environment as the others [...] are grouped together into a single morpheme unit») (Harris 1942). Harris slår altså saman Bloomfields -s, -is, -z, -iz, -en, null til ulike variantar av same morfemeining.


Hockett 1947 endrar dette til klassisk strukturalisme, ved å seie at -s, -is, -z, -iz, -en, null er allomorfar av same morfem, og at dette morfemet (i dette tilfellet) er fleirtal.



Samanblanding av dei to konsepta |


Lingvistisk teori på 1960- og 70-talet kom til å leggje vekt på syntaks, og morfologi fekk lita merksemd. I praksis kom Hocketts og Bloomfields morfem til å leve side om side. Ei sentral innføringsbok, Lyons 1968, seier t.d. at ordet unacceptable er laga av tre einingar, un, accept og able, "customarily reffered to as 'morphemes'" (s. 170). På s. 181, derimot dreg Lyons eit skilje mellom på den eine sida morfema, og på den andre sida representasjonane desse morfema har. Allomorfar er, “alternative representations of a morpheme”, t.d. representerer /s/, /z/ og /iz/ “the plural morpheme s”,



Problem med morfemomgrepet |


Det ibuande tvitydige (sjå ovanføre) er problematisk for den som vil nytte morfem i lingvistisk analyse. Morfologi er studiet av korleis grammatiske trekk blir uttrykte med hjelp av ordformer, og ein terminologi som ikkje skil mellom innhald og form, er lite tenleg for dette føremålet.


Men omgrepet er òg problematisk når det er veldefinert. Som tildømes i den bloomfieldske definisjonen, med sine tre hypotesar om morfemet:


  1. Røter og affiks har same status, dei er begge morfem;

  2. Som morfem er dei teikn i strukturalistisk tyding, dvs. at dei har både innhald og form;

  3. Morfem, både leksikalske og grammatiske, har sjølvstendige oppføringar – som teikn – i vår mentale ordbok;

Dette er er i strid med hypotesane i moderne morfologisk teori:


  1. Røter og affiks er grunnleggjande ulike;

  2. Røter er teikn (med både innhald og form), mens affiks ikkje i seg sjølv er teikn, kva dei tyder kjem einast fram i kombinasjonen av affiks og rot;

  3. Sidan affiks er tydingslause, står har dei ikkje sjølvstendige oppslag i vår mentale ordbok. I staden står dei, i lag med andre morfologiske prosessar som t.d. omlyd og avlyd, i grammatikken.


Døme på bruk av det bloomfieldske morfemet |


Det bloomfieldske morfemet kan delast inn i ulike typar:



  • Frie morfem som hus og hund kan stå åleine, «fritt», eller saman med andre leksem (som i hundehus).


  • Bundne morfem som u- opptrer berre saman med andre morfem for å skapa eit leksem (til dømes ugrei).


  • Bøyingsmorfem gjev ord ulike bøyingar, som tal, tempus, aspekt (som -ar i hundar)


  • Avleiingsmorfem kan leggjast til eit ord for å avleia eit anna ord (til dømes ved å leggja -skap til venn slik at ein får vennskap).

Det er mogleg å dra skilnaden mellom «frie» og «bunde» morfem, men denne skilnaden korresponderer ikkje alltid til ein grammatisk distinksjon mellom røter og grammatiske formativar. Frie morfem kan vere teikn med innhald, som hus, men dei kan også vere formativar utan eige innhald, som t.d. til, som m.a. kan ha same funksjon som klitikonet (det «bunde morfemet») -s.


Same «morfem» blir ofte brukt til både bøying og avleiing, som når -ar representerer bøying i hundar, men avleiing i (ein) lærar.



Fotnoter |



  1. «morfem» i Nynorskordboka.


  2. de Courney sin opphavlege definisjon var denne:

    Morphem = jeder, mit dem selbständigen psychischen Leben versehene und von diesem Standpunkte (...) aus weiter unteilbare Wortteil. Dieser Begriff umfasst also: Wurzel (radix), alle möglichen Affixe, wie Suffixe, Praefixe, als Exponenten syntaktischer Beziehungen dienende Endungen u.s.w.



Litteratur |


  • Bazell, C.E. 1949: On the problem of the morpheme. Archivum Linguisticum 1:1-15. Reprinted in Hamp et al. (eds.), 1966: Readings in Linguistics II, 216-26. University of Chicago Press.

  • Bazell, C.E. 1952a: Phonemic and morphemic analysis. Word 8:33-8.

  • Bazell, C.E. 1952b: The Correspondence Phallacy in Structural Linguistics. Studies by members of the English Department, Istanbul University. 3:1-41. Trykt opp i Hamp et al. (eds.), 1966: Readings in Linguistics II, 271-98. University of Chicago Press.

  • Beard, Robert 1995: Lexeme-Morpheme Base Morphology. State University of New York Press.

  • Bloomfield, Leonard 1926: A set of postulates for the science of language. Language 2:153-64.

  • Bloomfield, Leonard 1933: Language. Holt, Rinehart and Winston, Inc., New York.

  • Courtenay, Jan Badouin de 1895: Versuch einer Theorie phonetischer Alternationen. Ein Capitel aus der Psycho­phonetik. Straßburg: Trübner.

  • Harris, Zellig S. 1942: Morpheme alternants in linguistic analysis. Language 18:169-80.

  • Hockett, Charles F. 1947: Problems of morphemic analysis. Language 23:321-43.

  • Lyons, John 1968: Introduction to Linguistics. Cambridge: Cambridge University Press.

  • Matthews, Peter H. 1993: Linguistic Theory in the United States. Cambridge: Cambridge University Press.


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?