Hirden




Emblemet for Hirden, Nasjonal Samlings paramilitære organisasjon, viste ein solkross med to sverd i gult på raud botn





Vidkun Quisling, Nasjonal Samlings fører, og Oliver Møystad, hirdsjef og sjef for tryggingspolitiet, inspiserer Rikshirden. Mannskapa er blant anna uniformert med karakteristiske «tyskarhjelmar».
Foto: Riksarkivet (ukjent dato)





Hieden paraderer fra Slottsplassen


Hirden var ein ideologisk, paramilitær særogranisasjon i det norske nazistpartiet Nasjonal Samling frå 1934 til 1945. Hirden fungerte som partiet sine politiske troppar, tilsvarande dei tyske Sturmabteilungen. Organisasjonen bestod opphavleg av den aktive kjernen i partiet, men medlemskap i Hirden vart obligatorisk for alle NS-medlemmar i løpet av krigen. Det var til saman kring 8000 medlemmar i Hirden.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Oppbygging og oppgåver

    • 2.1 Rikshirden med meir


    • 2.2 Organisasjon


    • 2.3 Regiment



  • 3 Landshirdsjefar


  • 4 Uniform


  • 5 Sjå òg


  • 6 Bakgrunnsstoff




Historie |


Hirden vart danna i 1933 under namnet «spesialavdeling» og var ein frivillig organisasjon for medlemmar av Nasjonal Samling mellom 18 og 45 år. Hirdmannskapet vart offisielt definert som partiets «politiske og ideologiske soldatar», men fungerte hovudsakleg som vaktmannskap under politiske møte og talar, etter eit utal angrep frå og konfliktar med kommunistane og den dåverande arbeidarrørsla. Desse konfliktane var òg hovudgrunnlaget for å starta Hirden. Etter okkupasjonen fekk Hirden nye oppgåver og avdelingar. Hirdmedlemskap vart obligatorisk for unge, mannlege partimedlemmar frå 1941, og seinare for kvinner og eldre medlemmar òg, men ordninga vart ikkje heilt gjennomført. Alle medlemmar bar uniform på arrangement og i medlemsteneste.


Omgrepet hird vart teke i bruk i 1934. Omgrepet var henta frå mellomalderen, då hirda utgjorde dei kongelege styresmaktene. Hirdmenn utgjorde i mellomalderen kongens vaktstyrke, og Hirden hadde tilsvarande oppgåver overfor Vidkun Quisling, som var leiar i partiet og i Hirden.


Hirden vart oppløyst ved frigjeringa i mai 1945, og mange medlemmar vart dømde i landssvikoppgjeret.



Oppbygging og oppgåver |


Hirden utgjorde NS sin aktivistiske kjerne og verka som ordensvern ved NS sine møte. Hirden skulle dessutan disiplinere og skolere medlemmane. Den andre leiaren for Hirden, den seinare høgesterettsadvokaten Johan Bernhard Hjort, var som skapt for denne oppgåva. Han hadde prøyssisk bakgrunn, sersjantutdanning frå forsvaret og stor naturleg autoritet. Hjort opna friskt eit møte for fleire tusen frammøtte på Gjørvik på Kristi himmelfartsdag i 1936 med følgjande helsing: «Landsmenn, landsforrædere, apekattar og annet folk». Hjort kom snart på kant med Quisling og meldte seg ut av partiet i 1937.


Hirden var organisert i ein militær korpsstruktur med fleire forskjellige formasjonar på same måte som NDSAP sine paramilitære Sturmabteilungen. Organisasjonen fekk ytterlegare militært preg under 2. verdskrig, då ein mellom anna oppretta ein såkalla hirdmarine og flykorps for Hirden. Hirden fekk politimynde i mars 1941 og vart innlemma i det norske militærvesenet 14. august 1943.



Rikshirden med meir |


Rikshirden var den første formasjonen og den eigentlege Hirden, og dei fleste andre formasjonane gjekk ut frå denne. Omgrepet har elles etter krigen vorte nytta som eit fellesnamn på heile Hirden, Kvinnehirden og Ungdomsfylkingas hirdgrupper òg. Opphavleg omfatta Hirden berre hirdavdelingane som høyrde til Hirdstaben og Førargarden.



  • Rikshirden (1933–1945) var politisk ordensvern og hadde viktige propagandaoppgåver.


  • Førargarden (1942–1945) fungerte som personleg livvakt for Vidkun Quisling og paradeavdeling for partiet. Han var samansett av 150 handplukka frivillige. Livvakten var ei sjølvstendig eining direkte underlagt føraren og vart leia av sveitførar Per Carlsson (20. april 1942–1. april 1944), Sverre Henschien (1944–1945) og sveitførar Sophus Kahrs (februar–mai 1945).


  • Hirden sitt flykorps (1942–1945) vart stifta i mars 1942 som frivillig hjelpemannskap for det tyske flyvåpenet Luftwaffe. Korpset tilsvarte det tyske Nationalsozialistisches Flieger-Korps og tok sikte på å utdanne flygarar og flygarpersonell.


  • Hirdmarinen (1942–1943) skulle leggje grunnlaget for framtidas norske sjøforsvar.


  • Hirdens Alarmeiningar (HAE) (1943–1945) dreiv vakthald og hjelpte Statspolitiet som ein del av Den væpna makta i riket.


  • Hirdens Bedriftsvern (HBV) (1943–1945) var væpna styrkar som skulle verne industri og statsinstitusjonar mot sabotasje.

Enkelte hirdgrupper var ikkje direkte underlagt Rikshirden:



  • Kvinnehirden var partiets sanitetstropp og service-stab ved store arrangement. Kvinnehirda var eigentleg underlagt NS Kvinneorganisasjon (NSK) og hadde eigen landsleiar.


  • Germanske SS Norge (GSSN) (1941–1945) heite opphavleg Noregs SS og var Quisling sin vaktstyrke, men vart snart underlagt det tyske elitekorpset Allgemeine SS. Forutan GSSN var det også eigne norske avdelingar innanfor det stridande Waffen SS.


  • Småhird, Guttehird, Jentehird (skrive Gjentehirden) og Unghird var barne- og ungdomsorganisasjonar for born frå 10 til 18 år og underlagt NS Ungdomsfylking (NSUF).


Organisasjon |


Hirden var organisert militært med Rikshirden øvst. Hirden hadde elles ein desentralisert struktur med regionale og lokale avdelingar med eigne hirdførarar.


  1. Førar for NS (Vidkun Quisling)

  2. Hirdsjefen og Rikshirdstaben

  3. Hirdfordelinga (Hirddivisjonen)


  4. Regimentet (3 fylkingar)


  5. Fylkingen (2–6 sveiter)


  6. Sveiten (inntil 4 troppar)


  7. Troppen (3 lag)

  8. Laget (10–12 mann)


Regiment |


Rikshirden var delt i sju regiment:


  1. Regiment Viken

  2. Regiment Eidsivating

  3. Regiment Hafrsfjord

  4. Regiment Gulating

  5. Regiment Frostating

  6. Regiment Haalogaland

  7. Regiment Viking


Landshirdsjefar |


Nasjonal Samling sin førar, Vidkun Quisling, var øvste hird-sjef. Elles var følgjande landshirdsjefar:



  • Karl Stenersen - 1934–1. mars 1935


  • Johan Bernhard Hjort - mars 1935–1. januar 1937


  • Orvar Sæther - 1. januar 1937–august 1940


  • Konrad Sundlo - august 1940–1941


  • Oliver Møystad - 12. januar 1942–30. mars 1944


  • Karl Marthinsen - 30. mars 1944–8. februar 1945


  • Henrik Rogstad - 8. februar 1945–9. mai 1945


Uniform |


Frå mai 1933 vart det forbode med politiske uniformer i Noreg, men i april 1940 kravde Quisling dispensasjon frå uniformsforbodet, og då lova vart oppheva same hausten, tok Hirden til å bere uniform og opptredde i slutta formasjonar i nasjonalsosialistisk og militær tradisjon.


Hirduniforma var mørk gråblå, med sylinderforma skuggelue (kepi) og eventuelt ridestøvlar. Armbindet hadde solkross med sverd, som var hirdmerket. Quisling og andre i leiinga nytta ofte hirduniforma i staden for den grøne partiuniforma.



Sjå òg |


  • Hird

  • Nasjonal Samling

  • Germanske SS Noreg

  • Frontkjempar


Bakgrunnsstoff |


  • Norsk krigsleksikon om Hirden

  • Hirdopplæringa under 2. verdskrig (nedlastbart dokument)

  • Unghirdmarinen under 2. verdskrig (nedlastbart dokument)

  • Jentehirda 1940–1945 (nedlastbart dokument)

  • Dom mot Kvinnehirdmedlem

  • Søk i stor bilde- og filmdatabase med søkeordet %hird% i rubrikken «tekstsøk»

  • Norwegian camp guards shocked SS with brutality


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?